[WFACUP FINAL] Manchester United - Chelsea

Manchester Uniteds kamper diskuteres her.
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2568
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13335
Liker mottatt: 8520

MANCHESTER UNITED - Chelsea

FA Cup Finale
Søndag 14.mai.2023 kl. 15.30.
Wembley, London


Finale-bonanza!

Våren 2023 har Wembley nesten vore den andre heimebana til Manchester United. No er det kvinnelaget sin tur til å reise til den nasjonale storstova, der dei skal spele sin første cupfinale etter at Manchester United endeleg starta oppatt satsinga si på kvinnefotball i 2018. Og for ei reise det har vore for Katie Zelem, Ella Toone, Leah Galton og dei andre som har tatt steg kvart einaste år, for no verkeleg å utfordre "dei tre store", både i liga og cupar.

Etter opprykket i 2019 har det vorte tre strake 4.plassar for United-jentene i ligaen. Den høgt respekterte Casey Stoney forlét trenarstolen i 2021 pga misnøye med treningsfasilitetar og det ho oppfatta som stemoderleg behandling av kvinnelaget. Inn kom Mark Skinner som, trass i ein del skepsis, har løfta laget fleire hakk, både med tanke på plassering, poengsanking og ikkje minst spelestil. Der United tidlegare "alltid" kom til kort i oppgjer mot topplaga City, Arsenal og Chelsea, har Skinner & co jaga "styggen av ryggen" med triumfar mot begge dei to førstnemnde i årets sesong.

No er det Chelsea som står i vegen for både ligagull og aller først cupgull for våre brave kvinner. Og la det vere nemnt - utfordringa er ikkje lita. Chelsea har vunne dei tre siste seriemeisterskapa i England, samt FA cupen dei to siste åra. Som dét ikkje er gale nok, har United aldri slått Chelsea i tellande kamp på kvinnesida. Chelsea er det nærmaste vi kjem galácticos av kvinnelag på øyriket og dei kan skilte med stjerner som Millie Bright, Guro Reiten, Fran Kirby, Maren Mjelde, Sam Kerr, Pernille Harder og ex-red Lauren James (søstera til de-veit-kven...).

Kven kjem United til å stille med i finalen? Å ha ein tippekonkurranse for kvinnelaget verkar å vere ein kjedeleg affære, all den tid Mark Skinner i hovudsak stiller med identisk lag frå veke til veke. For dei av oss som ikkje følger laget tett kan det vere nyttig med ein kort presentasjon av spelarane som mest truleg kjem til å starte finalen på Wembley sagnomsuste gras.

Keeper: Mary Earps
Den ubestridte burvoktaren både på United og England. God i feltet, reaksjonssterk og god med ballen i beina. Vart kåra til EMs beste keeper på heimebane i fjor. Fødd i Nottingham og kom til United relativt tidleg, i 2019.

Høgreback: Ona Batlle
Offensiv og teknisk katalanar som kom til United i 2020. Spelar fast på det spanske landslaget og er rekna som éin av dei beste backane i verda.

Stoppar: Maya Le Tissier
Blei signert litt "under radaren" frå Brighton før sesongstart i fjor. Trass sin unge alder gjorde ho startplassen til sin eigen, godt hjulpen av dei to måla ho scora i debuten sin mot Reading. Sjefstype som ikkje er i slekt med den gamle ballvirtuosen på The Dell. "Alle" heiter visst Le Tissier på Guernsey...

Stoppar: Millie Turner
Ei local ladess som kjem frå Wilmslow like sør for Manchester. Har vore med frå starten i 2018. Har vorte sett ut av laget i eit par kampar i det siste, men har også bidratt med viktige mål.

Venstreback: Hannah Blundell
Solid back som kom frå Chelsea i 2021. Har vore fast på venstrebacken sidan.

Midtbane: Katie Zelem
Klubbkaptein og rivjern på midten. Ikkje redd for ei takling eller gule kort og er i tillegg giftig på dødball. Er fødd og oppvaksen i Manchester og har vore United-supportar sidan ho var lita. Måtte slutte på jentelaget då United la ned kvinnesatsinga i 2005, og ho måtte sågar ta den tunge turen til Liverpool, der ho spela i tre år. Ho uttrykte til BBC at å spele for United på Wembley var den store draumen som no har gått i oppfylling.

Midtbane: Hayley Ladd
Walisisk midtbaneterrier som kom til United frå Birmingham i 2019. Energisk, uthaldande og ein tøff taklar.

Offensiv Midtbane: Ella Toone
Ein av superstjernene på laget. Blei nasjonal heltinne etter EM-triumfen på heimebane i fjor. 23-åringen frå Tyldesley utanfor Wigan er på mange måtar ein komplett spelar. Godt rykk, glimrande teknikk og ein framifrå avslutningsfot. At ho er United-supportar på sin hals skader jo heller ikkje.

Høgreving: Nikita Parris
Den vesle høgrevingen frå Toxteth i Liverpool kom frå Arsenal i 2022. Har også vore i storklubbar som Manchester City og Lyon. I tillegg til fart, har Parris også ein god pasningsfot og ho er herleg frekk i boksen. Det er noko vakkert med scousarar som har suksess i United.

Venstreving: Leah Galton
Den tatoverte elegante venstrevingen frå Yorkshire kom frå Bayern München i 2018, og har dermed vore med frå starten. Er kjent for sine gode innlegg og avslutningar.

Spiss: Alessia Russo
Kanskje den største stjerna av dei alle. Starta karrieren i Chelsea, men tok først store steg då ho kom til United i 2020. Stor suksess under EM i fjor og United takka nei til eit rekordbud frå Arsenal tidlegare i sesongen. Hardtarbeidande og målfarleg i tillegg til ein slepen teknikk.


Lukke til, jenter! Underteikna kjem iallefall til å benke seg framfor fjernsynet på søndag for å vere vitne til dette laget sin forhåpentlegvis første pokal av mange.
post liked by: messilingard, Can2, Ryder, Beta 2.0, Buchan, Blodfink, Pink Final
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Can2
Kongen av understatements
Posts: 882
Joined: 29 Jun 2022, 15:39
Liker gitt: 7721
Liker mottatt: 2582

Så bra kamptråd, @Pancho P 👍 Velfortjent oppmerksomhet rundt et veldig godt lag!
post liked by: Pink Final, Pancho P, Buchan
Kong Eric Cantona
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7536
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26887
Liker mottatt: 17424

Flott kamptråd @Pancho P.
God presentasjon av både lag og enkeltspillere.
Håper jentene følger opp med en god prestasjon.
Hadde vært så stas om jentene vinner cupfinalen :champion:.
Jeg er også spent på trøkket fra tribunene.
post liked by: Pancho P, Buchan, Can2
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2568
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13335
Liker mottatt: 8520

Takk for det, @Can2 og @Pink Final. Fint om nokon med meir kjennskap til kvinnelaget kan gje meir utfyllande informasjon om spelestil etc. Når det gjeld stemninga på Wembley, er det svært usikkert kven som kjem til å fylle tribunene. United fekk 8000 billettar, mens Chelsea vart avspist med 7500. Heile 65000 billettar blei selde til såkalla "nøytrale" fans. Slikt kan nok gå på ein kvinnekamp, der tribaliseringa og fiendskapen mellom fansen ikkje er like stor som mellom fans av herrelaga.

Dessutan vert VAR brukt for første gang i FA-cupen for kvinner.
post liked by: Buchan, Can2, Pink Final
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

RedTrafford
Donor
Posts: 3904
Joined: 13 Mar 2021, 16:00
Liker gitt: 16987
Liker mottatt: 10884

En helt fortjent kamptråd til de flotte United jentene våres :D
Bra innsats @Pancho P :thumb_up:

Blir nok en beintøff kamp, der Chelsea er favoritter.
Ballen er rund og cup er cup, hvorfor ikke en liten overraskelse i morgen. :D
post liked by: Can2, Pink Final, Pancho P, Blodfink
User avatar

RedTrafford
Donor
Posts: 3904
Joined: 13 Mar 2021, 16:00
Liker gitt: 16987
Liker mottatt: 10884

Lykke til jenter, ikke umulig å dra i land dette her. Og det er plass til flere pokaler i denne klubben :champion:
post liked by: Can2, Pancho P, Blodfink, Pink Final

Beta 2.0
Posts: 318
Joined: 03 Feb 2023, 11:35
Liker gitt: 105
Liker mottatt: 821

Toppet lag og utsolgt stadion. Har troen i dag!
post liked by: Can2, Pancho P, Blodfink, Pink Final
User avatar

Can2
Kongen av understatements
Posts: 882
Joined: 29 Jun 2022, 15:39
Liker gitt: 7721
Liker mottatt: 2582

22 sek! Jubelen sto i taket her, så ikke det hersens flagget! 😲
post liked by: Pancho P, Blodfink, RedTrafford, Pink Final
Kong Eric Cantona
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2568
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13335
Liker mottatt: 8520

Svært sterkt første kvarter. Kjør på!
post liked by: Can2, Blodfink, RedTrafford, Pink Final
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Ryder
Posts: 4633
Joined: 03 Jun 2019, 09:59
Liker gitt: 2560
Liker mottatt: 10432

Chelsea har har hatt lite å by på bortsett fra langballer. Vi har hatt flere gode overgangsmuligheter, men manglet litt presisjon i avgjørende øyeblikk.
post liked by: Blodfink, Pink Final
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2568
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13335
Liker mottatt: 8520

Vi er ekstremt aggressive og gode i presset. Manglar litt på presisjonen i avslutningsfasen, ja.
:down: Dette ble for automatisk redigert inn i posten for å hindre dobbel post.
Oi, Leah Galton - du får ikkje mange større enn desse.
post liked by: Can2, Blodfink, Ryder, Pink Final
It's Squeaky Bum Time!

Beta 2.0
Posts: 318
Joined: 03 Feb 2023, 11:35
Liker gitt: 105
Liker mottatt: 821

Vi har vært det klart beste til nå. Hadde vært kjekt med en scoring siste fem.
post liked by: Pancho P, Can2, Blodfink, Ryder, Pink Final
User avatar

Ryder
Posts: 4633
Joined: 03 Jun 2019, 09:59
Liker gitt: 2560
Liker mottatt: 10432

Synes vi er veldig gode defensivt, ikke tilfeldig at laget knapt slipper inn mål. Batlle har Reiten langt nedi lomma foreløpig. Blundell god mot James også.
post liked by: Pancho P, Pink Final
User avatar

Blodfink
Donor
Posts: 14542
Joined: 11 Aug 2018, 11:57
Liker gitt: 22986
Liker mottatt: 18979

Deilig å se Avram m/fam. på tribunen :skul:
post liked by: Pancho P, Pink Final
LUHG!
User avatar

Ryder
Posts: 4633
Joined: 03 Jun 2019, 09:59
Liker gitt: 2560
Liker mottatt: 10432

Var ikke den innafor, da? Ikke VAR med oss på damesiden heller…
post liked by: Pancho P, Can2, Pink Final
Post Reply