MANCHESTER UNITED vs. Galatasaray SK
Champions League, gruppespel, kamp 2
Tysdag 03.10.2023 kl. 21.00
Old Trafford, Manchester
Innbyrdes
Manchester United: 2
Uavgjort: 3
Galatasaray: 1
Tysdag 03.10.2023 kl. 21.00
Old Trafford, Manchester
Innbyrdes
Manchester United: 2
Uavgjort: 3
Galatasaray: 1
Skader United
Shaw, Wan-Bissaka, Martínez, Reguilón, Malacia, Amad, Mainoo og Sancho. Dei mest pedantiske vil kanskje hevde at Sancho ikkje er skadd, men han har iallefall vondt i viljen...
Shaw, Wan-Bissaka, Martínez, Reguilón, Malacia, Amad, Mainoo og Sancho. Dei mest pedantiske vil kanskje hevde at Sancho ikkje er skadd, men han har iallefall vondt i viljen...
Welcome to Hell!
Ein skulle kanskje tru at raude djevlar ville trivst godt med temperaturen og trykket rundt United for tida, men personleg ville eg ha betalt ein god slant i avlat for å komme bort frå det metaforiske helvetet klubben no befinn seg i. Vi kan skulde på skader, hardt kampprogram og elendige dommarar, men når alt kjem til alt har sesongstarten vore begredeleg, både frå spelarane og Ten Hag si side. Sjølv har eg gått i eit lite hiatus frå fotballen for å mobilisere krefter etter alle dei sportslege og utanomsportslege fadesene i det siste, men eg kjenner at det tar på motivasjonen berre å skrive ein skarve kamptråd. Og no ventar altså Galatasaray, vår nemesis frå tidleg 90-tal og dei opprinnelege innbyggarane av helvete. Fortsatt metaforisk tala, sjølvsagt. Eg vil nødig bli gjenstand for hat og drapstruslar, slik KC København sin polske målmann Kamil Grabara nyleg blei etter kampen i Istanbul, då han ymta frampå om at Fenerbahce sine fans var hakket betre enn sine naboar frå den andre sida av Bosporos.
Dei fleste av oss hugsar nok enno den infernalske atmosfæren på Ali Sami Yen stadion den famøse novemberkvelden i 1993, men eg trur eg skal la den ligge til kamptråden mot Galatasaray på bortebane seinare i haust. I staden vil eg fokusere på heimekampen mot flammetrøyene 20. oktober same sesong, det herrens år 1993, den første sesongen til Manchester United i Champions League.
Av alle -ismane i verda er eg særleg svak for eskapismen. Å kunne ta dei lette historiske vingene fatt og flakse bort frå ligatap, griske amerikanske eigarar og spelarar med tvilsomt moralsk kompass, er ikkje berre ein fridom vi kan ta oss med dagens teknologi (les:YouTube). Det er kanskje også heilt nødvendig for å kunne halde ut den moderne fotballen sitt grimme vesen.
Tidsflukta mi ender altså på Old Trafford ein sein haustdag i oktober for temmeleg nøyaktig 30 år sidan. Og FOR ei tid det var å vere supportar av verdas herlegaste klubb! Året før hadde vi opplevd å bli seriemeister for første gong sidan 1967. United hadde dermed kvalifisert seg for den gjevaste europacupen før første gong sidan ein forsvarte europacuptriumfen i 1967. Europacuperfaring hadde klubben lite av, sjølv om fleire av spelarane også hadde vore med på den kampen i Rotterdam i 1991.
Ligaformen til United hausten 1993 hadde vore formidabel. 9-1-1 viste statistikken etter Spurs-kampen 16. oktober. Faktisk kom ikkje neste ligatap før i mars mot Chelsea på Stamford Bridge. I Europa hadde vi trøbla unødvendig mot ungarske Honved i første runde (dette var naturlegvis før gruppespelet i Champions League blei innført), men den gode ligaformen gav oss håp om at kampane mot ungararane berre var oppvarming før dei verkeleg store fiskane hamna i Champions League-bollen.
Laget mot Galatasaray var som følger (legg merke til at det enno ikkje var faste draktnummer i Champions League):
1. Schmeichel
2. Martin 4. Bruce 6. Pallister 3. Sharpe(!)
5. Keane 8. Ince 7. Robson 11. Giggs
9. Cantona 10. Hughes
2. Martin 4. Bruce 6. Pallister 3. Sharpe(!)
5. Keane 8. Ince 7. Robson 11. Giggs
9. Cantona 10. Hughes
Som mange av oss hugsar, var det berre tillatt med fem ikkje-engelske spelarar på engelske lag i europacupane. Dermed var det ikkje plass til Denis Irwin, Andrei Kanchelskis og Brian McClair mot tyrkarane. Likevel trudde dei fleste at det offensive og modige laget til Ferguson ikkje skulle få problem mot eit litt grått Galatasaray, som rett nok kunne stille med den kommande superstjerna Hakan Sukur på topp.
Kampen starta i eit frenetisk tempo. Robson sende United i ei tidleg leiing etter utsøkt kombinasjonsspel i tyrkarane sitt felt. Cantona fora Captain Marvel med ei flott pasning, før vår store kaptein flikka ballen med seg med hælen og lobba ballen over keeper Hayrettin. Dette vart Robbo sitt siste mål for United i europacupane og med det eit verdig, men vemodig punktum for dei europeiske målscorarbragdene til tidenes kanskje beste United-kaptein.
Heimelaget heldt fram med å pøse på og dobla leiinga etter ein corner frå Giggs. Ballen var innom Pallister før Sukur styrte den i eige mål. Dette gjekk mot utklassing... Men angrepsviljen til United var også laget sin akhilleshæl. Midtbanespelar Arif fekk gå upressa og sende eit skot over Schmeichel berre to minutt etter 2-0-målet og no endra kampen karakter. Galatasaray kom i bølge etter bølge og særleg dei to uvante sidebackane sleit kraftig. 2-2-målet kom etter kommunikasjonssvikt og ei horribel pasning frå Lee Martin og no var seiersvante United-spelarar på hæla. Gung-ho-stilen som ein hadde bergtatt Premier League med var nok litt for naiv i Europa.
Ringrevane Bruce og Robson tok grep og sette inn taklingar som nok hadde produsert allverdens haustfargar i dagens Premier League. Tyrkarane svara med same mynt og det utvikla deg til ein nokså amper affære. Aller bakerst sto ein dansk kjempe og bjeffa stadig høgare ettersom tyrkarane tok over kommandoen i bataljen. Etter knapt halvspela andreomgang var sjokket eid faktum. Ein Galatasaray-spelar sende av stad ei kule som gjekk i stanga og på returen dukka Turkyilmaz opp og styrte inn returen. Igjen etter passivt spel i United-forsvaret. No var United i skikkeleg trøbbel og nærmast i panikk sende dei avgarde spekulative langskot som var barnemat for Hayrettin. Laget fekk ikkje uttelling før i det 80. minuttet, då Keane sin perfekte crossar fann Cantona like framfor mål. Han såg ut til å bomme med høgrefoten, men vår franske virtuos planta ballen i nettet med venstreslegga (eit mål eg aldri har skjøna korleis han fekk til).
Fleire mål blei det ikkje. Dei fleste United-fans trudde at laget deira hadde sluppe med skrekken. Ein kom ikkje til å undervurdere tyrkarane i heksegryta i Istanbul. Men ingen kan vere førebudd på ein tur til helvete. Men meir om det ved eit seinare høve.
Akkurat no skal vi vere glade for å sleppe ut av Skiringsheimen (Skjærsilden, for dei med bokmålsk persuasjon).
Godspeed.
Dette ble for automatisk redigert inn i posten for å hindre dobbel post.
PS: beklagar litt kluring med publiseringa.