Fulham - MANCHESTER UNITED
Premier League
Søndag 13.11.2022 kl. 17.30.
Craven Cottage, London
Innbyrdes
Manchester United: 52
Uavgjort: 20
Fulham: 14
Skader United
Varane og Tuanzebe er ute. Sancho og Antony er usikre.
Suspensjoner United
Dalot.
Premier League
Søndag 13.11.2022 kl. 17.30.
Craven Cottage, London
Innbyrdes
Manchester United: 52
Uavgjort: 20
Fulham: 14
Skader United
Varane og Tuanzebe er ute. Sancho og Antony er usikre.
Suspensjoner United
Dalot.
Siste krafttak
Det er fristande å kopiere @Pink Final sin omtale frå den glimrande kamptråden hans om møtet på Villa Park. Ikkje berre er Craven Cottage blant dei vakraste og mest sjarmerande arenaene i Premier League. Manchester United har hatt eit særdeles godt grep på hyttebuarane frå vest-London heilt sidan krigens dagar. Faktisk har United tapt berre sju av 64(!) oppgjer mot kvittrøyene frå Themsens bredder i alle turneringar sidan 1949. Men, som vi smerteleg erfarte sist helg, er ikkje statistisk overlegenheit synonymt med seier.
Etter éin og ein halv medioker (minus) kamp mot kjeltringane frå villaen, er det altså dei liljekvite frå hytta ved Themsen som no skal til pers. Marco Silva har gjort ein imponerande jobb med Fulham, men United-fansen bør forvente tre poeng om laget skal halde tritt med rivalane i kampen om topp-4 plassering. Vi treng også ein seier for å halde optimismen på topp i den siste kampen før fotballen tek pause i ein månad (iallefall for nokre av oss). Den andre omgangen mot Villa i ligacupen var underhaldande og oppløftande og liknande innsats og kvalitet er eit must søndag ettermiddag. Underteikna kjende seg som ein knisande forelska tenåring etter å ha sett Garnacho sitt fabelaktige innhopp og det skal gode grunnar til for å halde han utanfor laget framover.
Siste krafttak II
Om vi grev litt i arkivet, er det mange oppgjer mot Fulham som hadde fortent nærmare omtale. Kva med Ruud sin debutkamp i ligaen i 2001, då vår kanskje beste målsnik gjennom tidene scora to avgjerande mål? 5-0 seieren på Craven Cottage like før jul i 2011 var vintage United angrepsspel, med ei kanonkule frå Rooney og eit utsøkt hælspark frå Berbatov som rosinene i ei velfylt julepølse. Men eg vil reise tilbake til 1957/58-sesongen og eit dobbeloppgjer i FA-cupen, som vert omtala som nokre av dei mest underhaldande og kjenslerike kampane i FA-cupens historie.
Og ironisk nok skal vi tilbake til Villa Park. Datoen er 22.mars 1958 og Manchester United møter 2.divisjonslaget Fulham i semifinalen av FA-cupen. Unitedlaget er nesten ikkje til å kjenne igjen etter flyulukka utanfor München. Åtte av spelarane på Busby Babes har mista livet og to andre kjem aldri til å spele fotball igjen. Matt Busby ligg fortsatt på sjukehus, og det er assistentens hans, Jimmy Murphy, som leiar laget mot londonarane. Av spelarane på bana er det berre Harry Gregg, Bill Foulkes og Bobby Charlton som er velkjende namn. Resten er enten juniorar, reservelagsspelarar eller innlånte nødløysingar.
Jimmy Hill, som spela på Fulham-laget den dagen og som seinare vart Englands kanskje mest kjende fotballpresentator og pundit, hevda at sjølv om United var desimerte, var dei favorittar pga dei spesielle omstendene. Samhaldet i United-laget var enormt og sympatien med klubben gjorde at "alle" på øyriket ønskte at klubben skulle vinne cupen dette året.
Bobby Charlton gir United leiinga framfor 70 000 tilskodarar på Villa Park, men Fulham snur kampen og går opp til 2-1 ved nemnde Jimmy Hill. Dermed hadde Hill scora i samtlege cuprundar den sesongen. Bobby Charlton utliknar med eit velplassert skot med venstrebeinet og det blir omkamp på Highbury fire dagar seinare.
Laget til Murphy flyt no vidare på bølga av nasjonal sympati og indre driv, men det er smått utruleg at laget held seg gåande med nesten ein heil førsteellevar borte. Ikkje minst samspelet mellom det engelskmennene kallar a makeshift team imponerer. Og i returoppgjeret mot Fulham i nord-London får fotballøya nok eit hakeslepp. United styrtar ut av blokkene og tar leiinga 3-0, etter eitt mål av Shay Brennan og to av Alex Dawson, som har fått sjansen etter at stjerneangriparane Tommy Taylor og Liam Whelan mista livet i flyulukka og Dennis Viollet fortsatt ikkje er klar etter skadene han pådrog seg. Men kampen er ikkje over. Fulham reduserer og på stillinga 4-3 til United står kampen og vippar. Fulham scorar nok eit mål, men det vert vinka for offside. Klippet frå British Pathé gjer ikkje noko eintydig svar på om avgjersla til dommaren var rett, men slutten av kampen vert herleg kaotisk med sjansar begge vegar. Like før slutt løftar Bobby Charlton ballen over Fulham sin gode keeper Tony Macedo og United er i finalen.
https://www.youtube.com/watch?v=3yNOo5_nO5M
Den 3.mai er det endeleg klart for det siste krafttaket, FA-cupfinalen mot Lancashire-nabo Bolton. Matt Busby har gått gjennom fleire månader med rekonvalesens og er tilbake på Wembley for å sjå sine resterande babes i aksjon, men det er den lojale assistenten Jimmy Murphy som leier laget. I ein av dei mest kontroversielle FA-cupfinalane gjennom tidene tar det fysisk tøffe Bolton-laget tidleg leiinga ved si store stjerne Nat Lofthouse. Mot ein annan motstandar kunne nok det tekniske og entusiastiske United-laget ha slått tilbake, men karane frå Burnden Park kjempar dei raude heltane ut av stilen. Det endelege slaget kjem tidleg i andre omgang då Lofthouse regelrett overfell Harry Gregg og ballen hamnar i nettet. For dei som orkar å sjå det siste klippet er det ufatteleg at målet blir godkjent. Harry Gregg blir liggande i mange minutt og resten av laget klarer heller ikkje å reise seg.
https://www.youtube.com/watch?v=LDAKFmU2u1M
Ein umogleg draum er slutt etter eit av dei mest urettferdige punktuma for ein engelsk fotballsesong nokonsinne. Ein sesong som på mange måtar fortsatt definerer Manchester United som klubb. Det fantastiske spelet, det ungdommelege talentet og evnen til å reise seg etter sjølv dei mest knusande tragediene.