Fotballkort

Alt som ikke passer andre steder.
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2600
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13519
Liker mottatt: 8732

3. Gullåra

Tittelen er mynta på den enorme populariteten til sigarettkorta etter den første verdskrigen og definitivt ikkje på Manchester United sin suksess på fotballbana, Då ligafotballen starta opp att i 1919 skulle det snart vise seg at den bekymringsfulle nedgangen og nesten-nedrykket i 1915 ikkje var eit blaff for laget frå Old Trafford. Stjernespissen Sandy Turnbull, som blei utestengt frå all fotball etter kampfiksingsskandalen mot Liverpool, døydde på slagmarka i Frankrike i mai 1917. Levningane hans blei aldri identifiserte og Turnbull er berre éin av nesten 36 000 falne soldatar som vert heidra på Arras-gravlunden i Nord-Frankrike. Turnbull blei frikjend for kampfiksinga i 1919 og ryktet hans blei på mange måtar reinvaska.

Den gamle hærføraren på bana, Billy Meredith, fylte 40 år to dagar etter at den første verdskrigen braut ut. Han var framleis i United i 1919, men rolla hans skulle bli stadig meir perifer. I 1921, då Meredith var 47 år, innvilga United han ein free transfer til Manchester City og den walisiske magikaren heldt det gåande til sommaren 1924, eit par månader før han fylte 50. Faktisk var det berre to av spelarane som spela i den siste kampen mot Aston Villa i 1915 som også var oppførte i lagoppstillinga mot Derby fire år seinare.

I 1922 måtte United ta den tunge vegen ned i Second Division etter ein katastrofal sesong der laget berre vann åtte kampar og der ein hamna på jumboplassen i toppdivisjonen. Dette var den første gongen på 16 år at ein ikkje fekk måle krefter mot dei beste laga i England og i 1924 nådde klubben det foreløpige botnpunktet med ein elendig 14.plass på nest øverste nivå.

Interessa for United og fotball var likevel på topp på øyriket etter krigen. Publikumstala var høge (40 000 tilskodarar på ligakampar var ikkje uvanleg) og optimismen rådde, trass i at nesten ein heil generasjon hadde blitt utradert i krigen sitt meiningslause vanvidd.

Sigarettkorta, som under krigen måtte vike for produsjonen av meir presserande artiklar som patronesker og propagandamateriale, gjorde comeback i 1922, men dei møtte for første gong konkurranse frå anna hald. Om det var p.g.a. mangelen på mannlege sigarettkundar etter nedslaktinga under krigen, skal vere usagt, men på begynnelsen av 20-talet begynte også godteriprodusentar og utgivarar av boys' magazines å legge ved bilete av fotballspelarar for å stimulere salget av produkta sine. Korta var i mange tilfelle fotografi av spelarar, av og til i fargar, med noko informasjon på baksida.

Image
Manchester United, frå magasinet "Pluck", januar 1923.

Desse magasina, som kosta to pence og vart kalla "tuppenny bloods", inneheldt korte illustrerte historier og vart gitt ut i rimeleg svære opplag. Setta med fotballkort var derimot små (ofte i underkant av 20 kort) og desse oppnådde aldri den store populariteten.

Det gjorde derimot dei første seriane med sigarettkort etter krigen og om guteblada hadde vore sparsame med antal kort, slo selskap som londonbaserte Godfrey Phillips verkeleg på stortromma. Fram til 1923 produserte dei ikkje mindre enn 2462 kort av spelarar frå heile ligasystemet. Korta, som går under namnet Pinnace, var nummererte og er den dag i dag ganske ettertrakta, særleg dei høgste nummera. Å komplettere dette settet har blitt noko liknande den heilage gralen innanfor samling av sigarettkort. Eg stoppa å samle då eg hadde 500 kort, for ikkje å fullstendig pulverisere familieøkonomien.

Image
Biletet viser den vesle og spinkle Teddy Partridge, som trass i sin beskjedne kroppsstørrelse var eit aktivum på venstrekansten med si innsatsvilje og raske akselerasjon. Han signerte for United for £10 i 1920 og hadde ei vekeløn på pene £7 pluss bonusar. Teddy stoppa på 160 kampar og 18 mål for klubben vår.

Ein annan spelar som fortener å bli presentert litt nøyare er den elegante og finspelande halfbacken Clarence 'Lal' Hilditch, som representerte United frå 1919 til 1932. Sjølv om han fekk 332 kampar for United, skal 'Lal' ha vore ein eksepsjonelt fairspelande type. Alf Clarke i Manchester Evening News hevda å aldri ha sett at Hilditich fekk eit frispark mot seg, noko ein ikkje akkurat kan seie om nokon av dei andre spelarane vi kjem til om litt. 'Lal' var også kjent for å vere ein gentleman utanfor bana og han fungerte attpåtil som manager for United i 1926/27-sesongen, då manager John Chapman var suspendert av FA.

Image
Eit anna sett med fotografiliknande kort kom ut i 1925 og blei utgjeve av Lacey's tobacco company. Settet inneheldt to kort med United-spelarar: den knallharde fullbacken Jack Silcock og kapteinen Frank Barson.

Image

Silcock, som voks opp i ein gruvelandsby nær Wigan, skal etter sigande ha fått eit lass med kol i hovudet då han arbeidde i ei gruve under krigen. Han trena samtidig med United og stilte opp på trening allereie laurdagen etter, trass i sterke advarslar. Det vert også sagt at han ikkje unngjekk ein einaste hovudduell denne laurdagen... Silcock er rekna som éin av dei viktigaste United-spelarane i mellomkrigstida, og han enda til slutt opp med 449 kampar for United og tre landskampar for England.

Image
Frank Barson dukka også opp i Ogden sitt flotte sett med kort frå 1926, kalla "Captains of Association Football Clubs and Colours" frå 1926. Barson, som var smed av yrke, er kanskje det næraste ein kjem Nemanja Vidic i United-historien. Han var ein svær stoppar med knekt nase og som ikkje gjekk av vegen for å måke ned motstandarane i kampen om ballen. Han var ein strålande kaptein og inspirator, men samtidig blei han utvist eit dusin gonger i løpet av karrieren, noko som var relativt uvanleg på den tida. I semifinalen i FA-cupen mot City i 1926 skal den godaste Barson ha gått så hardt inn i ein duell mot City-stoppar Sam Cowan at sistnemnde blei svimeslått. Barson hjelpte United tilbake til førstedivisjonen i 1925 og forlot portane på Old Trafford i 1928, 37 år gammal. Svært sjeldan hadde ein United-kaptein fått liknande hyllest som Barson då han forlet klubben.

Eg må også stoppe litt opp ved den nemnde semifinalen mot City, fordi Gallaher's gav ut to eksepsjonelt vakre kort frå akkurat denne kampen i serien "Footballers in Action" frå 1928.
Image Image United tapte kampen 3-0 på Bramall Lane, men dei vidunderlege korta lever evig.

På midten av 20-talet gjorde ein ny trend seg gjeldande: karikaturkorta. Tobakksprodusenten John Player and Sons gav ut to sett, eitt i 1926 teikna av R.P. Hill ("RIP") og eitt i 1927 teikna av Douglas Machin ("MAC"). Dei to setta inneheldt både fotballspelarar og rugbyspelarar, noko som ikkje var uvanleg ettersom dei to sportane var mykje tettare samanknytte før enn det dei er no. Dette kortet er frå "MAC"-settet og viser storscoraren og publikumsfavoritten Joe Spence, som stoppa på 510 kampar og 168 mål for United.
Image
John Player's låg ikkje på latsida og i 1928 publiserte dei eit nytt teikna sett, denne gongen utan karikaturar. United-spelaren i dette settet var Frank Mann, halfbacken som blei signert som 32-åring frå det kommande topplaget Huddersfield for den ublu prisen £1750! Mann viste seg likevel som ein solid investering og la ikkje støvlane på hylla før han var i 40-åra.
Image
Den første verdsmeisterskapen i fotball blei arrangert i Uruguay i 1930, men England deltok ikkje før i Brasil i 1950, truleg fordi dei ikkje ville nedverdige seg til å måle krefter mot "mindreverdige nasjonar". Dermed vart det heller ikkje produserte VM-kort på øyriket på 1930-talet. Tobakksprodusentane fokuserte heller på heimlege spelarar og turneringar og dette settet, igjen utgjeve av John Player, frå 1930, viser eit utval av tidlegare vinnarar av FA-cupen. Det berømte United-laget til Ernest Mangnall er sjølvsagt med i settet.
Image
Som vi ser, var det mange karakterar og glimrande spelarar på United på 20-talet. Likevel gjekk det nedover med laget kort etter det berømte opprykket i 1925, som kaptein Barson visstnok fekk ein pub i gåve for å ha leia klubben til. I 1931 måtte Manchester United på nytt ta turen ned éin divisjon med den smått vanvittige målforskjellen 53-115! Som om ikkje det var nok, var klubben i store økonomiske vanskar. Om ikkje James Gibson hadde komme inn og redda klubben økonomisk, kan ein berre tenke med gru på kva resultatet kunna ha blitt.

På 1930-talet blei det produsert enorme mengder sigarettkort, noko som gjer at det er lett å skaffe seg originalkort for ein billeg penge sjølv den dag i dag. På grunn av United sine beskjedne bedrifter på bana, vart det ikkje trykte altfor mange kort av våre menn, men dei som finst er flotte. Carreras gav ut eit par dekorative sett midt på 30-talet, med blant andre Ernie Hine og William McKay.

Image Image
Det finaste kortet frå denne perioden er likevel kortet av George Mutch, frå serien til Wills frå 1935.

Image
Mot slutten av 30-talet var det Churchman's som sto for dei mest populære sigarettkorta, gjennom ulike seriar av typen "Association Footballers". Korta var i svart-kvitt og hadde kanskje ikkje den same appellen som dei tidlegare fargerike utgivelsane. Det mest fascinerande med korta var nok den store mengden informasjon som blei pressa inn på baksida og sigarettkorta kan på mange måtar sjåast på som små oppslagsverk like mykje som samlarobjekt.
Image Image
Utbrotet av den andre verdskrigen i 1939 markerte også slutten for sigarettkorta. Akkurat som 25 år tidlegare måtte det etterkvart verdifulle papiret brukast på langt meir prosaisk og "nyttig" vis enn på "verdilause" bilete av fotballspelarar og andre motiv. Men til forskjell frå ved forrige krigsavbrot, klarte ikkje sigarettkorta å finne tilbake til populariteten blant befolkninga. I staden vart ein vitne til framveksten av eit nytt fenomen: det moderne fotballkortet. Og dét vert tema for neste avsnitt.
post liked by: Pink Final, Belfastboy, Rød Pølse, alfen74
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7628
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 27404
Liker mottatt: 17899

Tusen takk @Pancho P.
Dette er høy kvalitet 👏.
Lærerikt om fotballkort fra en svunnen tid.
Helt nytt for meg det meste av dette.
Fantastiske de korta fra semifinalen 1926 v Man City.

Frank Barson er en legende, har lest at han var en mester i å heade med bakhodet.
Ca 5 mål per sesong med bakhodet.
post liked by: Belfastboy, Pancho P, Rød Pølse
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
Post Reply