[PL] Manchester United - Norwich City

Manchester Uniteds kamper diskuteres her.
Post Reply
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2580
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13383
Liker mottatt: 8589

MANCHESTER UNITED vs NORWICH CITY
Premier League
Lørdag 16.04.2022 kl. 16.00
Old Trafford


Totalt: 41-15-17
Liga: 37-12-12
FA-cup: 3-0-3
Ligacup: 1-1-2


Dei fem siste
2021 PL Norwich - United: 0-1
2020 FA Norwich - United 1-2
2020 PL United - Norwich 4-0
2019 PL Norwich - United 1-3
2016 PL Norwich - United 0-1


Skader United
Edinson Cavani - ute til starten av mai
Luke Shaw - tilbake i slutten av april?
Scott McTominay - usikker
Raphaël Varane - usikker


Green and Gold
Gjestfriheit er noko underteikna set stor pris på. Ingenting er så hyggeleg som når nokon tar seg bryet med å gjere opphaldet ditt litt ekstra heimekoseleg og å få deg til å føle deg velkommen. Akkurat denne kjensla vil Norwich-spelarane og supportarane deira kjenne spesielt godt på laurdag. Ikkje berre er United-laget ualminneleg gavmildt for tida, men det er heller ikkje usannsynleg at store delar av Old Trafford vil vere pynta i grønt og gult. Iallefall frå og med det 17. minuttet...

Når det gjeld det sportslege, er det ikkje særleg håp om triumfferd i den raude delen av Manchester. Rett nok var Jesus på hugget for dei lyseblå naboane våre på Palmesøndag, men vegen til oppstode verkar lang for våre disiplar. Men ein veit aldri i påska. Større under har skjedd før, også i påska.

Hummar og kanari
Dette kunne ha vore signaturretten til Delia Smith, England sitt svar på Ingrid Espelid Hovig. Saman med ektemannen Michael Wynn-Jones eig ho fotballklubben Norwich City, ein klubb dei eminente herrane Stephen Fry og Kasper Wikestad også har eit nært og kjært forhold til. The Canaries si ligahistorie passar også ganske bra til overskrifta, med fleire opprykk og nedrykk enn dei fleste. Men først litt historiske viderverdigheiter.

Norwich (eller Northwic - Nordgarden) vart grunnlagt så tidleg som i år 43 evt. og fekk bystatus allereie i 1094 (Manchester fekk først bystatus i 1853). Byen i Norfolk er med det blant dei eldste byane i England og middelalderarkitekturen i bykjernen er nesten intakt. Dei to mest kjende bygningane i Norwich er Norwich Cathedral og Norwich Castle. Sistnemnde bygg er også representert i øvre venstre hjørne på emblemet til Norwich City. Image Norwich blei, i likheit med svært mange andre engelske byar tidleg på 1000-talet, raida av skandinaviske vikingar, særleg den makt- og pengesjuke danekongen Svein Tjugeskjegg. Sjansen er også stor for at Olav Haraldsson spredde frykt og elendigheit i East Anglia i sine før-heilage dagar.

Eg begynte kamptråden med gjestfriheit, og Norwich er kjende for å ta godt vare på folk som besøker byen, enten dei er turistar, studentar, handelsmenn eller kongelege. I 1578 skulle Elizabeth I besøke Norwich, som då var den viktigaste byen i landet, etter London. Lizzie var den største superstjerna på øyriket på den tida og folk gjekk mann av huse for å rydde opp i byen og gjere klart til det nesten guddommelege besøket. Husdyra blei jaga ut av gatene, ekstrement og søppel blei fjerna frå sentrum og dei tok seg til og med bryet med å fjerne avkappa hovud og andre kroppsdelar som hadde blitt hengt frå bymurane til skrekk og advarsel for omreisande kjeltringar og tjuvraddar. I tillegg framskaffa dei gjestmilde bybuarane underhaldning og lekre rettar for dronningar og følget hennar, heilt til opphaldet var over. Ved eitt høve skal jomfrudronninga ein kveld ha kommentert at det ville ha vore fint med ein hagemur utanfor eitt av godsa ho besøkte. Neste morgon vakna Elizabeth med utsikt til ein svær mur utanfor soveromsvindauget... Både byen og innbyggarane sette seg i botnlaus gjeld for å gjere dronninga til lags, og som takk for strevet braut det ut pest som tok livet av ein tredjedel av innbyggarane.

Handelsmenn og handverkarar frå kontinentet fann også vegen til den største byen i East Anglia. Pga religiøs forfølging flykta dei over kanalen frå det som i dag er Nederland og Belgia. Med seg på turen tok dei ei mengde av bur med kanarifuglar, som var svært populære som kjæledyr lenger sør i Europa. Dermed fekk innbyggarane i Norwich kallenamnet the Canaries.. Om det same skjedde i Lillestrøm er noko meir usikkert...


And now - football
For dei av oss som vaks opp med engelsk fotball på 70- og 80-talet, høyrer Norwich City naturleg heime i toppdivisjonen. Likevel spela the Canaries for første gong i toppdivisjonen så seint som i 1972. Før den tid var Norwich kjende som eit cuplag, noko Manchester United skulle få smerteleg erfare i FA-cupen i 1959. Det dåverande 3.divisjonslaget slo storfavorittane frå Old Trafford 3-0 heime på Carrow Road og kom heilt til semifinalen, der dei tapte mot Luton i omkampen. I 1962 vann The Canaries sitt første trofé, då dei vann ligacupen som 2. divisjonslag.

Utover på 70-talet kom Norwich til fleire cupfinalar på Wembley, blant anna under John Bond, som forlot Carrow Road til fordel for Manchester City i 1980. Ein spelar som gjekk andre vegen var Åge Hareide, som blei utlant frå Manchester City til Norwich, og som i 1982-83-sesongen var med på å redde kanarifuglane frå nedrykk, på bekostning av the Citizens.. Eg vil sterkt anbefale @Pink Final si gjenfortelling av denne dramatikken i litteraturtråden.
Image I 1984-85-sesongen sto Norwich for bragden å vinne ligacupen, samtidig som dei rykte ned til 2. divisjon. Uansett kvalifiserte dei seg for UEFA-cupen, men fekk ikkje delta pga tragedien på Heysel. Dei gjekk også glipp av eit par andre deltakingar i europeiske turneringar seinare på 80-talet pga utestenginga av engelske klubbar. Då Norwich endeleg fekk delta i europacupen i 1993, gjorde dei det med brask og bram ved å slå ut Bayern München og dei vann som første engelske lag på Olympiastadion. Sesongen i forvegen, den første i Premier League, hadde dei kjempa med Aston Villa og Manchester United om ligagullet til nokre få ligarundar gjensto. Dei endte til slutt på tredjeplass, med negativ målforskjell, blant anna etter eit 7-1 tap mot Blackburn på Ewood Park. Ligagullet hamna på rett plass denne sesongen, for første gong sidan 1967, sjølv om ex-Red Mark Robins gjorde sitt ytterste for å forpurre planane til sin gamle arbeidsgivar.

Manchester United har forøvrig importert godt frå laget i søraust. Både Steve Bruce og Mike Phelan blei henta frå Norwich og har tent oss svært godt - førstnemnde som forsvarsbauta og kaptein i dei tidlege Premier League-dagane, og sistnemnde som spelar, trenar og assistent.


Etter mange sesongar med opprykk og nedrykk kjempar Norwich City igjen med nebb og klør for å unngå å ta den tunge vegen ned éin divisjon, men vi får håpe at United sine gavmilde dagar er over.
post liked by: Pink Final, Belfastboy, pixma, Pangaea, RedTrafford
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7600
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 27219
Liker mottatt: 17749

Ypperlig kamptråd og build up @Pancho P.
Her lærte jeg mye på morgenkvisten 👍😊.
Jomfrudronninga’s besøk var artig lesning.
De har det med å knytte royale bånd i Norfolk.
Både Kong Olav V og Lady Diana ble født der.
Og den andre Elisabeth, den nåværende monark har også bånd dit, gjennom Sandringham.
Norwich, en gammel by.
Og i sin tid Englands nest viktigste lærer vi i kamptråden 👏.
De har mer historie i Norwich enn jeg var klar over.
Manchester har vel overtatt den rollen for lengst.
Om da ikke Manchester er den viktigste byen 😉
Kunne bare Manchester United følge opp 🙏
Enig med deg hva gjestfrihet angår, men håper United ikke er altfor gavmilde lørdag ettermiddag.
Jeg savner at vi tar litt mer for oss.
Særlig i angrepet, skulle gjerne sett litt bevegelse i garnet som kler kanari buret.
Apropos kanari, så tror jeg du har rett i at den historiske linken til navnet er sterkere i Norfolk enn på Romerike 😄.

Ellers blir det spennende å se hva aksjon 17 fører til.
Både på kort og lengre sikt.
post liked by: Pancho P, Belfastboy
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2580
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13383
Liker mottatt: 8589

Takk for det, @Pink Final. Fotballmessig er Manchester heilt klart den viktigaste byen på øyriket, men eg trur kanskje "The Big Smoke" fortsatt vil hevde at dei er rosinen i den engelske pølsa.

Elles er det litt rart å vere meir spent på protestar mot eigarskapet enn det som skal skje på bana. Men slik har det dessverre blitt med vår kjære klubb.
post liked by: Pink Final, Belfastboy, Pangaea
It's Squeaky Bum Time!

Deleted User 108

Hvis De Gea spiller, som han sannsynligvis gjør, passerer han Roy Keane i spilte kamper for Manchester United og overtar 12.plassen på den statistikken. Vil ha bare 10 mann framom seg når sesongen er ferdig. Legende🔴
post liked by: Pink Final, Belfastboy, Pwint, Pancho P
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7600
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 27219
Liker mottatt: 17749

Stor legende @Mcilroy.
Veldig nær førsteplassen på tidenes United keeper på lista mi.
Flere sesonger enn både Schmeichel og van der Sar.
Og har vel vært vår beste spiller i 5,6,7 sesonger.
post liked by: Belfastboy, Pancho P
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Belfastboy
Donor
Posts: 1905
Joined: 16 Dec 2019, 17:22
Liker gitt: 13362
Liker mottatt: 5122

Fantastisk kamptråd, @Pancho P.
Setter veldig pris på litt historie i tillegg til det fotballmessige.

Min første kamp på Old Trafford var mot nettopp Norwich før jul i 1993.
Og det var toppkamp. Norwich lå høyt oppe og hadde et bra lag den tida.
Kampen endte 2-2, som var et rettferdig resultat.
Giggs førte United opp i ledelsen i det 30. minutt, men bare 1 minutt senere utlignet Chris Sutton. Brian McClair sørget for United-ledelse i det 41. minutt. Rett etter pause fikk Norwich straffe som Ruel Fox scoret sikkert på.

Det jeg husker godt fra kampen var noe som skjedde rett bak meg på tribunen.
På raden bak satt en gutt på 8-10 år mellom sine foreldre. Og de var engasjerte og ropte ustanselig.
I 2. omgang var det en Norwich spiller som lå nede rett nedenfor der vi satt, og det gikk jo ikke upåaktet hen. Plutselig hører jeg en tynn stemme fra raden bak: "Stand up again you p***y!
Foreldrene foretok seg ingenting, de var nok vant med det og dessuten var de ikke spesielt fine i språkbruken selv!
post liked by: Pink Final, Pancho P, RedTrafford
User avatar

Pangaea
Posts: 2742
Joined: 07 Jul 2020, 03:51
Liker gitt: 3925
Liker mottatt: 5046

Pancho P wrote:12 Apr 2022, 09:52 Elles er det litt rart å vere meir spent på protestar mot eigarskapet enn det som skal skje på bana. Men slik har det dessverre blitt med vår kjære klubb.
Ettersom sesongen i realiteten er over, blir dette det mest interessante for min del også. Håper mange deltar og at det kan bli en "greie" ut resten av sesongen. Og at det går fredelig for seg. Hadde ikke hørt om denne gruppen før (The 1958), men jeg håper intensjonen er fredelig og vokal protest, i stedet for et slags skalkeskjul for vold. Så er det selvsagt mulig at noen vil utøve vold av et eller annet slag uansett, enten av de som genuint er fra gruppen eller noen som ønsker å ødelegge for dem. Slikt er vanlig. Men jeg håper det blir fredelig og det blir et "riktig" fokus i media og blant fans av hele opplegget, og at kanskje kan vokse den siste måneden av sesongen.

En liten kuriositet: For en del år siden så det ut som en fugl dreit i kjeften til Ashley Young. Håper ikke det skjer mot United her.
post liked by: Pancho P, Belfastboy, Pink Final
User avatar

RedTrafford
Donor
Posts: 3938
Joined: 13 Mar 2021, 16:00
Liker gitt: 17199
Liker mottatt: 10997

Hadde Uniteds lag levert like godt som kamptråden din @Pancho P, så kunne man jo gledet seg til kampen til lørdag :D
post liked by: Pancho P, Belfastboy, Pink Final
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2580
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13383
Liker mottatt: 8589

Takk for gode ord! Måtte le i skjegget av historia di frå Old Trafford, @Belfastboy😂 Minner meg om ei oppleving på Camp Nou for ein del år sidan. Eg sat framfor ein mann i 40-åra som var svært så indignert over dommaren. Ved sida av seg hadde han sonen, som kunne vere rundt 10 år gammal. I over éin omgang spreidde faren om seg med edder og galle, i tillegg til det obligatoriske solsikkeskalla. Sonen var heilt tyst. Eit lite stykke ut i 2. omgang var det ei dommaravgjerd som opprørte heile stadion. Faren var så oppgitt at han sank ned i setet. Då kom det eit gutturalt hyl frå junior: "Eyyyyyyyyy, BURRRRRROOOOO!!!!!" Fotball uten kjensler er ikkje fotball🤣🤣🤣
post liked by: Pangaea, Belfastboy, Pink Final
It's Squeaky Bum Time!

Deleted User 480

Kjempeflott kamptråd @Pancho P ! 😀👍 Helt enig i at dette var interessant og lærerikt - både grundig samfunnshistorie og fotball-historie. Artig, levende og underfundig fortalt. Du kunne godt vært historieforteller på fulltid! Det kan det jo hende du er også, for alt jeg vet. Professor Pancho. 🤓

I disse tider er det greit å ha noe annet å tenke på ved siden av fotballen. En historie-leksjon tar jeg gjerne med meg!

Når paven skulle besøke Trondheim var det kritikk til kostnadene. Paven skulle bare suse forbi bygg i en gate, likevel skulle det ryddes og males fasader for en liten formue. Ca. 500 år tidligere ryddet man altså vekk avkappede hoder i Norwich! 😏

Når det gjelder kampen er jeg egentlig der at jeg håper på sånn ca. 70 % rekrutter med engasjement. Vi har vel i realiteten ikke noe spesielt å spille for denne sesongen. Det er vel kanskje på tide å sette et eksempel med å benke alle som spiller for halv maskin - og det er dessverre ganske mange for tiden.
post liked by: Pangaea, Pancho P, Pink Final, Belfastboy
User avatar

Pangaea
Posts: 2742
Joined: 07 Jul 2020, 03:51
Liker gitt: 3925
Liker mottatt: 5046

Kjipt de fikk pest der da. Hadde det noe å gjøre med hodene og kroppene de tok ned? Neppe veldig hygienisk vil jeg tro.
post liked by: Pancho P, Pink Final
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2580
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13383
Liker mottatt: 8589

Takk for det, @Canto! Det blei faktisk spekulert i om det var Elizabeth sitt følge som hadde tatt med seg smitten frå det skitne og sjukdomsherja London. Dronninga reiste på turné rundt i landet minst éin gong per år, og éin av dei viktigaste grunnane til reiseaktiviteten var å komme seg bort frå smitten i hovudstaden. Minner litt om hyttefolket som ville reise til fjells då Coviden herja som verst...
post liked by: Pangaea, Pink Final, Belfastboy
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7600
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 27219
Liker mottatt: 17749

Canto wrote: 12 Apr 2022, 23:16 Kjempeflott kamptråd @Pancho P ! 😀👍 Helt enig i at dette var interessant og lærerikt - både grundig samfunnshistorie og fotball-historie. Artig, levende og underfundig fortalt. Du kunne godt vært historieforteller på fulltid! Det kan det jo hende du er også, for alt jeg vet. Professor Pancho. 🤓

I disse tider er det greit å ha noe annet å tenke på ved siden av fotballen. En historie-leksjon tar jeg gjerne med meg!

Når det gjelder kampen er jeg egentlig der at jeg håper på sånn ca. 70 % rekrutter med engasjement. Vi har vel i realiteten ikke noe spesielt å spille for denne sesongen. Det er vel kanskje på tide å sette et eksempel med å benke alle som spiller for halv maskin - og det er dessverre ganske mange for tiden.
Enig med deg @Canto.
Du evner å levendegjøre og forteller med stil @Pancho P.
Håper også å få se noen av våre akademispillere, i det minste på benken.
Kan Kobbie Mainoo rekke å debutere 3 dager før han fyller 17 år?
Det hadde vært moro.

Når vi møter Norwich og snakker om egen utviklede spillere.
Vår yngste kaptein i match noensinne er evigunge Norman Whiteside.
6 november 1985 var han kaptein mot nettopp Norwich.
I Football League Super cup, bare 20 år gammel.
Super cupen ?
Ja det var en cup arrangert som erstatning for de europeiske cupene i England i 1985/86.
Etter opptøyene med det tragiske utfallet på Heysel ble alle engelske klubber utestengt fra de tre europacupene.
Manchester United skulle spilt Cupvinnercup, og Norwich City skulle spilt Uefa cup.
De vant jo ligacupen i 1985, som ga billett til Uefa cupen.
De måtte finne på noe som erstatning.
FA eller var det The Football League?
En av de to organisasjonene laget Super cupen.
De seks klubbene som skulle deltatt i E-cup ble delt i to puljer à tre lag.
Hjemme og bortematch.
United, Norwich og Everton i den ene, Soton, Spurs og Liverpool i den andre.
Cupen ble ingen suksess.
Verken klubbene eller fansen tok den til seg.
Det var aldri samme glamour og forventning som til E-cupen.
Tilskuerantall på 7-20,000 for de andre fem klubbene bekreftet det.
United trakk som alltid mest.
Men selv på Old Trafford kom det kun 34,000 mot Everton, og bare 20,130 mot Norwich.
Den kvelden Stormin’ Norman var kaptein.
Uniteds laveste tall på 24 år.
Allikevel, ikke under 20,000.
Hvilket United var alene om i hele Europa på 1970 tallet og fram til 1985!
Selv de italienske og spanske gigantene trakk under 20,000 på cupmatcher.
Barca feks hadde under 20,000 selv i Europa cupen.
Fotball hadde ikke samme status da som nå.
Som stolt United fan passet jeg på å sende inn den fakta opplysningen til Liverpool supporterklubb den gang.
For de trakk jo under 20,000 til sine cupmatcher i hver eneste av de tidlige rundene, hvert eneste år på tidlig 1980 tall.
Både i Ligacupen og i Europacupen 😅🤣
Så etter den Super cup matchen mot Norwich, tenkte jeg at et brev til Liverpools supporterklubb var på sin plass 😄.
Kom vel på trykk i supporterbladet deres også den fakta opplysningen 😆.
Cupen fikk forresten ingen sponsor før i finalen.
Da ble den kalt Screen Sport Super cup.

United super cup match mot Norwich med Whiteside som kæpt’n ble forøvrig spilt på dagen ett år før en viss skotsk manager ble ansatt ❤️
post liked by: Belfastboy, Pangaea
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2580
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13383
Liker mottatt: 8589

Pink Final wrote: 14 Apr 2022, 06:56
Enig med deg @Canto.
Du evner å levendegjøre og forteller med stil @Pancho P.
Takk, takk @Pink Final, men eg synest eg er i godt selskap 😉☺️

Flott info om den ikkje altfor supre Super cupen! Den hadde faktisk gått i gløymeboka for min del. Eg veit om Everton-supportarar som fortsatt er forbanna for at dei ikkje fekk spele i Serievinnarcupen det året.

Elles håpar eg du held fram med å sende brev til supportarklubben til skausarane. Dei treng å bli jekka ned litt no...
post liked by: Pink Final, Belfastboy
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

messilingard
Moderator
Posts: 4428
Joined: 10 Aug 2018, 14:32
Liker gitt: 2857
Liker mottatt: 9421

Pink Final wrote:14 Apr 2022, 06:56 Kan Kobbie Mainoo rekke å debutere 3 dager før han fyller 17 år?
Det hadde vært moro.
Det tviler jeg sterkt på, han befinner seg i statene for å spille MLS Generation Cup med U17 laget. De spilte i natt 8dels finale mot LA Galaxy og er videre til kvartfinale der.

Men ja jeg er enig, jeg håper absolutt vi får flere spillere fra akademiet til å være med nå mot slutten av sesongen. Jeg ser heller Mejbri enn Pogba for å si det slik. Shoretire, Alvaro Fernandez, Garnacho og McNeill er andre jeg også håper får minutter før sesongen er over.
post liked by: Pancho P, Pink Final, Pangaea
LoveUnitedHateGlazers
Post Reply