Hartlepool United

Diskusjon rundt spesifikke klubber. Engelske og internasjonale.
PS: Alt om United i eget forum
Post Reply
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2588
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13427
Liker mottatt: 8616

Hartlepool United Football Club

Grunnlagt: 1908.
Stadion: Victoria Park, eller The Suit Direct Stadium, om du er glad i sponsornamn...
Kapasitet: 7858 tilskodarar.
Kallenamn: The Monkey Hangers
Divisjon: League 2 (17. plass i skrivande stund).
Manager: Graeme Lee
Maskot: H'Angus the Monkey


Historie
Hartlepool vert gjerne rekna som den fjerde største (eller minste, om du vil) klubben på den engelske nordaustkysten. I forhold til Newcastle, Sunderland og Middlesbrough vert Pools som ein vertitabel attpåklatt å rekne. Klubben vart også grunnlagt relativt seint, i 1908. Sjølv om den profesjonelle fotballklubben Hartlepools United Football Athletic Company (prøv å seie dét etter kvarandre etter nokre pints med Camerons Monkey Stout!) var grunnlagt seint i forhold til andre lag, har klubben røter tilbake til 1879. Lokale fotballentusiastar prøvde då å danne ein fotballklubb for både Hartlepool og West Hartlepool på den andre sida av bukta. Dessverre måtte dei gi opp forsøket, mykje p.g.a. den sterke posisjonen til Rugby Union i området. Heldigvis ga ikkje dei stolte hartlepudlians opp forsøket og to år seinare, i 1881, blei West Hartlepool Amateur Football Club danna. Denne klubben gjorde det svært godt på amatørnivå og ambisjonane om å danne ein profesjonell fotballklubb blei styrkte.

I 1908 blei altså den første profesjonell fotballklubben i Hartlepool danna. West Hartlepool Amateur Football Club slo seg saman med fleire mindre klubbar i og rundt byen under namnet 'Hartlepools United'. Fleirtals-s-en blei lagt til for å understreke at begge Hartlepoolane var med på moroa. Ein profesjonell klubb treng også eit presentabelt stadion og den nyskipa klubben overtok Victoria Park frå West Hartlepool Rugby Club. Stadionet vart gjort om til idrettsarena i 1886 og vart kalla opp etter sjølvaste dronninga i anledning gulljubileet hennar året etter. Ingen hadde fortalt ho at tomteområdet til Victoria Park tidlegare hadde fungert som søppelfylling...

Heilt frå starten har Hartlepool spela i blått og kvitt, visstnok inspirert av bølgene i Nordsjøen. Tabellmessig har klubben derimot heldt seg stabilt nær botnen av det britiske ligasystemet. Hartlepools United blei innlemma i Third Division North då det engelske ligasystemet blei utvida i 1921-22 og opplevde faktisk ikkje opprykk (eller nedrykk for den del) før dei rykte opp i Division 3 i 1968. Då rykte dei rett nedatt og kom ikkje opp i divisjonen over før i 1991. Klubben vart ofte omtala som ein av dei dårlegaste i den engelske ligaen, ikkje utan grunn.

Hartlepool United har møtt Manchester United éin gong, i den tredje runden av FA-cupen, den 5. januar 1957. Denne dagen sette ein også publikumsrekord på gamle Victoria Park, ein rekord som fortsatt står seg. 17 264 tilskodarar pressa seg inn på tribunene og fekk sjå ein thriller av ein kamp der Hartlepool henta opp United si 3-0-leiing, før Billy Whelan sette inn vinnarmålet vel 10 minutt før slutt. Matt Busby sa seinare at det var ein av dei mest spennande kampane han hadde sett. Ein trist kuriositet er at alle United sine mål vart scora av spelarar som aldri fekk spele for United etter flykrasjet utanfor München vel eitt år seinare. Billy Whelan scora to, mens Johnny Berry og målkongen Tommy Taylor fekk eitt mål kvar.

Det kan også nemnast at Hartlepool sitt stadion, nett som Old Trafford, blei bomba av tyskarane under krigen. Ikkje av bombefly under den andre verdskrigen, men av ein zeppelinar under den første. Victoria Park vart deretter neglisjert i ei årrekke og var også den siste arenaen i det engelske ligasystemet som fekk installert flomlys.

Ei vise om Gerdt
Fotballklubben Hartlepool fekk ikkje mykje merksemd i norsk media før den bergenske oljemilliardæren Berge Gerdt Larsen kjøpte klubben frå den lokale businessmannen Harold Hornsey i 1997. I løpet av dei neste 17 åra sprøyta han visstnok inn over 120 millionar kroner i Hartlepool United og klubben opplevde sin beste periode nokonsinne. I 2005 var dei åtte minutt frå å vinne playoff-finalen til Championship. Blant spelarane som kom inn portane på Victoria Park var Jan Ove Pedersen, Martin Hollund, Stig Olav Larsen, Tim Sperrevik, Thomas Tennebø, Rune Vindheim og Rune Lange.

Larsen selde seg ut av klubben i 2014, då Hartlepool igjen var å finne i botnen av League 2. Ettermælet til bergensaren er noko blanda på den andre sida av Nordsjøen. Rett nok investerte han mykje pengar og ga supportarane mykje å glede seg over. Likevel mistenkte mange at det ikkje var fotballnostalgi som var hovudgrunnen til oppkjøpet av fotballklubben i 1997. I eit seinare intervju har Berge Gerdt Larsen også innrømma at han investerte i nettopp Hartlepool for å få få innpass hos Lord Peter Mandelson. Mandelson var ikkje berre president i Hartlepool United Football Club. Han var også energiminister i Tony Blair si Labour-regjering og ofte sett på som Blair si høgre hand. Då Larsen ikkje lenger hadde behov for Mandelson sine forbindelsar, selde han seg ut.

The Monkey Hangers
Både innbyggarane i Hartlepool og fotballklubben deira har fått det noko spesielle kallenamnet "Monkey Hangers". Maskoten til klubben heiter H'Angus the Monkey. I 2002 vart mannen inne i maskoten, Stuart Drummond, valt til borgarmeister i Hartlepool. Eitt av dei mest kjende slagorda hans var: "Free bananas for schoolchildren!" Politikk kan vere vakkert!

Historien bak denne monkey businessen er derimot ikkje like vakker. Sjølv vart eg først klar over den etter at den innfødde hartlepudlianaren Jeff Stelling på Sky fortalde om den bisarre historien tidleg på 2000-talet. Om historien er sann, er eit heilt anna spørsmål... Legenda vil iallefall ha det til at eit fransk krigsskip forliste utanfor kysten av Hartlepool under Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet. Den einaste som overlevde forliset var ein skipsape, som deretter blei skylt på land ikkje langt frå Hartlepool by. Stemninga mellom britane og franskmennen var som kjent svært giftig på den tida og då dei innfødde hartlepudlians fekk auge på den vesle krabaten med fransk uniform liggande på stranda utanfor byen deira, tok dei straks affære og førte apen inn til byen.

Folk frå Hartlepool var ikkje kjende for å vere kosmopolittar og dei hadde truleg aldri sett verken franskmenn eller apekattar tidlegare. Apekatten vart naturlegvis skulda for å vere fransk spion og han vart utsett for tøffe avhøyr. Av naturlege årsaker klarte ikkje stakkaren å gjere greie for seg og lokalbefolkninga tok dette som eit avgjerande bevis på "franskmannen" sine skumle hensikter. Dermed vart den vesle tassen straks dømt til døden og han vart hengt på torget i Hartlepool kort tid etter. Som eit minne på udåden plasserte ein ei apestatue i Hartlepool sentrum, som står der den dag i dag.

Historien om apekatten er tragisk nok i seg sjølv, men det kan godt hende at den inneheld eit endå meir grufullt element. Blant mannskapet på krigsskip på denne tida var det ikkje uvanleg å finne såkalla "kruttaper" ("powder monkeys") - unge gutar som blant anna hadde som jobb å fylle kanonane med krutt. Ofte var desse gutane så små at dei ikkje rakk over ripa på krigsskipa og dei kunne såleis bevege seg utan å bli sett av fienden. Om historia om "the monkey hangers" er sann, kan det godt vere at det var ein fransk unggut som enda dagane sine på torget i Hartlepool for ca. 200 år sidan.
post liked by: Pink Final, Buchan, Ryder, Belfastboy
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7607
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 27254
Liker mottatt: 17781

Takk for denne @Pancho P.
Glimrende lesestoff, her lærte jeg mye.
Både om Hartlepool, forretningsmenn fra Bergen og om Monkey Hangers.
Godt jobbet.

Leste nylig om Bill Hamilton.
Den skotske journalisten som bl.a jobbet i BBC.
Der han leste resultater før velkjente James Alexander Gordon.
Senere jobbet han i Aberdeen da en viss Alex Ferguson var fersk manager der.

Dundee fødte Hamilton begynte sin karriere i Hartlepool.
Mellom 1963-1966 jobbet han for Northern Daily Mail, også kalt Hartlepool Mail.
Der skrev han bl.a matchrapporter i deres Green Un, og ble etter hvert sports redaktør.

Hartlepools United tapte mange kamper som vanlig.
Og det måtte jo unge Hamilton gjengi i Football Green.
Hartlepools daværende manager, walisiske Alvan Williams truet unge Hamilton med juling pga matchrapportene han skrev.
Snakk om å skyte budbringer.
post liked by: Pancho P, Buchan, Belfastboy
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000

Deleted User 480

Flott tråd @Pancho P ! Lærerikt og interessant om laget - og en fin historie-leksjon! 👍

Virkelig fæl den historien om apen(-e). Helt sjukt å behandle levende vesener på den måten.
post liked by: Pancho P, Buchan, Pink Final, Belfastboy
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2588
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13427
Liker mottatt: 8616

Takk for det, @Pink Final og @Canto. Tenk om Samuel Luckhurst hadde arbeidd i Hartlepool Mail på den tida😉 Det skal leggast til at enkelte hartlepudlians har anklaga Geordies, Wearsiders og Teessiders for å ha dikta opp historien om apen for å stille Hartlepool i eit dårleg lys. Vi vil nok aldri få vite om henginga fann stad, men ein interessant (om enn bisarr) anekdote er den uansett.
post liked by: Pink Final, Belfastboy, Buchan
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7607
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 27254
Liker mottatt: 17781

Hartlepool tapte ikke overraskende FA cup matchen mot Crystal Palace.
Nå viser Henry Winter oss hvordan de takket for seg.


Hartlepool laget vasket og shinet bortegarderoben.
Fantastisk.
Respekt til Hartlepool ! 👏👏🤩
post liked by: Buchan, Pancho P
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2588
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13427
Liker mottatt: 8616

Det har skjedd mykje fint mellom Crystal Palace og Hartlepool i det siste. Palace hjelpte til med å betale for ekstra bussar frå Nordaust-England, slik at 4700 ekstra hartlepudlians fekk ta turen sørover. Det finaste var likevel at the Eagles donerte 1000 pund til kona til Hartlepool-manager Graeme Lee. I tillegg samla Palace-fansen inn 60 000 pund. Gemma Lee har blitt diagnostisert med uhelbredeleg hjernesvulst og har kort tid igjen å leve. Ho prøver for tida ut ein medisin som kostar 5000 pund i månaden og den vert ikkje dekka av det offentlege. Denne støtta kan vere med på å forlenge livet til Mrs Lee med månader eller år. Det er ikkje alltid at resultatet av ein fotballkamp er det viktigaste.
post liked by: Pink Final
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7607
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 27254
Liker mottatt: 17781

Det visste jeg ikke @Pancho P.
Minst like mye respekt til Crystal Palace.
Må få den handlingen inn i Palace tråden.
- Palace tråden vi ikke har her inne.
Jeg lager den så fort mulig.
post liked by: Pancho P
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2588
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13427
Liker mottatt: 8616

Det er ikkje berre Manchester United som er skaderamma for tida. Hartlepool sin midtbanespelar Mark Shelton må stå over det prestisjetunge derbyet mot Scunthorpe fordi han stakk ein bomullspinne for langt inn i øyret. Om han hadde spela for eit anna United kunne det hende at han hadde blitt skulda for å fake skade...
post liked by: Pangaea, Pink Final
It's Squeaky Bum Time!

Deleted User 480

@Pancho P 😄 Kanskje stygt å le av skader, men den var jo av det mer spesielle slaget! Høres ut som en Pondus-skade. "Blir U i denne kampen, for Wycombe sin spiss er ute med hoven stortå" e.l.
post liked by: Pangaea, Pink Final, Pancho P
User avatar

Pangaea
Posts: 2747
Joined: 07 Jul 2020, 03:51
Liker gitt: 3930
Liker mottatt: 5069

Får se positivt på det. Pinnen kom ikke ut det andre øret.
post liked by: Pink Final, Pancho P
Post Reply