[PL] Manchester United - Brentford

Manchester Uniteds kamper diskuteres her.
Post Reply
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2567
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13329
Liker mottatt: 8515

MANCHESTER UNITED vs Brentford
Premier League
Måndag 02.05.2022 kl. 21.00
Old Trafford


Innbyrdes
7-2-5
Liga 5-2-4
FA-cup 1-0-1
Ligacup 1-0-0

Siste fem
2012 PL Brentford - United 1-3
1975 LC United - Brentford 2-1
1947 1div Brentford - United 0-0
1946 1div United - Brentford 4-1
1939 1div United - Brentford 3-0


Skader United
Paul Pogba (leggskade). Har truleg spela sin siste kamp for klubben.
Luke Shaw (fjerning av boltar i foten). Truleg ferdig for sesongen.
Jadon Sancho (betennelse i mandlane). Usikker returdato.
Edinson Cavani (jetlag?). Usikker returdato.
Fred. Usikker.
Harry Maguire (kne). Usikker.
Aaron Wan-Bissaka. Usikker.


Float Like a Butterfly, Sting Like a Bee
Eg veit ikkje om det er slik kampropet til Brentford er, men den vesle fjørvektsklubben frå Vest-London har verkeleg tatt steget opp i tungvektsklassen dei siste åra. Under den danske gymlæraren (dette er ikkje meint nedsettande - danske gymlærarar har visstnok høgare status enn norske...) Thomas Frank si kyndige leiing, har biene frå Hounslow påført etablerte eliteklubbar betydelege stikk. Premier League-statusen er så godt som sikra og dei har berre ære å spele for, men ære skal ein ikkje kimse av.

Kva med måndagens vertsskap? Forrige besøk frå Vest-London var så seint som på torsdag, då Thomas Tuchel sitt pensjonistlag tok turistbussen til Old Trafford. Vi får håpe at bisvermen til herr Frank ikkje vil påføre såra og vonbrotne United-spelarar ytterlegare skade. Underteikna håpar alltid på å sjå ungdommen i aksjon, men Ralfen har nok andre planar.

No for tida er Brenford ein kjekk stad å vere for skandinavar, og då særleg danskar. I tillegg til nemnde Thomas Frank, er heile ni(!) av spelarane i troppen frå det vesle, yndige landet sørom fjorden. Den mest kjende av desse er Christian Eriksen, som har funne tilbake til storforma etter lang tid ute av spel. Kong Christian er imidlertid ikkje den første danske kongen som både har gjort seg bemerka i Brentford og som har lagt England for sine føter.

Året er 1013. 14 år gamle Knud er på veg i eitt av nærmare 200 krigsskip, saman med faren sin, kong Svein Tjugeskjegg. Observante lesarar vil hugse denne danske plyndrarkongen frå kamptråden om Norwich. Danske og norske vikingar har plyndra England i nærare 20 år og dei har tømt riket til den engelske kongen Æthelred "den rådville" for enorme pengesummar, samt at dei har øydelagt byar og terrorisert lokalbefolkninga. No er derimot plyndringa av det engelske riket ikkje nok for vikingkongen Svein. Han har nemleg planar om å bekjempe Æthelred, innta London og sette seg sjølv inn som konge av England. Det har allereie vorte arrangert eit ekteskap mellom unge Knud og ei nordengelsk adelskvinne, for å konsolidere makta til dei nye makthavarane.

Den svake kong Æthelred innser at slaget er tapt og flyktar over kanalen. No ligg alt til rette for at danskane skal erobre England utan særleg motstand. Men som vi veit, er karma ein hund av kvinneleg persuasjon. Ein dag Svein er ute på ridetur, snublar plutseleg hesten og Svein blir kasta av. Han døyr seinare av skadene, men han rekk å utpeike Knud til etterfølgaren sin. Knud er no midt i tenåra og skal fungere som leiar for den mektige dansk-norske hæren. Det kan ikkje gå bra.

Om det er mangel på autoritet eller klokskap som er utslagsgivande, skal ikkje vere sagt, men vikingane vert jaga på flukt med halen mellom beina. Sjølv liket etter Svein Tjugeskjegg lyt dei legge att, og vi kan berre tenke oss korleis liket blei skjenda av rasande engelskmenn som hadde oppleve plyndring og vold i ein heil generasjon. Det einaste Knud fekk med seg var ein gjeng med unge engelske adelsmenn, som blei tatt til fange og frakta bort på skipet, truleg som lukrative gislar. Då det vart klart at engelskmennene ikkje hadde til hensikt å betale løysepengar for adelsmennene, og at dei dermed ikkje var til nytte for han, sette han dei i land på sørkysten av England. Før dei vende kursen heimover mot Danmark, skar Knud og mennene hans av hendene, nasene og øyrene til dei unge adelsmennene, som vart krøplingar for livet.

Året etter samlar Knud troppane sine og går til angrep på England på nytt. Dei omringar London og møter engelskmennene blant anna i slaget ved Brentford, som allereie då var ein viktig vadestad ved Themsen. Dei engelske troppane under den nye kongen, Edmund Ironside, kjempar hardt, men må til slutt gje opp. Knud blir krona til konge over eit samla England i 1017 og blir sittande ved trona fram til sin død i 1035. Knud er den dag i dag rekna som ein av dei viktigaste kongane i England i overgangen frå vikingtid til middelalderen, og han er blant engelskmenn kjent som Canute the Great.

Ein vis mann sa eingong: "If you're good enough, you're old enough". Dette sitatet heng visstnok også på veggen i heimelaget sin garderobe på Old Trafford. Knud var midt i tenåra då han tok over vikinghæren etter far sin. Eg trur ikkje Garnacho, Mejbri, O'Neill og Shoretire vil ta skade av nokre minutt på bana mot Brentford.
post liked by: Belfastboy, RaoulDuke, Pink Final, Buchan, Pangaea, Ryder, Pwint, njha
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Belfastboy
Donor
Posts: 1880
Joined: 16 Dec 2019, 17:22
Liker gitt: 13097
Liker mottatt: 5013

Pancho P wrote:29 Apr 2022, 21:59 Edinson Cavani (jetlag?). Usikker returdato.
Kinkig "skade" dette :D

Og jeg må også legge til at jeg liker veldig godt historieleksjonene - nå om Svein Tjugeskjegg og sønnen Knud.
Helt topp!
post liked by: Pancho P, Pink Final, Buchan, Pwint
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2567
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13329
Liker mottatt: 8515

Takk for det, @Belfastboy! Eg var kanskje stygg mot stakkars Edinson, men ein kan begynne å lure🙄
post liked by: Belfastboy, Buchan, Pwint
It's Squeaky Bum Time!

Deleted User 480

Helt fabelaktig kamptråd @Pancho P ! Både humret og var storøyd av spenning underveis her! 😁😲👍

Helter faller, dessverre, av og til. Jeg var egentlig stor fan av Cavani. Innsats, en av våre beste press-spillere og fine mål. I tillegg hans "tribute" til urbefolkning i mål-feiringen. -Men, så gadd han ikke mer. Eller fikk jetleg, ja. ( 😄 ).

Imponerende rekke med fem siste. 1939 faktisk! Var debykampen til Ronaldo, så vidt jeg husker. 🤔

Takk også for historielære og tilbakeblikk til Viking-tida. 👍
post liked by: Pancho P, Pink Final, Buchan, Pwint
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2567
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13329
Liker mottatt: 8515

Takk for fine ord, @Canto. Trur ikkje Ronaldo spela før krigen, men eg har tatt feil før😅 Kan også nemne at Brentford var det beste laget i London ein kort periode rundt den andre verdenskrigen. Dei slo også Manchester United heile fem gongar på 30-talet.

Elles kan eg anbefale Tore Skeie si magnifikke bok 'Hvitekrist' om nokon har lyst til å lære meir om perioden rundt år 1000. Den gode herr Skeie er blant dei beste forfattarane i Norge, etter mitt syn.
post liked by: Pink Final, Buchan
It's Squeaky Bum Time!

Deleted User 480

Takk for anbefaling @Pancho P. 👍

De hadde en påfallende høy seiersprosent mot oss. Mye av det tilbake i tid, ja.

-Neida. Sikkert jeg som husker feil ang. Ronaldo. Var nok i '46 !
post liked by: Pancho P, Pink Final, Buchan
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7529
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26875
Liker mottatt: 17382

Glimrende lektyre du serverer @Pancho P.
Koser meg med å lese dette.
Og å anvende unge Knud den mektiges prestasjoner på våre akademispillere var en uventet men kjærkommen avslutning 👏.
Apropos våre egenproduserte og koblingen med Brentford.
Glassmaleriet av Duncan Edwards i St. Francis, Dudley er velkjent.
Det ble donert penger for at maleriet kunne lages.
Den lokale bowling klubben donerte penger.
Og to liga klubber.
Hvilke?
Crystal Palace og Brentford.
Takk til begge klubber ❤️.
Begge klubbers emblem er øverst på glass maleriene.
Usikker på hvilke, for det er flere malerier enn de to av Edwards.
Det kom fire donasjoner - fra Manchester United, bowlingklubben Wren’s Nest ❤️ og de to London klubbene 👏.
Legg merke til emblemet til Wren’s Nest på bildet av Edwards i United drakt.
Matt Busby sto for avdukingen av maleriet 27 august 1961. Image Image
post liked by: Buchan, Pangaea
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2567
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13329
Liker mottatt: 8515

Takk for det, @Pink Final og takk for infoen om Brentford sin donasjon av pengar til glasmåleriet i Dudley. Det er noko umåteleg vakkert med desse måleria og eg får ein klump i halsen kvar gong eg ser dei. Eg kan vel legge til at Crystal Palace har ei lang historie med gode gjerningar (noko vi har vore inne på i ulike samanhengar), men vi får komme tilbake til det i kamptråden om Palace.

Eg vil ikkje rippe altfor mykje opp i gårsdagens hendingar her på forumet, men eg synest det er trist når akademiet vert snakka ned. Den dagen United stiller med ein kamptropp med 18 innkjøpte stjernespelarar, vil noko svært viktig vere øydelagt for min del. Om vi hadde lidd same skjebne som Newcastle, hadde eg slutta å følge laget aktivt. Eg innser at sportsleg suksess vert ein mindre og mindre viktig faktor for min eigen del. Klart det er trasig å tape fotballkampar, men det verste for tida er å sjå mangel på samhald, innsats og stoltheit blant United-spelarane. At United-fansen er så splitta er heller ikkje noko stas. Skal få høyrt på podcasten som du, Pink, og @Harry Greaves har skrive om. Kjenner det kan vere medisinen som skal til akkurat no😁

Til slutt har eg gått og grubla på kven som har gått direkte frå Brentford til United. Endeleg kom eg på det: Stewart Houston😅 Kanskje det er fleire?
post liked by: Buchan, Pink Final
It's Squeaky Bum Time!

Deleted User 480

Fikk lyst til å reise en tur til Dudley! Se både statue og glassmaleri. Takk for info om Edwards/Brentford og malerier, @Pink Final.

Jeg bruker også en hver anledning til å snakke opp akademiet. Synes også det er helt essensielt.
post liked by: Pancho P, Pink Final, Pangaea
User avatar

Pangaea
Posts: 2714
Joined: 07 Jul 2020, 03:51
Liker gitt: 3863
Liker mottatt: 4931

Helt enestående kamptråd @Pancho P! Klarer ikke helt å se at forumet gikk åt skogen når du ble aktiv her :joy: Må også si jeg lo godt av "skaden" til Cavani.

Får håpe vi beholder statistikken med å ikke ha tapt mot denne gjengen på over 80 år :P
post liked by: Pink Final, Pancho P
User avatar

Pwint
Donor
Posts: 2809
Joined: 16 Oct 2021, 09:39
Liker gitt: 12959
Liker mottatt: 8319

Sitter på bishop blaize etter en shoppingrunde på megastore. Noen flere som er her denne helgen? Satser på Ronaldo hat trick på mandag :D
post liked by: Pangaea, Pink Final, Pancho P
“I don’t play against a particular team. I play against the idea of losing.”
— Eric Cantona
User avatar

Pangaea
Posts: 2714
Joined: 07 Jul 2020, 03:51
Liker gitt: 3863
Liker mottatt: 4931

Nyt turen og kampen @Pwint. Antar du ikke blir stående utenfor stadion til det 17. minutt? ;) :D
post liked by: Pwint, Pink Final, Pancho P
User avatar

Pwint
Donor
Posts: 2809
Joined: 16 Oct 2021, 09:39
Liker gitt: 12959
Liker mottatt: 8319

Pangaea wrote: 30 Apr 2022, 15:21 Nyt turen og kampen @Pwint. Antar du ikke blir stående utenfor stadion til det 17. minutt? ;) :D
Lite fare for det ja. 😁
post liked by: Pangaea
“I don’t play against a particular team. I play against the idea of losing.”
— Eric Cantona

Deleted User 595

@Pwint: Ha en flott tur! Krysser fingrene for at vi spiller sesongens beste kamp, og at du får full uttelling for penga 😄
post liked by: Pink Final, Pwint, Pangaea, Pancho P
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7529
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26875
Liker mottatt: 17382

Kos deg @Pwint.
Hvis du har anledning, gi gjerne en stemningsrapport.
Fra Blaize/Old Trafford mandag/Market Street/industrial museum/Football museum/Manchester textile museum/et vanninghull 🍺eller annet Manc vennlig du gjør som er verdt å beskrive her 🔴⚪️⚫️
post liked by: Pwint, Pangaea, Pancho P
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
Post Reply