[CL] Atlético de Madrid - Manchester United

Manchester Uniteds kamper diskuteres her.
Post Reply
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2579
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13378
Liker mottatt: 8586

ATLÉTICO MADRID vs MANCHESTER UNITED
Champions League, 1/8-delsfinale
Onsdag 23.02.2022 kl. 21.00
Estadio Metropolitano (Wanda Metropolitano)


Innbyrdes
Manchester United: 0
Uavgjort: 1
Atlético de Madrid: 1

Skader United
Eric Bailly og Edinson Cavani er usikre


Vi er klare for eit nytt europeisk eventyr og denne gongen er det Atlético de Madrid som forhåpentlegvis skal få unngjelde. United-maskineriet har for alvor fått opp dampen og stemninga i troppen bør vere på topp etter søndagens triumf i 'The Battle of Elland Road'. Atlético har vore gjennom ein tung periode og ligg for øyeblikket på ein skuffande 5.plass i Primera división. I år har Atlético framstått som langt mindre trygge defensivt i tillegg til at dei har verka å ha vore mindre tru mot sitt eige system. Forma deira i det siste har vore svak, men dei slo til med ein sterk 3-0-seier borte mot Osasuna i helga. United har berre møtt Atlético ved to høve tidlegare, i Cupvinnarcupen i 1991. Dei raude djevlane våre tapte ufortent 3-0 i Madrid og klarte berre 1-1 heime på Old Trafford. Dermed vart det ein tidleg exit for våre menn berre månader etter at vi vann den same cupen i Rotterdam. Manchester United har etterkvart begynt å gjere det betre mot spansk motstand (eg har med vilje fortrengt finalen i Europa League) og kva ville ha vore betre enn ein triumf mot Simeone i den relativt nye storstova Wanda Metropolitano, aust i den spanske hovudstaden? David Beckham hadde nok glist godt i skjegget...

Men først litt historie, som seg hør og bør.


Frå Athletic til Atlético

Sjølv om fotballen kom til Spania allereie seint på 1880-talet, var det i Baskarland at den nye sporten for alvor fekk fotfeste på slutten av århundret. Det var som vanleg britiske sjømenn og hamnearbeidarar som tok med seg fotballen på skipet og gjorde den populær i nye land. I 1898 såg Athletic Club dagens lys i den baskiske byen Bilbao og snart dukka andre klubbar opp som paddehattar både i Baskarland og fleire andre regionar av Spania.

Den første fotballturneringa i Spania var truleg Copa de la Coronación, ei uoffisiell vennskapsturnering som gjekk av stabelen i 1902. Som det framgår av namnet, vart denne cupen stelt i stand til ære for den vordande kongen, Alfonso XIII, som blei myndig og klar til å overta trona 17. mai dette året. Fire lag deltok: Madrid Foot-ball Club (seinare Real Madrid), Foot-ball Club Barcelona, New Foot-ball Club (blei oppløyst året etter) og ikkje minst Club Vizcaya. Club Vizcaya besto av spelarar frå Athletic Club og andre baskiske klubbar og desse feia all motstand av bana og vann turneringa etter tre strake sigrar og 16-4 i målforskjell.

Oppmuntra av suksessen bestemte baskiske studentar i Madrid seg for å grunnlegge si eiga grein av Athletic Club. Denne nye klubben, Athletic Club (Sucursal de Madrid) fungerte i starten som ei ungdomsavdeling av moderklubben og ikkje som ein eigen uavhengig klubb. Dette skapte snart problem for dei madrillenske baskarane, som ikkje fekk delta i den offisielle spanske cupturneringa p.g.a. statusen som ungdomsavdeling for ein allereie eksisterande klubb. I 1907 braut madridavdelinga med Athletic Club og registrerte seg som sjølvstendig klubb: Athletic Club de Madrid. .

I starten spela dei to søsterklubbane i dei same blå og kvite draktene, sterkt inspirerte av Blackburn Rovers sine drakter. På ein tur til England i 1911 for å kjøpe inn nye draktsett til begge laga, møtte innkjøpssjefen i den baskiske klubben på store problem. Alle Blackburn-draktene var utselde og det ville ta lang tid å skaffe nye. Den stakkars baskaren hadde ikkje noko val. Han måtte ha med seg drakter tilbake til heimlandet og det rimeleg kjapt. Løysinga vart dermed å kjøpe nokre sett med tilgjengelege drakter. Tilfeldigheitene ville ha det til at det på dette tidspunktet fanst mange Southampton-drakter på lager. Dermed blei det raude og kvite drakter både på begge Athletic-laga. For å skape ein skilnad, heldt madridklubben på dei blå "blackburnbuksene", mens bilbaolaget gjekk over til å spele med svarte shortsar, slik som Southampton. Draktskiftet gjekk ikkje ubemerka hen og madridklubben fekk snart kallenamnet 'Los Colchoneros' (madrassemakarane) fordi mønsteret og fargane på draktene likna mykje på madrassene på den tida.

I 1923 flytta laget til Estadio Metropolitanio, eit moderne idrettsanlegg i universitetskomplekset i Madrid, eit par kvartal frå Santiago Bernabeu. Trass i betre fasilitetar, gjorde Athletic Club de Madrid det dårleg på bana. Dei vann nokre regionale mesterskap, men rykte ned frå Primera división i 1929, året etter at seriespelet var innført i Spania.

Då seriespelet blei tatt oppatt etter den spanske borgarkrigen (1936-39), måtte Athletic slå seg saman med laget til det spanske flyvåpenet, Aviación Nacional, for å i det heile kunne stille lag. Athletic hadde mista åtte spelarar i krigen og sto på bar bakke. Eigentleg skulle ingen av desse to klubbane ha spela i toppdivisjonen, men sidan Real Oviedo sitt stadion hadde blitt bomba sønder og saman, fekk den nyskipa alliansen stille felles lag: Athletic Aviación de Madrid. Klubben imponerte kraftig og tok seriegull i begge dei to første forsøka.

I 1941 måtte laget imidlertid skifte namn. Den spanske diktatoren Francisco Franco, som den gode nasjonalisten han var, krevde at ingen spanske lag kunne bruke engelsk skrivemåte og Athletic vart dermed gjort om til Atlético. Som om ikkje det var nok, klaga det spanske flyvåpenet på at dei blei assosierte med eit skarve fotballag. I 1947 blei også Aviación droppa og klubben fekk sitt endelege namn: Club Atlético de Madrid..


Suksess og europacupspel
Image Utover på 50- og 60-talet befesta Atlético posisjonen sitt som eitt av dei tre beste laga i Spania, men dei kunne dessverre ikkje måle seg med den europeiske suksessen til dei heilkvite bråkete naboane. Dei flytta til det ikoniske Estadio Vicente Calderón i 1966 og blei verande der til 2017. Pancho P er ein nostalgikar og han hugsar svært godt denne majestetiske arenaen frå VM i 1982, med dei tre samanhengande tribunedelane og den svære austlege tribunen, som var separert frå dei andre tre. På ein måte minna den mykje om Old Trafford, der hovudmotorvegen (ikkje jernbanen) mot Portugal passerte under den eine tribunen... Som ung student blei Pancho bergtatt av å sjå Estadio Vicente Calderón også på nært hald, men no får det vere måte på å drøyme seg bort...

Tilbake til 1970-talet. Atlético kom seg heilt til Europacupfinalen i 1974, der dei var eitt par minutt unna å vinne mot sjølvaste Bayern München. Like etterpå tilsette dei Luis Aragonés, som skulle bli éin av Spanias mest markante trenarar dei neste 30 åra, bl.a. ved å føre landslaget til EM-gull i 2008. 1970-talet vart ein liten gullalder for Atlético, men 80-talet skulle bli tøffare. Dei vann ikkje ein einaste ligatittel og fansen vart utolmodige. Inn kom Jesús Gil y Gil, mannen som var så korrupt at dei gav han namn to gongar.


Jesús Gil y Gil
Image Han var nok ikkje den mest berømte 'Jesusen' i historia, men eg vil påstå at han var den mest berykta. Han blei fødd i ein liten by nord for Madrid i 1933 i rimeleg trange kår. Men utstyrt med Spanias spissaste albogar og dårlegast utvikla samvit, kom han seg snart til toppen. Historia om Gil kunne, og burde, ha slutta allereie i 1969. Som direktør for familien sitt byggefirma, hadde han bygt opp eit stort imperium ved hjelp av tvilsomme kontaktar og businessmetodar. 15 juni i 1969 vart det arrangert eit overdådig selskap for matvaregiganten Spar på ein luksusresort i Segovia, eigd av Gil-imperiet. Rundt 150 gjestar samla seg i den nyoppussa avdelinga, der både businesstoppar og lokale politikarar venta på middagen. Plutseleg kollapsa taket og deisa nedover dei hjelpelause middagsgjestene, som blei knuste ihel. Berre VIP-gjestene blei sparte, fordi dei befann seg i avdeling heldt oppe av ekstra søyler. 58 menneske mista livet i denne tragedien og 147 blei skadde - mange av dei alvorleg.

Det viste seg snart at Gil hadde tatt mange snarvegar for å få ferdigstilt luksusresorten i tide. Overlevande hadde blant anna sett at sementen fortsatt var våt og ikkje hadde sett seg mange stader. Tragedien i Segovia var blant dei største i landet etter borgarkrigen og Gil blei stilt til ansvar av sjølvaste general Franco, Spanias sterke fascistiske diktator. Gil blei dømt til fengsel "for all framtid", men blei etterkvart lauslatt etter litt over to år, på ordre frå Franco sjølv.

Jesús Gil var ingen fotballfan, men han såg på fotballen som eit framifrå middel til å oppnå meir makt og innflytelse. I 1987 opna det seg ei moglegheit då den legendariske Atletico-presidenten Vicente Calderón (ja, han som ga namn til stadionet) døydde. Som den opportunisten han var, posisjonerte Gil seg raskt. Han lanserte kandidaturet sitt og lova å hente inn Paulo Futre, den eminente portugisiske angriparen som blei nummer to i Ballon d'Or-kåringa seinare det året. I løpet av ei hektisk natt, flaug Gil først til Porto for å forhandle med Futre sin klubb. Då det var gjort, sette han seg på flyet og flaug til Milano for å hente stjernesigneringa si, sjølv om Porto var opptatt med å spele ei turnering. Gil fekk overtalt Futre til å bli med på flyet og seinare same natt dukka begge to opp på eit diskotek i Madrid, der Futre blei uoffisielt avduka. Atlético-fansen, sveltefora på suksess, gjekk mann av huse på å stemme på Jesus, klubbens nye frelsar.

Men ein mann med to namn rir ikkje på éin hest om gangen. Allereie i 1986 hadde Jesús Gil slått seg ned i ferieparadiset Marbella med håp om å ta over styringa av byen. Han var ikkje ein mann som la allverdens innsats i å skjule svina på skogen, så han kjøpte innflytelse åpenlyst og organiserte businessen sin etter modell frå den sicilianske mafiaen. i 1991 vann han kampen om å bli borgarmester i Marbella, etter éin av dei mest korrupte lokalvalskampanjane nokonsinne.

Som borgarmester i Marbella gjorde han alt for å promotere byen. Han laga sitt eige direktesendte TV-program, "Noches de tal y tal" (kan oversettast med "Kveldar med litt av kvart", der han sjølv figurerte i basebasseng med lett underhaldning og endå meir lettkledde damer. I ein episode inviterte han den britiske komikaren Benny Hill for å leikebokse, men etter eit litt for hardt slag, vart temperaturen høg.

Gil såg ikkje på rollene som president for Atlético og borgarmester i Marbella som to separate titlar. Heller ikkje økonomien vart heldt separat. Millionar av pesetas frå den solfylte spanske kysten fann vegen til kontora til på Vicente Calderón, og like fort forsvann dei ut til firma med lenker til Gil og kompanjongane hans. Det blei kjøpt ein del stjernespelarar, men ved fleire høve betalte Atlético store summar for middelmådige spelarar eller spelarar som klubben allereie hadde kontrakt med. Store agenthonorar og transfersummar blei overførte til meir eller mindre skalkeskjulbedrifter, i rein mafiastil.

Å nemne alle skurkestrekane til Jesús Gil y Gil ville fylle ei heil bok, så eg nøyer meg med nokre av dei mest kjende kontroversane. Ved eitt høve slo han ned presidenten til SD Compostela fordi denne herren hadde gjort narr av velgarane i Marbella. Han vart også utestengt av UEFA i 18 månader etter å ha kalla ein dommar for 'homse'. Han takka visstnok nei til Jürgen Klinsmann fordi han trudde tyskaren var homoseksuell. Den mest kjende insidenten kom nok likevel etter at Atlético hadde møtt Ajax, med fleire svarte spelarar på laget, i kvartfinalen av Champions League. Då han blei intervjua av pressa etter kampen sa Gil at det var som å spele mot Kongo. Det dukka svarte spelarar opp overalt. Det var akkurat som å sjå på ei churros-maskin... Ajax-sjef Louis van Gaal vart naturlegvis indignert og forferda og boykotta Gil til returmøtet. Gil prøvde seg på ei lite overtydande bortforklaring i etterkant, men skaden var allereie skjedd.

Dei siste åra til Jesús Gil y Gil vart prega av fiasko og pengeproblem, både i Atlético og i Marbella. I 2000 måtte Atlético ta den tunge vegen ned i Segunda división for første gong sidan den spanske borgarkrigen. Han mista også makta i Marbella og døydde av hjerneslag i 2004, 71 år gammal.


Diego Simeone

Om 70-talet var ein gullalder for Atlético de Madrid, har det siste tiåret vore det reine Eldorado. Under den karismatiske trenaren Diego Simeone har klubben tatt to ligagull i tillegg til å ha gjort seg bemerka i Champions League med to finaletap. Nøkkelorda under Simeone har vore streng defensiv organisering, raske overgangar og knallhard innsats/disiplin. Egil "Drillo" Olsen er naturlegvis ein fan... Som nemnt har Atlético trøbla så langt denne sesongen, men Simeone er ein ringrev. Eg ville ikkje ha vore oddssettar på denne kampen. Her kan alt skje!
post liked by: Buchan, Pink Final, Ryder, pixma, Pwint, Belfastboy, offside, RedTrafford, Blodfink
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7600
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 27219
Liker mottatt: 17744

For et fantastisk stykke håndverk av en kamptråd @Pancho P.
Og så kule bilder - Jesus Gil 😄 glimrende bilde.
Lyser sleip fisk med frekkhetens nådegave.

Kjente til forbindelsen til Southampton for Athletic og Atletico.
Men ikke den opprinnelige til Blackburn.
Kan det stemme at Atletico fansen sang på engelsk på 1980 tallet?
Setter det opp som et spørsmål fordi jeg synes å huske det fra finalen i cupvinnercupen 1986.
Der Atletico tapte 0-3 for Dynamo Kiyv.
«Og when the reds go marching in» m.fl engelske husker jeg de sang.
De lagde bra liv, og mere engelsk stemning enn både Real og Barca som var på norsk tv i E cupfinaler tre år på rad fra 1981-1983.

Diego Simeone er uten tvil flink.
Men jeg klarer ikke å slutte å tenke på VM 1998 hver gang jeg hører navnet hans.
Jeg anser matchene for 50/50 mht avansement.
Måtte United skaffe seg et godt utgangspunkt på arenaen Norman Whiteside spilte VM fotball som 17 åring i 1982.
post liked by: Pancho P, Pwint, Buchan, Belfastboy, RedTrafford
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2579
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13378
Liker mottatt: 8586

Tusen takk for fine ord, @Pink Final! Atlético-fansen har hatt ord på seg for å vere meir lidenskaplege og trufaste enn mange andre i Spania. Dei har også hatt ein sterk forankring i arbeiderklassen og blant latinamerikanske innvandrarar i dei fattige bydelane i Madrid. Så ja, eg trur nok dei har vore meir vokale enn f.eks. Real Madrid-supportarane, som er kjende for å vere meir kresne og opptatt av stjerner og pokalar. Dette med engelske sangar kjenner eg ikkje til, men eg veit at spesielt supportarane av Athletic Club har vore stolte av dei engelske røtene sine. Dei har heldt på den engelske skrivemåten og er i sterk opposisjon til spanske fotballmyndigheiter og særleg Real Madrid. Lenge var det også slik at baskiskregistrerte bilar blei ramponerte i Madrid før og etter kampar mellom Real og Athletic Club. Det har kanskje litt med ETA å gjere...

Eg kan også legge til at Ander Herrera uttalte seg i svært positive ordelag om engelsk fotball generelt og Manchester United spesielt😁. Og ja, du har heilt rett i at vår kjære Big Norm pryda Vicente Calderón i VM i 1982. Det var tider😊
post liked by: Pink Final, Pwint, Buchan, Belfastboy, RedTrafford
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pwint
Donor
Posts: 2883
Joined: 16 Oct 2021, 09:39
Liker gitt: 13408
Liker mottatt: 8584

Dette var jo ren poesi @Pancho P. Knallbra jobb!
post liked by: Buchan, RedTrafford
“I don’t play against a particular team. I play against the idea of losing.”
— Eric Cantona
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2579
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13378
Liker mottatt: 8586

Takk skal du ha @Pwint😊
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Ryder
Posts: 4690
Joined: 03 Jun 2019, 09:59
Liker gitt: 2611
Liker mottatt: 10655

Herlig tråd, hadde ikke hørt om denne Jesus Gil. Type...

Kjenner jeg fikk lyst til å se "Kveldar med litt av kvart"-episoden der boksekampen mot Benny Hill utarter... 😂
post liked by: Pancho P, Buchan
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2579
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13378
Liker mottatt: 8586

Hehe, Gil var vel som ei blanding av Donald Trump og Don Corleone 😂😂😂. Det finst eit klipp på YouTube med ein snillare versjon av kampen mellom Gil og Hill (slag med flat hand). Ein kan også finne angrepet på Compostela-presidenten. Søk på 'Jesús Gil a hostias con el compos".
post liked by: Ryder, Buchan, RedTrafford
It's Squeaky Bum Time!

Deleted User 480

Kan bare istemme her; helt fantastisk kamptråd! 👍 Tenkte i Don Corleone baner jeg og når jeg leste dette. Følte jeg så en mafia-film underveis her. Man skulle nesten håpet at slike figurer var ren fiction, men de finnes dessverre i virkeligheten.

Lærer mye av herrene @Pancho P og @Pink Final! Både fotball-historie, historie mer generelt og samfunnskunnskap! Veldig bra og inspirerende!
post liked by: Pancho P, Buchan, Pink Final, RedTrafford
User avatar

Buchan
Donor
Posts: 2040
Joined: 08 Aug 2018, 21:54
Liker gitt: 7547
Liker mottatt: 4313

Må bare stemme i. Dette er høy klasse 👍
post liked by: Pancho P, Pink Final
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2579
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13378
Liker mottatt: 8586

Takk for det @Canto, men du klarer deg svært så godt sjølv også😊 Det blir moro på kamptrådjulebordet i år😁
post liked by: Pink Final, Buchan, RedTrafford
It's Squeaky Bum Time!

Deleted User 480

Takk @Pancho P. Høres ut som kult julebord, ja! 😁
post liked by: Pink Final, Buchan, Pancho P, RedTrafford
User avatar

Ryder
Posts: 4690
Joined: 03 Jun 2019, 09:59
Liker gitt: 2611
Liker mottatt: 10655

Begynner allerede å bli vanvittig nervøs før denne kampen. Ikke fordi jeg tror vi kan gå hele veien, men fordi vi endelig skal spille mot et godt lag (tross alt) med rutine fra kamper på dette nivået - og det blir ekstremt spennende å se hvordan vi framstår. Aner ærlig talt ikke hvor vi står sammenlignet med de aller beste akkurat nå.
post liked by: Pancho P, Blodfink, RedTrafford
User avatar

offside
Posts: 1307
Joined: 25 Feb 2019, 20:55
Liker gitt: 582
Liker mottatt: 1254

Fantastisk kampttråd, nydelig rett og slett!
Vi har blitt mye mer strukturerte under Ralf og det lover jo bra.
Hadde vært litt mer bekymra for denne kampen om det var Solskjær som styrte, her gjeldet det å være taktisk god. Her har jeg mer tro på Ralf.

Et vrient og seigt lag, ikke enkle å møte. Noe svakere enn de siste årene. Er vel kanskje det svakeste Atlético laget på lenge.
Blir veldig jevnt, føler fremdeles at de er et bedre lag enn oss.
Vi trenger litt flaks.
post liked by: Pancho P, RedTrafford
User avatar

Blodfink
Donor
Posts: 14614
Joined: 11 Aug 2018, 11:57
Liker gitt: 23262
Liker mottatt: 19224

Enig i at dette er et veldig åpent oppgjør. Umulig å tippe resultat egentlig, det trygge og kjedelige tipset blir 1-1.

Men kampen kan jo utvikle seg annerledes enn man tror på forhånd. Kanskje et av lagene overrasker taktisk etc.

Tror også de få som har Fred på laget får rett, jeg tok ham ut og inn og ut. Tenker at dette er en kamp som passer ham egentlig. Men dilemmaet Pogba/McT/Fred er ikke enkelt...
Kanskje Pogba starter på venstre fremme? Da er det jo start på alle 3.
post liked by: Pancho P, RedTrafford
LUHG!
User avatar

RedTrafford
Donor
Posts: 3938
Joined: 13 Mar 2021, 16:00
Liker gitt: 17199
Liker mottatt: 10997

Herlig kamptråd @Pancho P
Bare synd jeg ikke får sett denne kampen heller.
Kampen starter dessuten kl 00.00 lokal tid i Emiratene. To kamper på rad som jeg går glipp av har aldri skjedd før.😙
Ang kampen hadde jeg tidligere null håp, men nå har jeg fått litt troen tilbake, eller tror egentlig hva som helst kan skje.

Føler litt at resten av sesongen avhenger av kampene mot AM.
Måtte alt klaffe ikveld og jeg våkner opp imorgen til knallgode nyheter 👍
post liked by: Pink Final, Pancho P
Post Reply