MANCHESTER UNITED vs Brentford
Premier League
Måndag 02.05.2022 kl. 21.00
Old Trafford
Innbyrdes
7-2-5
Liga 5-2-4
FA-cup 1-0-1
Ligacup 1-0-0
Siste fem
2012 PL Brentford - United 1-3
1975 LC United - Brentford 2-1
1947 1div Brentford - United 0-0
1946 1div United - Brentford 4-1
1939 1div United - Brentford 3-0
Skader United
Paul Pogba (leggskade). Har truleg spela sin siste kamp for klubben.
Luke Shaw (fjerning av boltar i foten). Truleg ferdig for sesongen.
Jadon Sancho (betennelse i mandlane). Usikker returdato.
Edinson Cavani (jetlag?). Usikker returdato.
Fred. Usikker.
Harry Maguire (kne). Usikker.
Aaron Wan-Bissaka. Usikker.
Float Like a Butterfly, Sting Like a Bee
Eg veit ikkje om det er slik kampropet til Brentford er, men den vesle fjørvektsklubben frå Vest-London har verkeleg tatt steget opp i tungvektsklassen dei siste åra. Under den danske gymlæraren (dette er ikkje meint nedsettande - danske gymlærarar har visstnok høgare status enn norske...) Thomas Frank si kyndige leiing, har biene frå Hounslow påført etablerte eliteklubbar betydelege stikk. Premier League-statusen er så godt som sikra og dei har berre ære å spele for, men ære skal ein ikkje kimse av.
Kva med måndagens vertsskap? Forrige besøk frå Vest-London var så seint som på torsdag, då Thomas Tuchel sitt pensjonistlag tok turistbussen til Old Trafford. Vi får håpe at bisvermen til herr Frank ikkje vil påføre såra og vonbrotne United-spelarar ytterlegare skade. Underteikna håpar alltid på å sjå ungdommen i aksjon, men Ralfen har nok andre planar.
No for tida er Brenford ein kjekk stad å vere for skandinavar, og då særleg danskar. I tillegg til nemnde Thomas Frank, er heile ni(!) av spelarane i troppen frå det vesle, yndige landet sørom fjorden. Den mest kjende av desse er Christian Eriksen, som har funne tilbake til storforma etter lang tid ute av spel. Kong Christian er imidlertid ikkje den første danske kongen som både har gjort seg bemerka i Brentford og som har lagt England for sine føter.
Året er 1013. 14 år gamle Knud er på veg i eitt av nærmare 200 krigsskip, saman med faren sin, kong Svein Tjugeskjegg. Observante lesarar vil hugse denne danske plyndrarkongen frå kamptråden om Norwich. Danske og norske vikingar har plyndra England i nærare 20 år og dei har tømt riket til den engelske kongen Æthelred "den rådville" for enorme pengesummar, samt at dei har øydelagt byar og terrorisert lokalbefolkninga. No er derimot plyndringa av det engelske riket ikkje nok for vikingkongen Svein. Han har nemleg planar om å bekjempe Æthelred, innta London og sette seg sjølv inn som konge av England. Det har allereie vorte arrangert eit ekteskap mellom unge Knud og ei nordengelsk adelskvinne, for å konsolidere makta til dei nye makthavarane.
Den svake kong Æthelred innser at slaget er tapt og flyktar over kanalen. No ligg alt til rette for at danskane skal erobre England utan særleg motstand. Men som vi veit, er karma ein hund av kvinneleg persuasjon. Ein dag Svein er ute på ridetur, snublar plutseleg hesten og Svein blir kasta av. Han døyr seinare av skadene, men han rekk å utpeike Knud til etterfølgaren sin. Knud er no midt i tenåra og skal fungere som leiar for den mektige dansk-norske hæren. Det kan ikkje gå bra.
Om det er mangel på autoritet eller klokskap som er utslagsgivande, skal ikkje vere sagt, men vikingane vert jaga på flukt med halen mellom beina. Sjølv liket etter Svein Tjugeskjegg lyt dei legge att, og vi kan berre tenke oss korleis liket blei skjenda av rasande engelskmenn som hadde oppleve plyndring og vold i ein heil generasjon. Det einaste Knud fekk med seg var ein gjeng med unge engelske adelsmenn, som blei tatt til fange og frakta bort på skipet, truleg som lukrative gislar. Då det vart klart at engelskmennene ikkje hadde til hensikt å betale løysepengar for adelsmennene, og at dei dermed ikkje var til nytte for han, sette han dei i land på sørkysten av England. Før dei vende kursen heimover mot Danmark, skar Knud og mennene hans av hendene, nasene og øyrene til dei unge adelsmennene, som vart krøplingar for livet.
Året etter samlar Knud troppane sine og går til angrep på England på nytt. Dei omringar London og møter engelskmennene blant anna i slaget ved Brentford, som allereie då var ein viktig vadestad ved Themsen. Dei engelske troppane under den nye kongen, Edmund Ironside, kjempar hardt, men må til slutt gje opp. Knud blir krona til konge over eit samla England i 1017 og blir sittande ved trona fram til sin død i 1035. Knud er den dag i dag rekna som ein av dei viktigaste kongane i England i overgangen frå vikingtid til middelalderen, og han er blant engelskmenn kjent som Canute the Great.
Ein vis mann sa eingong: "If you're good enough, you're old enough". Dette sitatet heng visstnok også på veggen i heimelaget sin garderobe på Old Trafford. Knud var midt i tenåra då han tok over vikinghæren etter far sin. Eg trur ikkje Garnacho, Mejbri, O'Neill og Shoretire vil ta skade av nokre minutt på bana mot Brentford.