Arsenal - MANCHESTER UNITED
Premier League
Søndag 3.september kl. 17.30.
Emirates Stadium, London
Innbyrdes
Manchester United:101
Uavgjort: 50
Arsenal: 87
Siste fem:
2023 PL: Arsenal - United 3-2
2022 PL: United - Arsenal 3-1
2022 PL: Arsenal – United 3-1
2021 PL: United – Arsenal 3-2
2021 PL: Arsenal – United 0-0
Skader United:
Mason Mount, Luke Shaw, Amad Diallo, Kobbie Mainoo og Tyrell Malacia er uaktuelle.
Rasmus Højlund og Raphäel Varane er høgst tvilsomme
. Premier League
Søndag 3.september kl. 17.30.
Emirates Stadium, London
Innbyrdes
Manchester United:101
Uavgjort: 50
Arsenal: 87
Siste fem:
2023 PL: Arsenal - United 3-2
2022 PL: United - Arsenal 3-1
2022 PL: Arsenal – United 3-1
2021 PL: United – Arsenal 3-2
2021 PL: Arsenal – United 0-0
Skader United:
Mason Mount, Luke Shaw, Amad Diallo, Kobbie Mainoo og Tyrell Malacia er uaktuelle.
Rasmus Højlund og Raphäel Varane er høgst tvilsomme
Søndag vert Premier League-runden avslutta med eit skikkeleg basketak mellom to lag som ikkje akkurat har spurta ut frå startblokkene i årets sesong. Heimelaget kan skilte med to resultatmessig knappe sigrar mot beskjeden motstand (Nottingham Forest og Crystal Palace), samt eit skuffande uavgjortresultat heime mot London-nabo Fulham, som attpåtil måtte avslutte kampen med ti mann. "Close, but no cigar" er det eit uttrykk som heiter på engelsk, og det kan nok karakterisere avslutningane til Gooners i sesonginnleiinga.
Det har heller ikkje vore høg sigarføring hos Erik ten Hag sine menn etter tre kampar, men seks poeng etter tre spelemessig variable kampar lar seg høyre. United må stille utan Mount, Shaw og truleg også Varane frå det som kan reknast som ein vanleg førsteellevar, mens Timber må belage seg på eit langt skadeavbrekk for Arsenal. Kan vi endeleg få sjå Højlund på benken? Og kven er fortsatt i klubben etter at transfervindauget smell igjen natt til laurdag?