[PL] Crystal Palace - Manchester United

Manchester Uniteds kamper diskuteres her.
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2518
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12977
Liker mottatt: 8255

CRYSTAL PALACE vs MANCHESTER UNITED
Premier League
Søndag 22.05.2022 kl. 17.00
Selhurst Park


Innbyrdes:
Manchester United: 39
Uavgjorte: 12
Crystal Palace: 9

Fem siste
PL 2021: Manchester United 1 - 0 Crystal Palace
PL 2021: Crystal Palace 0 - 0 Manchester United
PL 2020: Manchester United 1 - 3 Crystal Palace
PL 2020: Crystal Palace 0 - 2 Manchester United
PL 2019: Manchester United 1 - 2 Crystal Palace


Skader United
Paul Pogba (leggskade)
Marcus Rashford (usikker)
Eric Bailly (usikker)
Luke Shaw (usikker)
Jadon Sancho (usikker)




Den siste dansen
Det er noko vemodig med avskjedar. Søndagens kamp på Selhurst Park følest nesten som eit avslutningsball. Etter denne kvelden veit du at du ikkje kjem til å sjå ein del folk på ei god stund. Nokre gruar du deg til å ta farvel med, mens andre veit du at du ikkje kjem til å sakne eit sekund. Matic pussar skoa sine for sin siste kraftfulle kolo. Cavani gjer seg klar for sin siste temperamentfulle tango, mens Pogba kan ha dansa sin siste can can for oss. Mata ladar opp til sin siste fyrrige flamenco, mens JLingz finpussar sine siste Mancunian moves. Så gjenstår det å sjå om CR7 utset den frekke finalefandangoen til neste år. Det vi veit, er at Ralfen sjølv kjem til å wienervalse seg inn i den østerrikske landslagsjobben. Vi får håpe at det blir meir grasiøst enn Palace-manager Pardew sine famøse dansetrinn i FA-cupfinalen mot United i 2016.

Om ørner og verdas største undulat
Eg kan allereie no røpe at resten av tråden vil ha eit visst ornitologisk preg, så dei av dykk med ornitofobi kan likegodt slutte å lese her...
Dei fleste veit nok at kallenamnet til Crystal Palace er 'the Eagles'. Mellom 2010 og 2020 hadde ørna Kayla jobben som klubben sin maskot og før kvar omgang flaug ho frå den eine enden av stadion til den andre. Då ho blei hjartesjuk etter ti års teneste, samla Palace-fansen inn over 35 000 kroner for å redde den staselege fuglen - til ingen nytte. Ho døydde av hjarteinfarkt etter å ha blitt diagnostisert med urinsyregikt. Alderdommen kjem til oss alle, sjølv den stoltaste rovfuglen.

Like interessant er det kanskje at fram til 1973 hadde Palace eit anna kallenamn: The Glaziers (glasmeistrane). Der United-fansen har prøvd å kvitte seg med Glazers i årevis, viste Palace kor lett det kunne gjerast å kaste Glaziers på dør for snart 50 år sidan, med ein ørliten merkevareoppdatering. @Pink Final har nemnt dette og ikkje minst bygginga og flyttinga av det originale Crystal Palace i eit glimrande innlegg tidlegare. Likevel føler eg at eg må få på plass ein monark eller to også i denne kamptråden, så vi skrur klokka tilbake til 1850.

Franz Albert August Karl Emmanuel von Sachsen-Coburg-Gotha ('Albert' blant venner) hadde fått ein plan. Og det trengde han. Som dronning Victoria sin ektemann strevde han med å vinne engelskmennene sin gunst. Ikkje berre var han keitete i offisielle samanhengar. Han stilte med eit solid handicap frå fødselen av: han var tysk. Og ikkje berre tysk - han kom frå det vesle hertugdømmet Sachsen-Coburg-Gotha, som kunne få sjølv Liechtenstein til å føle seg som ei stormakt. Misnøyen med prinsgemalen gjekk så langt at det unge ekteparet blei utsett for attentat to gongar. I våre dagar ville nok Prins Albert ha vore rekna som ein særs oppegåande fyr. Han kjempa for å avskaffe slaveriet i tillegg til å betre arbeidtilhøva og levevilkåra til industriarbeidarane og dei fattige på øyriket. I tillegg var han president for The Society of Arts, som arbeidde for å fremje vitenskap, kultur og kunst. Det var denne rolla som snudde opinionen sitt syn på den tyske prinsgemalen.

The Society of Arts (og særleg prins Albert og Henry Cole) var sentrale i arbeidet med å lage til den store verdsutstillinga i London i 1851, der Crystal Palace fungerte som hovudattraksjon og utstillingslokale. Den enorme glasbygningen i Hyde Park vart ein enorm suksess med over seks millionar besøkande, men etter at utstillinga var over, vart Krystallpalasset flytta til Sydenham Hill i Sør-London, som visstnok var kjent som ein ypperleg driteplass for duer og andre byfuglar. Vi kan berre ha sympati med vindusvaskaren i glaspalasset...

Som med dei fleste historier, enda også forteljinga om Albert og glaspalasset hans med tragedie. Albert sjølv døydde i 1861, berre 42 år gammal. Victoria tok dødsfallet hans så tungt at ho gjekk med svarte sørgeklede resten av livet. The Crystal Palace blei øydelagt av brann i 1936. Berre dei to store vasstårna blei ståande, men desse måtte sprengast i 1941, då dei fungerte som utmerkte siktepunkt for tyske bombefly. Skjebnens ironi kan vere grusom.

Når vi nemner Crystal Palace, kunne vi ha skrive mange spaltemeter om idrettsarenaen Crystal Palace, som husa titals FA-cupfinalar før Wembley blei bygd. Vi kunne også ha lagt ut om ein av mine første heltar Steve Coppell, som måtte legge opp tidleg p.g.a. skader og som blei ein glimrande manager for Palace. Vi burde sikkert også ha gjentatt Crystal Palace sine gode handlingar, som at dei var med på å finansiere glasmaleria av Duncan Edwards i St. Francis-kyrkja i Dudley eller at dei samla inn store pengesummar for å hjelpe kona til Hartlepool-manager Graeme Lee med kreftbehandlinga hennar. Fotballen kan vere ein nådelaus og fiendtleg arena, noko Lee sjølv merka då han fekk sparken for nokre veker sidan, men klubbar som Crystal Palace viser at solidaritet og eit godhjarta sinnelag også har ein plass i toppidretten.

For å avslutte den siste kamptråden i år vil eg nemne ein karakter som dessverre ikkje har fått den statusen og populariteten som han fortener.
John Burridge spela for Crystal Palace på slutten av 70-talet og han var totalt innom 29(!) ulike klubbar før han hanskane på hylla i ein alder av 46. Han har også rekorden som den eldste spelaren som har vore på bana i Premier League (han var 43 år då han sto i mål for Manchester City). Grunnen til at eg tar med 'Budgie' (undulaten) er imidlertid eit bilete som har brent seg fast i minnet mitt frå då han stilte med Superman-drakt i ein ligakamp tidleg på 80-talet.
Image
Sjekk gjerne ut den mildt sagt ukonvensjonelle oppvarminga til 'Budgie'. Det er eit under at han ikkje vart skada før kampen begynte.

Og om du skulle trenge éin grunn til for å bli glad i Crystal Palace... I give you The Crystals! Image
Last edited by Pancho P on 15 May 2022, 23:32, edited 1 time in total.
post liked by: Pangaea, Blodfink, Pink Final, Belfastboy, RedTrafford
It's Squeaky Bum Time!

Deleted User 595

Framifrå, interessant lesning, og ikke minst sårt tiltrengt humor, @Pancho P! Snakk om å slå på stortromma i sesongens siste matchpresentasjon 👏

Historien om Budgie var ikke kjent for meg!
Det fanget virkelig interessen ved keeperhjertet mitt. Det Supermann-stuntet er smått utrolig at ikke er mer kjent. 🤣 Skulle tro det var reguleringer og regler ang. spillertrøyer som ville satt en kjedelig stopper for dette, selv på det glade 80-tall! Heldigvis ikke!
post liked by: Pancho P, Blodfink, Pink Final, Belfastboy
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2518
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12977
Liker mottatt: 8255

Takk for det, @GBailey. Eg ser for meg de Gea eller Henderson med Budgie som keepertrenar 😂😂😂 https://www.youtube.com/watch?v=BRulE9858eE
post liked by: Pangaea, Blodfink, Belfastboy, Pink Final
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pangaea
Posts: 2677
Joined: 07 Jul 2020, 03:51
Liker gitt: 3806
Liker mottatt: 4790

Heftig! Minte meg litt om Maradonas legendariske oppvarming. For en spiller! :love:


:down: Dette ble for automatisk redigert inn i posten for å hindre dobbel post.
Dette kommer ikke til å skje, særlig ettersom vi fort blir avhengige av å vinne kampen for å sikre EL-spill, men jeg skulle gjerne sett et lag omtrent som det her:

DDG
Fernandez - Varane - Lindelöf - Jurado
Fred - Mejbri
Garnacho - Bruno - Elanga
Ronaldo

På benken: bl.a. McNeill og Shoretire. Lingard er IKKE der.
post liked by: Pancho P, Blodfink, Pink Final
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7393
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26240
Liker mottatt: 16755

Gleder meg alltid til dine kamptråder @Pancho P.
Du innfrir denne gang også, det er krystall klart.
Mye god info fortalt med snert og humor 👏
Herlig hvordan du presenterer Albert for oss.
‘Albert’ blant venner fikk sitt første minnesmerke hvor?
I Manchester selvfølgelig 😄.
En statue på det som fikk navnet Albert Square, og hvor United har feiret så mange triumfer (og City har vel også et par tre).
Albert Square i London er etter Mancunian inspirasjon.
Finnes mange minnesmerker om ham rundt om.

John Burridge, for en legende.
Visste ikke det om supermann drakta - fantastisk påfunn.
Han veddet visstnok £100 med Kevin Keegan den gang.
Keegan var i Newcastle, motstander’n til Wolves leste jeg meg opp på.
Sesongens høyeste publikum, 22500 kom for å se Budgie.
Du nevnte at han spilte for Man City som 43 åring i PL.
Han ble hentet inn som nødløsning, mens han var keeper trener i Newcastle.
Ironisk nok skadet Tony Coton seg mot nettopp Newcastle, og Budgie steppet inn mot sin egen arbeidsgiver!
Og reddet visstnok 3-4 store sjanser skapt av gjestene på Maine Road.

Var nok ikke tilfeldig at Budgie spilte i lavere divisjoner til han var nesten 50.
Selv om han stilte i supermann drakt, satt på tverrligger, slo hjul, og turnet under match var han svært seriøs.
Langt forut for sin tid hva både kosthold og oppvarming angår, der borte på den herlige balløya.

I min supportertid har United opplevd både skuffelser, dramatikk og store gleder hos Crystal Palace.
Høsten 1980, da United ikke hadde vært å se snurten av på tippekamp på 10 måneder tapte vi 0-1 her.
Mot jumbo Palace, fryktelig skuffende.
Og samtidig så fascinerende å få se laget mitt spille 📺
Bailey, Nicholl, Coppell, Macari - plakatene som hang på rommet - her beveget de seg og spilte fotball på Tv - fantastisk.
Vi var ikke så kravstore den gang 😄
2-0 i 1993, samtidig som Aston Villa røk 0-3 i Blackburn, We gonna win the league.
Der og da var det i praksis avgjort - endelig, endelig ligamester!
Eric Cantona og Richard Shaw i 1995, med påfølgende sjikane fra Matt Simmons og kung fu spark fra Eric Daniel Pierre Cantona.
Kongen blant venner 😊

På lørdag har vi EL plassen å kjempe om.
Jeg forventer at gutta trår til, nå må det gå an å vise litt innsats.
Håper forresten Aaron Wan-Bissaka får spille på sin tidligere hjemme bane.
Han har skuffet, men det er noe med den gutten jeg føler en godhet for.
Gjerne Azza og Fernandez på hver sin back.
Og gjerne Garnacho på laget også.
Upopulær mening jeg serverer nå, men vil se Lingard på som innbytter.
(‘Hat’ av egne spillere er ikke for meg 😇)
post liked by: Belfastboy, Pancho P
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2518
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12977
Liker mottatt: 8255

Takk for fine ord og herleg tilleggsinfo, @Pink Final! Har aldri kobla prins Albert med Albert Square i Manchester, noko som er smått pinleg... Som barn av 80-talet kjenner eg mest til Queen Vic og Albert Square frå EastEnders, noko som er kanskje endå meir pinleg😬😅

Mange gode og nokre dårlege minne frå møta med Palace, men eg har ein soft spot for klubben. Trur det begynte med draktene med tversoverpåskråstripe på slutten av 70-talet. Både Selhurst Park og supportarane er herleg old school entusiastiske og klubben har mange gode verdiar.

Eg ser gjerne at Wan Bissaka får starte mot gamleklubben og eg håpar også at Lingard får nokre minutt til å seie farvel til bortefansen. Eg føler ikkje at Manchester United skuldar JLingz noko, men i ein slik kamp er det unødvendig å la han sitte på benken i 90 minutt. Dessutan hadde det vore ok med eit ungdommeleg preg på United i den siste kampen til spelarutviklaren Rangnick.
Last edited by Pancho P on 16 May 2022, 17:22, edited 1 time in total.
post liked by: Pink Final
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

messilingard
Moderator
Posts: 4326
Joined: 10 Aug 2018, 14:32
Liker gitt: 2715
Liker mottatt: 8987

Pancho P wrote:16 May 2022, 15:46 Dessutan hadde det vore ok med eit ungdommeleg preg på United i den siste kampen til spelarutviklaren Rangnick.
Jepp, det evig unge storttalentet på 29 år kalt JLingz tar sikkert opp noe spilletid. For min egen del så håper jeg vi ser noen som Mejbri, Shoretire eller Garnacho.
post liked by: Pangaea
LoveUnitedHateGlazers

Deleted User 595

Tviler det blir noen unggutter så lenge vi helst bør vinne for å unngå Conference League. Kanskje om vi leder 3-0 og det er 10 minutt igjen.

Har for lengst forsont meg med at det blir først neste sesong vi får se litt mer av diverse talenter. Enten i vår tropp, eller på utlån.

Har sett flere argumentere for at det er lurt å ikke hive unggutta utpå i en så giftig atmosfære, der det i tillegg er vanskelig å prestere. Er nok litt enig der. Har aldri klandret Rangnick for dette, i en så ekstraordinær situasjon. Ville sikkert gjort det samme selv, om det var så prekært som det tilsynelatende er og har vært. Det blir fort bedre og mindre risikabelt å slippe unggutta til i en harmonisk tropp, som og fungerer.
Last edited by Deleted User 595 on 16 May 2022, 16:54, edited 1 time in total.
post liked by: Pink Final, Pangaea
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2518
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12977
Liker mottatt: 8255

@messilingard Eg rekna ikkje Lingard som ein del av ungdomskvoten eg gjerne skulle ha sett😅 Med mindre han har oppført seg som ein veritabel fjaseboll i det siste, ser eg ikkje nokon grunn til at han ikkje skulle få seg nokre minutt på søndag. Om det blir Europa League eller Conference League til neste sesong er revnande likegyldig for min del.
post liked by: Pink Final, messilingard
It's Squeaky Bum Time!

Deleted User 402

Herlige kamptråder på dette forumet.
For meg kommer Selhurst Park og Crystal Palace alltid til å handle mest om Cantona i 95. For et kaos under og etter kamp. En smule aggressiv stemning for å si det forsiktig:-)
post liked by: Pink Final, Pancho P, Pangaea

Deleted User 595

Jan Anders wrote: 16 May 2022, 16:19 Herlige kamptråder på dette forumet.
For meg kommer Selhurst Park og Crystal Palace alltid til å handle mest om Cantona i 95. For et kaos under og etter kamp. En smule aggressiv stemning for å si det forsiktig:-)
Var du der? Det er jo smått historisk 😲👍 Skriv gjerne mer om den dagen om du noengang har lyst.
post liked by: Pink Final, Pancho P

Deleted User 402

@GBailey Ja, jeg var der. Skal se om jeg får tid til å skrible ned noen minner hvis det er ønskelig:-)
post liked by: Pink Final, Pangaea, Pancho P
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7393
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26240
Liker mottatt: 16755

Leser gjerne om dine kampopplevelser fra den tiden @Jan Anders.
Er super interessant spør du meg 😊
post liked by: Pancho P
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Pangaea
Posts: 2677
Joined: 07 Jul 2020, 03:51
Liker gitt: 3806
Liker mottatt: 4790

Jeg har vel allerede lagt hodet på blokka, men jeg ønsker ikke å se Lingard spille for United igjen. Han har sluttet å spille for oss, for laget, for lenge siden uansett, nå er han som Mourinho og alt handler om han selv. Jeg blir kvalm av slikt, omtrent som klubben skylder ham noe? "Do one" som de sier der borte. Siden han er så dypt forelsket i West Ham, kan han få sitte på tribunen i West Ham drakt. Jeg er ferdig med fyren. Håper Rangnick er det også.

Nå er det på tide å se framover, ikke bakover.
post liked by: messilingard, RedTrafford

Deleted User 480

Takk for en herlig og svært lesverdig kamptråd @Pancho P ! Masse nice birds i denne fortellingen. 😁 Lærerikt om Albert også. Her passer vel kjært barn har mange navn godt. Åtte faktisk! Litt av en type og artig karakter denne "Budgie". Takk for (fugle-) dansen!

I utgangspunktet tenker jeg også at det er litt hip som hap med EL eller Conference. Den lille fordelen med EL er at vi har en sjans på CL selv om vi havner utenom topp fire.
post liked by: Pancho P, Pink Final
Post Reply