MANCHESTER UNITED vs LEICESTER CITY
Premier League
Lørdag 02.04.2022 kl. 18.30.
Old Trafford
Innbyrdes:
Manchester United: 68
Leicester City: 36
Uavgjort: 30
Liga: 63-30-34
FA-cup: 2-0-1
Ligacup: 2-0-1
Charity Shield: 1-0-0
Fem siste
2021: PL Leicester - United 4-2
2021: PL United - Leicester 1-2
2021: FA Leicester - United 3-1
2020: PL Leicester - United 2-2
2020: PL Leicester - United 0-2
Skader United
Edinson Cavani (leggskade?). Svært usikker.
Premier League
Lørdag 02.04.2022 kl. 18.30.
Old Trafford
Innbyrdes:
Manchester United: 68
Leicester City: 36
Uavgjort: 30
Liga: 63-30-34
FA-cup: 2-0-1
Ligacup: 2-0-1
Charity Shield: 1-0-0
Fem siste
2021: PL Leicester - United 4-2
2021: PL United - Leicester 1-2
2021: FA Leicester - United 3-1
2020: PL Leicester - United 2-2
2020: PL Leicester - United 0-2
Skader United
Edinson Cavani (leggskade?). Svært usikker.
Den (ikkje fullt så) store revejakta
Manchester United mot Leicester! Ni rundar før serieslutt! Kven av desse laga får Champions League-plass neste sesong?!?
Slik burde innleiinga til denne kamptråden ha vore. Det har iallefall vore slik dei siste sesongane. I den rekordlange covid-sesongen 2019/20 vann vi i den siste seriekampen 2-0 på King Power Stadium (kven kan vel gløyme Messi Lingard sitt herlege mål åtte minutt på overtid?!) og henviste blårevane til Europaligaen. Forrige sesong tapte vi 2-1 heime mot Brendan Rodgers sine menn i mai, men det var ikkje nox for The Foxes, som igjen måtte ta til takke med den forsmedelege 5.plassen.
I år blir det nok 'humble pie' til begge lag på banketten etter serieslutt. Leicester ligg i øyeblikket på ein svært skuffande 10. plass, etter ein sesong med mange skader og ein god del turbulens. Den elles så lavmælte menneskevennen Rodgers gjekk endåtil ut i media og sette spørsmålsteikn ved mange av spelarane sin karakterstyrke og vinnarvilje. Om ein skal tru på rapportane, kan denne karakteristikken også gjelde for enkelte av spelarane i United-garderoben...
Kva som er sant og ikkje skal ein skarve kamptrådforfattar ikkje spekulere i. Ein del av jobbeskrivelsen vår går ut på å bygge opp stemninga til kamp, motivere medsupportarane og spre positivitet og optimisme. Her må eg dessverre melde pass. Personleg ventar eg mest på at sesongen skal ta slutt. Ny manager, nye idéar, nye spelarar og nytt håp om at vi skal nærme oss den unemnelege duoen på toppen av tabellen.
Moooooot normalt
Som ein kan sjå av statistikken, har Leicester tradisjonelt vore eit lag Manchester United har hatt eit godt tak på. Likevel har trenden etter den nemnde 2-0-triumfen i juli 2020 gitt grunn til bekymring. To tap i ligaen, eitt i FA-cupen og eit unødvendig poengtap på Boxing Day i 2020 er ikkje lystig lesing.
Om ein kikkar i historiebøkene (og dét bør ein gjere rett som det er), hadde Leicester Fosse eit relativt godt tak på Newton Heath. Etter namneskiftet til Manchester United, svinga nåla derimot sterkt tilbake i "rett" favør. Mellom 1903 og 1908 vann United åtte strake ligaoppgjer desse laga imellom. Den skotske driblefanten Jock Peddie scora 10 (!) mål på fire oppgjer mot revane og blei nok ikkje æresgjest i den delen av Midlands.
I 1919 var det laget frå Leicester sin tur til å skifte ham. Leicester Fosse hadde måtte kapitulere etter økonomiske problem etter den første verdskrigen. Leicester, som hadde fått tilbake bystatusen sin i 1919, etter å ha mista den 800 år tidlegare, trengde eit nytt lag og dermed såg Leicester City dagens lys. Klubben hadde blanda suksess både før og etter den andre verdskrigen, men møtte Manchester United i finalen av FA-cupen i 1963. Matt Busby sine menn vann 3-1 på Wembley og kunne juble for den første pokalen etter München-ulukka drøye fem år tidlegare. Revane vann for øvrig sitt første trofé sesongen etter, då dei vann ligacupfinalen mot Stoke.
Bortsett frå eit par ligacupgull og nokre sterke ligaplasseringar under Martin O'Neill på slutten av 90-talet, har Leicester ikkje laga dei store overskriftene fram til den thailandske businessmannen Vichay Srivaddhanaprabha kjøpte klubben i 2010. Under Vichay sitt umåteleg populære eigarskap vann revane sitt første og einaste ligagull i 2015/16-sesongen, men dessverre omkom den folkekjære eigaren i eit helikopterkrasj utanfor King Power Stadium i oktober 2018. Uansett har Leicester etablert seg på den øverste delen av Premier League-tabellen, men denne sesongen har dei for første gong på lenge møtt verkeleg motgang. Dersom United har hatt ein katastrofesesong, kan ein berre tenke seg korleis Leicester-supportarane kjenner seg etter denne sesongen.