[PL] Manchester United - Fulham
Posted: 26 May 2023, 13:41
MANCHESTER UNITED - Fulham
Premier League
Søndag 28.mai 2022 kl. 17.30.
Old Trafford, Manchester
Innbyrdes
Manchester United: 54
Uavgjort: 20
Fulham: 14
Skader United
Martínez, Van de Beek, Antony og Sabitzer er uaktuelle. Shaw er usikker. Rashford fekk ein smell mot Chelsea, men fullførte kampen.
Premier League
Søndag 28.mai 2022 kl. 17.30.
Old Trafford, Manchester
Innbyrdes
Manchester United: 54
Uavgjort: 20
Fulham: 14
Skader United
Martínez, Van de Beek, Antony og Sabitzer er uaktuelle. Shaw er usikker. Rashford fekk ein smell mot Chelsea, men fullførte kampen.
Så var den her, då. Den siste ligakampen i ein hektisk, rotete, innhaldsrik og til sjuande og sist vellukka sesong. Mange har gitt Erik ten Hag "godkjent" eller "godkjent +" etter å ha sikra Manchester United det første troféet post-Mourinho, i tillegg til å ha ført klubben tilbake til Champions League. Personleg vil eg gå eit hakk høgare på skalaen og gi mannen frå Haaksbergen skussmålet "framifrå", særleg når ein tar utgangspunktet hans i betraktning.
Etter at United imploderte Rangnick-style under Wreck-it Ralf, var det langt frå ei enkel oppgåve å ta over sjefsstolen på Old Trafford. Ten Hag, som etter sigande blei vraka frå Tottenham-jobben pga lite karisma, hadde ikkje dei emosjonelle strengane å spele på som t.d. Ole Gunnar Solskjær hadde då han tok over stafettpinnen etter Mourinho sin skitstorm. Klubben si rekrutteringsavdeling var dessutan på hyttetur i løpet av heile pre-season og forsterkingane kom i seinaste laget. Vi var lenka til spelarar som Rabiot, Arnautovic og stort sett alle som hadde sett sine føter på nederlandsk jord, men enda opp med ein "dverg" i forsvaret som "aldri ville tåle" dei fysiske krava i Premier League samt ein "over-the-top" midtbanemann frå Real Madrid, som hadde vunne Champions League 114 gongar berre fordi "han hadde gode spelarar rundt seg".
Det første troféet vårt blei løfta i Bangkok etter å ha høvla over Liverpool 4-0. Resten av pre-season var stort sett rosenrød og idyllisk, bortsett frå då Ronaldo og nokre andre spelarar reiste frå Old Trafford i pausen mellom United og Rayo Vallecano. Og Erik ten Hag skulle snart få mykje å gruble over. Etter to strake tap i ligaen, begynte enkelte journalistar og fans å kvesse knivane og trekke samanlikningar med Frank de Boer si famøse regjeringstid i Crystal Palace. Sjølv "seriøse" norske kommentatorar slo bombastisk fast at Ten Hag ikkje kom til å overleve sesongen. For i neste kamp skulle ein jo møte seiersmaskinen og dei mentale monstra frå Merseyside. United kom til å kjempe i nedrykkskampen mens Liverpool endeleg skulle få sesongen på skinner. Heldigvis er fotballen ikkje alltid forutsigbar.
Vi fekk også møte spansk kongelege selskap, glade kypriotiske middelhavsfararar og lovlause sheriffar i Europaligaen, med ymse resultat. Ligaformen heldt seg brukbar, med unntak av nokre unemnelege smellar. Den største smellen sto likevel Ronaldo for, då han i eit "intervju" (les: grundig og intens sleiking av nedre ryggregion av såkalla "journalist") med Piers Morgan kunne fortelle at han hadde blitt så dårleg behandla av klubben at han måtte komme seg bort fortare enn svint. Oppsigelsen blei behørig akseptert og innvilga. Og så var det VM. Zzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzz...
Perioden etter VM kan kanskje oppsummerast slik: Rashford i fyr og flamme. United i fyr og flamme. Glazers Out! Skader. Overfall på bane = tilsnakk eller gult kort. Casemiro på bana = rødt kort. Cup-gull, cup-playoff og cup-exit. Glazers Out!! Unemneleg resultat (igjen). Glazers Out!!! Champions League i boks og snart cupfinale mot dei kreative rekneskapsførarane.
Som eg nemnde i ein annan tråd, er det ofte dei rotete og innhaldsrike sesongane som er dei mest minneverdige. 2022/2023-sesongen har innfridd alle forventningar til dramatikk både på og utanfor bana. Det har på ingen måte vore plankekøyring, men heldigvis har vi ein sjåfør som har klart å manøvrere imponerande stødig på ein ofte humpete veg. Eg avsluttar difor med ein stor takk til Erik ten Hag for at han har fått klubben på rett kjøl igjen og for at vi igjen kan håpe og tru på lysare tider.