Corinthian-Casuals

Diskusjon rundt spesifikke klubber. Engelske og internasjonale.
PS: Alt om United i eget forum
Post Reply
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2518
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12977
Liker mottatt: 8255

Corinthian-Casuals Football Club

Grunnlagt: 1939.
Stadion: St. George's Field, Tolworth (South London).
Kallenamn: Casuals, Corinth, The Amateurs, Chocolate & Pink.
Liga: Isthmian League, Premier Division


A Tale of Two Clubs
Beklager den lettvinte Dickens-referansen, men den passar rett så godt i tråden om "den viktigaste fotballklubben i verda som du aldri har høyrt om". Det hadde ikkje eg heller, før eg snubla over dei i dei innleiande rundane av FA-cupen før jul i fjor. Då spekulerte eg i om det var eit gresk hooliganlag frå verste østkant, men jøye meg kor feil eg tok. No er Corinthian-Casuals éin klubb, men fram til 1939 var Corinthian og Casuals to lag som sto på eigne bein.

Corinthian F.C. (grunnlagt i 1882) og Casuals F.C. (grunnlagt i 1883) hadde begge sin spede begynnelse i det viktorianske London. Førstnemnde var ein av dei tidlege pionerane i engelsk fotball. Corinthians blei danna som ein amatørklubb i 1882 (dette skjedde før den profesjonelle ligaen blei danna i 1888) av Nicholas Lane Jackson, som til dagleg var sekretær i FA. På denne tida var laga frå det sørlege England dominerande, særleg klubbar frå London-området og frå universitetsbyane Eton og Oxford. Likevel var det dei skotske spelarane som vart rekna for å vere dei beste på dei britiske øyene og klubbane i Nord-England, ofte eigde av rike gruveeigarar og businessmenn, begynte å hente inn spelarar frå Skottland for å konkurrere med laga frå sør. For ein nokså underhaldande, men pinleg ukorrekt framstilling av denne tida kan ein sjå "The English Game" på Netflix.

Nuvel, tilbake til Corinthians. Den godaste Mr. Jackson var lei av skottane sin dominans på bana, ikkje minst det skotske landslaget sin "uvane" med å utklasse engelskmennene i desse tidlege landskampane. For å gjere engelskmennene meir konkurransedyktige, samla Jackson & co dei beste engelske amatørspelarane og fekk dei til å trene saman, noko som ikkje var noko sjølvsagt på denne tida. Til saman skulle 86 Corinthians-spelarar representere England, noko som svært få andre lag kan matche. I to kampar mot Wales i 1894 og 1895 var alle dei engelske spelarane på bana 'Corinthians'. Som ein skikkeleg 'fun fact' kan det også nemnast at det var ein spelar frå Corinthians som visstnok fann opp ordet "soccer", som ei forkorting av "Association football", til forskjell frå "rugger", kallenamnet til rugby.

Etterkvart klarte England, med alle sine spelarar frå Corinthians, å overta hegemoniet frå skottane. Corinthians sjølve blei synonyme med vakker og elegant fotball og uklanderleg oppførsel på bana. I 1904 knuste dei Manchester United 11-3, noko som er United sitt største tap gjennom tidene. Denne kampen har tydelegvis ikkje status som offisiell kamp, så han hamna (heldigvis) aldri i historiebøkene. Dei var også den første engelske klubben til å stille med ein svart spelar, Andrew Watson. Likevel var ikkje alt fryd og gammen. Corinthians insisterte på å halde på amatørstatusen sin, og hamna med det i klammeri med FA, som i mellomtida hadde profesjonalisert The Football League enno meir. Corinthians blei dermed utestengde frå både FA-cupen og ligaen, og fekk problem med å møte kvalifisert motstand.

Steget dei tok for å rette på dette var svært ukonvensjonell på den tida. Seint på 1800-talet bestemte klubben seg for å ta med seg fotballen til andre land og kontinent, også det som den første engelske klubben i historien. I 1897 reiste dei til Sør-Afrika og seinare spela dei oppvisningskampar bl.a. i USA, Nederland, Ungarn, Jamaica, Danmark, Sverige, Aust-Europa og Brasil. Brasil-turneen i 1910 var spesielt historisk viktig, då dei brasilianske vertane i Sao Paulo vart så imponerte av Cortinthian sitt spel at dei danna sitt eige lag: Sport Club Corinthians Paulista, som i dag er blant Brasil sine aller største klubbar. Ikkje berre kopierte brasilianarane namnet til engelskmennene, dei bestemte seg også for å spele i dei kvite draktene til Corinthians. Også Real Madrid blei så inspirerte av dei galante engelskmennene at dei kopierte trøya deira.

I 1914 ville britane på nytt reise til Brasil for å møte søsterklubben sin, men like etter at dei kom fram, braut den første verdskrigen ut og alle spelarane reiste sporenstreks tilbake til England. Returen var ikkje udramatisk og dei unngjekk så vidt fleire tyske torpedoar i Atlanterhavet. Dei fleste Corinthian-spelarane verva seg for å kjempe for fedrelandet og 107 av klubben sine medlemmer (blant dei 22 spelarar) kom aldri tilbake frå slagmarka.

Med klubben nærmast i ruinar, måtte ein ta drastiske grep for å auke interessa rundt laget. Corinthians vedtok å stille i FA-cupen og i det første forsøket etter krigen, i 1923, møtte totalt 90 000 (!) tilskodarar opp i dei tre kampane mot Brighton. I den andre omkampen åleine, var tilskodartalet på 45 000 på Stamford Bridge. I 1927 kom 56 000 til Crystal Palace (ikkje Selhurst Park), som var heimebana til Corinthians, for å sjå heltane i 4.rundekampen mot Newcastle. Tidlegare hadde dei blant anna spele heimekampane sine på anlegget der Wimbledon-turneringa føregår no.

Casuals F.C. vart grunnlagde i 1883 og var i utgangspunktet eit lag for elevar og tidlegare elevar ved ulike universitet og 'public schools' i det sørlege England. I 1890 slo laget seg saman med Old Carthusians, som allereie hadde vunne FA-cupen i 1881. Samtidig føregjekk det ei storstilt utveksling av spelarar mellom Casuals og Corinthians og førsnemnde fungerte på mange måtar som ein farmerklubb for sine meir berømte naboar. I likheit med Corinthians, spela også Casuals eit utall av oppvisningskampar på dei britiske øyene og på kontinentet, men dei oppnådde aldri den same populariteten. Likevel slo dei klubbar som Benfica, Slavia Praha og VfB Leipzig i løpet av turneane sine. Frå 1937 begynte 'The Chocolate and Pink' å turnere saman med Corinthians og dermed verka samanslåinga mellom dei to klubbane i 1939 som fornuftig for begge partane. Det nye laget, Corinthian Casuals F.C. rakk å spele éin kamp saman, før ein ny verdskrig skulle kaste fotballen og resten av samfunnet ut i eit nytt kaos.

Socrates in Chocolate and Pink
Etter krigen blei Corinthian-Casuals plassert i Isthmian League og måtte spele på ulike baner rundt om i London, blant anna på den eine halvdelen av den svære cricketbana The Oval. Dei heldt seg i Isthmian League fram til 1983-84, då dei blei kasta ut frå ligaen fordi dei ikkje hadde sitt eige stadion. Ironisk nok nådde Corinthian-Casuals første runde i FA-cupen denne sesongen, for første gong på mange år. Etter krigen har klubben stort sett levd eit beskjedent tilvere langt nede i divisjonane, men det er verdt å merke seg at både den eminente kommentatoren Martin Tyler og den mindre eminente dansaren Alan Pardew har ei fortid i klubben.

I 1988 blei Corinthian-Casuals endeleg dratt ut av "skyggenes dal" på nytt. Og det var dei gamle vennene på den andre sida av Atlanterhavet som skulle kaste ære over klubben som var så viktig for innføringa av fotballen til Brasil. For å feire 100-årsdagen til São Paulo Athletic Club (klubben til den mykje omtala Charlie Miller), blei dei glade engelske amatørane inviterte til å delta på festivitasen i tillegg til å spele oppvisningskamp mot eit lag samansett av diverse stjerner frå det brasilianske Corinthians si rike historie. Tenk for ei oppleving det måtte vere for amatørlaget å møte stjerner som Rivelino og Socrates og med titusenvis av fans på tribunen! Og for å gjere opplevinga endå større, spela den kjederøykande doktoren for dei rosa og sjokoladefarga i den andre omgangen. Image Og det er no at fotball blir verkeleg vakkert. I 2014 gjennomførte ei brasiliansk nettside ei spørjeundersøking om kva lag supportarane av det brasilianske Corinthians helst ville møte i ein vennskapskamp. Alternativa var Barcelona, Real Madrid, Chelsea og Corinthian-Casuals. Det var sjølvsagt ikkje Messi, Ronaldo eller Drogba som lokka Gaviões da Fiel (dei trufaste haukane) mest. 61 prosent av stemmen gjekk til Corinthian-Casuals og det blei bestemt at alt overskotet frå kampen skulle gå til å halde liv i amatørklubben frå Sør-London.

På flyplassen i Brasils største by med 24 millionar menneske, blei spelarane til Casuals tatt i mot med jubel og sang. Fleire hundre hadde møtt opp for å ta imot søsterklubben frå den andre sida av havet. Og etterkvart tok det heilt av. Representantar og spelarar frå klubben vart intervjua av nasjonale medier og dei blei behandla som superstjerner. På veg til kampen mot sine brasilianske vertar, fekk amatørlaget politieskorte mens titusenvis av fans venta på dei på stadion. Spissen Jamie Byatt, som var vant til å møte lag som Tooting & Mitcham, Three Bridges og East Grinstead Town, hadde tidlegare kasta trøya etter å ha scora i Isthmian League. Under drakta hadde ein ei drakt av det brasilianske Corinthians. Han blei tatt imot som ein Messias av det brasilianske heimepublikummet då laga kom på bana i São Paulo. Dei engelske corinthianarane heldt 0-0 til pause, men tapte til slutt 3-0. Jamie Byatt fekk nokre minutt på slutten i Corinthians sine kvite og svarte drakter, akkurat på same måte som Socrates hadde bytt lag 18 år tidlegare.

Pengane frå matchen gjorde at Corinthian-Casuals vart redda frå konkurs. Ein kan få kjøpt drakter av både den engelske og brasilianske klubben i supportarsjappa på King George's Field i Tolworth, der Casuals no held til. Kvart år reiser titals av brasilianske fans for å sjå kampar i Isthmians League eller berre for å la seg avbilde utanfor det beskjedne stadionet i Kingston. Mange londonarar tar motsatt tur over til den andre sida av Atlanteren for å gjere det same. I ei tid med konflikter, tribalisering og hat, er det fint å verte minna på at samhald, respekt og kjærleik framleis lever i beste velgåande.
Last edited by Pancho P on 19 Mar 2022, 19:06, edited 3 times in total.
post liked by: Pink Final, Buchan, Blodfink
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7393
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26240
Liker mottatt: 16755

Herlig @Pancho P, topp lektyre.
Har faktisk aldri hørt om det 3-11 nederlaget.
Artig å lære nye ting.
Interessant det om draktene 👏

Corinthian Casuals - en kombo mellom pøbler og grekere 😅.
Spiste disse Corintherne mye rosiner tro?
The Corint raisin.

Husker vi skrev litt om Corinthian Casuals i FA cup tråden.
Visste ikke at det var gode gamle Corinthians.
Corinthians, Old Carthusians, The Wanderers - amatør klubber som bet godt fra seg i FA cupen.
post liked by: Buchan, Pancho P, Blodfink
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2518
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12977
Liker mottatt: 8255

Hehehe, @Pink Final! Fann ingenting om rosiner i kjeldene... Kallenamnet til Corinthian-Casuals er likevel ganske søtt. Chocolate & Pink. Herlege drakter, forresten. Supert at du lagar fleire klubbtrådar!
:down: Dette ble for automatisk redigert inn i posten for å hindre dobbel post.
PS. Eg har gravd litt meir i kjeldene og har komme fram til at det var ein vennskapskamp. Likevel skal det vere United sitt største tap nokonsinne. Uansett, 100 år seinare, i 2004, utfordra United The Casuals til revansjekamp. Eg veit ikkje kva lag United stilte, men dei vann 3-1 i Sør-London. Casuals hevdar at dei no ledar 12-6 samanlagt 🤣🤣🤣
post liked by: Pink Final, Blodfink
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2518
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12977
Liker mottatt: 8255

Då er endeleg presentasjonen av Corinthian-Casuals ferdig. Trur det blir rosa og brun drakt på meg om ikkje så lenge.
post liked by: Pink Final, Buchan
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7393
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26240
Liker mottatt: 16755

Veldig flott skrevet @Pancho P.
Takk for siste del her 👏
Ja det var vakkert å lese om Corinthian-Casuals besøk i Sao Paulo i 1988, og matchen mellom Corinthians vs Corinthian-Casuals i 2014.
Også ukjent for meg om brasilianske fans som reiser til London for å se de rosa og sjokoladebrune i Isthmian League.
post liked by: Pancho P, Buchan
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2518
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12977
Liker mottatt: 8255

Takk for det, @Pink Final. Ja, det viser kor mykje historie og kultur som gøymer seg bak namn på ein tabell eller i eit kampoppsett til kvalifiseringsrundane til FA-cupen. Premier League er som toppen på eit svært isfjell. Berre så synd at mange ikkje ser det som befinn seg under havoverflata.
post liked by: Pink Final, Buchan
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7393
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26240
Liker mottatt: 16755

God illustrasjon det med isfjell.
Synes det egentlig blir mer og mer interessant med de 6 kvalifiseringsrundene i FA cupen for hvert år.
Noen tenker at FA cupen begynner med 3 runde den første helga i januar.
Men da er det jo allerede spilt 8 runder!
Med tradisjonsrike og historiske klubber som klubben du presenterer her.
Eller cuptravere som Altrincham og Blyth Spartans, som begge har nådd første ordinære runde rundt 40 ganger.
Eller lille Maldon & Tiptree som gjorde en imponerende cuprun helt til 2 runde for ett par år siden.
8 divisions klubb fra isthmian league.

Eller Stalybridge Celtic, fra Greater Manchester.
Gjenganger i Conference North (6 div) i en årrekke.
Hvor mange vet at de var liga klubb en gang i tiden?

I midten av september prøvde jeg meg i komm feltet på United.no med 2 kvalrunden mellom Mossley - Radcliffe.
8 mot 7 division, lokaloppgjør litt utenfor Manchester.
Var dum nok til å bruke ord som folkefest og god stemning der inne.
Ble selvsagt forsøkt latterliggjort, for 750 tilskuere er vel ikke folkefest?
Og kan det være god stemning på dette nivået?

Vi ser ikke alltid under isfjellet som du sier.
post liked by: Pancho P, Buchan
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000

Deleted User 480

Veldig fin og lærerik tråd, @Pancho P ! Fascinerende lag og historie. Jeg ville heller ikke tippet at et lag med det navnet var fra England.

Skal si de har vært igjennom mye, fra suksess i Brasil til nesten å bli torpedert.
post liked by: Pink Final, Pancho P
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2518
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12977
Liker mottatt: 8255

Takk for det, @Canto. Eg burde jo også ha nemnt at sjølvaste Jimmy Hill vart president for klubben i 1996. Det stemmer nok at Corinthian-Casuals er den viktigaste klubben nesten ingen har høyrt om 😉
post liked by: Pink Final, Can2
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7393
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26240
Liker mottatt: 16755

På tide å få denne glimrende tråden til toppen av siden igjen.
Du lærer bort veldig mye interessant i åpningsposten @Pancho P.
Bl.a om den første mørkhudete spiller i engelsk fotball, Andrew Watson.
Som spilte for Corinthians.

Jeg fordypet meg i de første nordiske spillerne i engelsk fotball i dag.
Karl Aage Hansen i Huddersfield og Viggo Jensen i Hull på 1940 og 50 tallet kjente jeg til.
Men ikke finske Pertti Jantunen som spilte for Bristol City i 1979.

Virkelig interessant ble det da jeg leste om Danmarks OL lag i 1908, 1912 og 1920.
Med Nils Middelboe som viktig mann på laget.
Denne signerte for Newcastle i 1913!
Fikk så annulert avtalen og gikk til Chelsea.
Der han kun spilte hjemme kampene.
Fordi han ikke ville la bortereisene ødelegge for karrieren som bankmann.
Middelboe var en gigant i datidens fotball, hele 188 cm høy, det var mye for 110 år siden.
Dansken ble valgt som kaptein i sin debut for The Pensioners.
Det ble 41 ligakamper, 5 FA cupkamper og 129 privatkamper for Chelsea på hver side av ww1 for dansken på right half,

Etter Chelsea spilte han for Corinthian fra 1924, og deretter Casuals i 1926.
Før de to klubbene slo seg sammen.
Kunne vært tatt i Chelsea tråden dette.
Men artigere i denne tråden og mindre kjente Corinthian-Casuals.
post liked by: Blodfink, Can2
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
Post Reply