Grunnlagt: 1939.
Stadion: St. George's Field, Tolworth (South London).
Kallenamn: Casuals, Corinth, The Amateurs, Chocolate & Pink.
Liga: Isthmian League, Premier Division
A Tale of Two Clubs
Beklager den lettvinte Dickens-referansen, men den passar rett så godt i tråden om "den viktigaste fotballklubben i verda som du aldri har høyrt om". Det hadde ikkje eg heller, før eg snubla over dei i dei innleiande rundane av FA-cupen før jul i fjor. Då spekulerte eg i om det var eit gresk hooliganlag frå verste østkant, men jøye meg kor feil eg tok. No er Corinthian-Casuals éin klubb, men fram til 1939 var Corinthian og Casuals to lag som sto på eigne bein.
Corinthian F.C. (grunnlagt i 1882) og Casuals F.C. (grunnlagt i 1883) hadde begge sin spede begynnelse i det viktorianske London. Førstnemnde var ein av dei tidlege pionerane i engelsk fotball. Corinthians blei danna som ein amatørklubb i 1882 (dette skjedde før den profesjonelle ligaen blei danna i 1888) av Nicholas Lane Jackson, som til dagleg var sekretær i FA. På denne tida var laga frå det sørlege England dominerande, særleg klubbar frå London-området og frå universitetsbyane Eton og Oxford. Likevel var det dei skotske spelarane som vart rekna for å vere dei beste på dei britiske øyene og klubbane i Nord-England, ofte eigde av rike gruveeigarar og businessmenn, begynte å hente inn spelarar frå Skottland for å konkurrere med laga frå sør. For ein nokså underhaldande, men pinleg ukorrekt framstilling av denne tida kan ein sjå "The English Game" på Netflix.
Nuvel, tilbake til Corinthians. Den godaste Mr. Jackson var lei av skottane sin dominans på bana, ikkje minst det skotske landslaget sin "uvane" med å utklasse engelskmennene i desse tidlege landskampane. For å gjere engelskmennene meir konkurransedyktige, samla Jackson & co dei beste engelske amatørspelarane og fekk dei til å trene saman, noko som ikkje var noko sjølvsagt på denne tida. Til saman skulle 86 Corinthians-spelarar representere England, noko som svært få andre lag kan matche. I to kampar mot Wales i 1894 og 1895 var alle dei engelske spelarane på bana 'Corinthians'. Som ein skikkeleg 'fun fact' kan det også nemnast at det var ein spelar frå Corinthians som visstnok fann opp ordet "soccer", som ei forkorting av "Association football", til forskjell frå "rugger", kallenamnet til rugby.
Etterkvart klarte England, med alle sine spelarar frå Corinthians, å overta hegemoniet frå skottane. Corinthians sjølve blei synonyme med vakker og elegant fotball og uklanderleg oppførsel på bana. I 1904 knuste dei Manchester United 11-3, noko som er United sitt største tap gjennom tidene. Denne kampen har tydelegvis ikkje status som offisiell kamp, så han hamna (heldigvis) aldri i historiebøkene. Dei var også den første engelske klubben til å stille med ein svart spelar, Andrew Watson. Likevel var ikkje alt fryd og gammen. Corinthians insisterte på å halde på amatørstatusen sin, og hamna med det i klammeri med FA, som i mellomtida hadde profesjonalisert The Football League enno meir. Corinthians blei dermed utestengde frå både FA-cupen og ligaen, og fekk problem med å møte kvalifisert motstand.
Steget dei tok for å rette på dette var svært ukonvensjonell på den tida. Seint på 1800-talet bestemte klubben seg for å ta med seg fotballen til andre land og kontinent, også det som den første engelske klubben i historien. I 1897 reiste dei til Sør-Afrika og seinare spela dei oppvisningskampar bl.a. i USA, Nederland, Ungarn, Jamaica, Danmark, Sverige, Aust-Europa og Brasil. Brasil-turneen i 1910 var spesielt historisk viktig, då dei brasilianske vertane i Sao Paulo vart så imponerte av Cortinthian sitt spel at dei danna sitt eige lag: Sport Club Corinthians Paulista, som i dag er blant Brasil sine aller største klubbar. Ikkje berre kopierte brasilianarane namnet til engelskmennene, dei bestemte seg også for å spele i dei kvite draktene til Corinthians. Også Real Madrid blei så inspirerte av dei galante engelskmennene at dei kopierte trøya deira.
I 1914 ville britane på nytt reise til Brasil for å møte søsterklubben sin, men like etter at dei kom fram, braut den første verdskrigen ut og alle spelarane reiste sporenstreks tilbake til England. Returen var ikkje udramatisk og dei unngjekk så vidt fleire tyske torpedoar i Atlanterhavet. Dei fleste Corinthian-spelarane verva seg for å kjempe for fedrelandet og 107 av klubben sine medlemmer (blant dei 22 spelarar) kom aldri tilbake frå slagmarka.
Med klubben nærmast i ruinar, måtte ein ta drastiske grep for å auke interessa rundt laget. Corinthians vedtok å stille i FA-cupen og i det første forsøket etter krigen, i 1923, møtte totalt 90 000 (!) tilskodarar opp i dei tre kampane mot Brighton. I den andre omkampen åleine, var tilskodartalet på 45 000 på Stamford Bridge. I 1927 kom 56 000 til Crystal Palace (ikkje Selhurst Park), som var heimebana til Corinthians, for å sjå heltane i 4.rundekampen mot Newcastle. Tidlegare hadde dei blant anna spele heimekampane sine på anlegget der Wimbledon-turneringa føregår no.
Casuals F.C. vart grunnlagde i 1883 og var i utgangspunktet eit lag for elevar og tidlegare elevar ved ulike universitet og 'public schools' i det sørlege England. I 1890 slo laget seg saman med Old Carthusians, som allereie hadde vunne FA-cupen i 1881. Samtidig føregjekk det ei storstilt utveksling av spelarar mellom Casuals og Corinthians og førsnemnde fungerte på mange måtar som ein farmerklubb for sine meir berømte naboar. I likheit med Corinthians, spela også Casuals eit utall av oppvisningskampar på dei britiske øyene og på kontinentet, men dei oppnådde aldri den same populariteten. Likevel slo dei klubbar som Benfica, Slavia Praha og VfB Leipzig i løpet av turneane sine. Frå 1937 begynte 'The Chocolate and Pink' å turnere saman med Corinthians og dermed verka samanslåinga mellom dei to klubbane i 1939 som fornuftig for begge partane. Det nye laget, Corinthian Casuals F.C. rakk å spele éin kamp saman, før ein ny verdskrig skulle kaste fotballen og resten av samfunnet ut i eit nytt kaos.
Socrates in Chocolate and Pink
Etter krigen blei Corinthian-Casuals plassert i Isthmian League og måtte spele på ulike baner rundt om i London, blant anna på den eine halvdelen av den svære cricketbana The Oval. Dei heldt seg i Isthmian League fram til 1983-84, då dei blei kasta ut frå ligaen fordi dei ikkje hadde sitt eige stadion. Ironisk nok nådde Corinthian-Casuals første runde i FA-cupen denne sesongen, for første gong på mange år. Etter krigen har klubben stort sett levd eit beskjedent tilvere langt nede i divisjonane, men det er verdt å merke seg at både den eminente kommentatoren Martin Tyler og den mindre eminente dansaren Alan Pardew har ei fortid i klubben.
I 1988 blei Corinthian-Casuals endeleg dratt ut av "skyggenes dal" på nytt. Og det var dei gamle vennene på den andre sida av Atlanterhavet som skulle kaste ære over klubben som var så viktig for innføringa av fotballen til Brasil. For å feire 100-årsdagen til São Paulo Athletic Club (klubben til den mykje omtala Charlie Miller), blei dei glade engelske amatørane inviterte til å delta på festivitasen i tillegg til å spele oppvisningskamp mot eit lag samansett av diverse stjerner frå det brasilianske Corinthians si rike historie. Tenk for ei oppleving det måtte vere for amatørlaget å møte stjerner som Rivelino og Socrates og med titusenvis av fans på tribunen! Og for å gjere opplevinga endå større, spela den kjederøykande doktoren for dei rosa og sjokoladefarga i den andre omgangen.

På flyplassen i Brasils største by med 24 millionar menneske, blei spelarane til Casuals tatt i mot med jubel og sang. Fleire hundre hadde møtt opp for å ta imot søsterklubben frå den andre sida av havet. Og etterkvart tok det heilt av. Representantar og spelarar frå klubben vart intervjua av nasjonale medier og dei blei behandla som superstjerner. På veg til kampen mot sine brasilianske vertar, fekk amatørlaget politieskorte mens titusenvis av fans venta på dei på stadion. Spissen Jamie Byatt, som var vant til å møte lag som Tooting & Mitcham, Three Bridges og East Grinstead Town, hadde tidlegare kasta trøya etter å ha scora i Isthmian League. Under drakta hadde ein ei drakt av det brasilianske Corinthians. Han blei tatt imot som ein Messias av det brasilianske heimepublikummet då laga kom på bana i São Paulo. Dei engelske corinthianarane heldt 0-0 til pause, men tapte til slutt 3-0. Jamie Byatt fekk nokre minutt på slutten i Corinthians sine kvite og svarte drakter, akkurat på same måte som Socrates hadde bytt lag 18 år tidlegare.
Pengane frå matchen gjorde at Corinthian-Casuals vart redda frå konkurs. Ein kan få kjøpt drakter av både den engelske og brasilianske klubben i supportarsjappa på King George's Field i Tolworth, der Casuals no held til. Kvart år reiser titals av brasilianske fans for å sjå kampar i Isthmians League eller berre for å la seg avbilde utanfor det beskjedne stadionet i Kingston. Mange londonarar tar motsatt tur over til den andre sida av Atlanteren for å gjere det same. I ei tid med konflikter, tribalisering og hat, er det fint å verte minna på at samhald, respekt og kjærleik framleis lever i beste velgåande.