MANCHESTER UNITED - Aston Villa
Premier League
Søndag 30.04.2023 kl. 15.00.
Old Trafford, Manchester
Innbyrdes
United: 103
Uavgjort: 41
Aston Villa: 51
Skader United
Martínez, Varane, Van de Beek, Garnacho og McTominay er definitivt ute. Maguire og Heaton er usikre.
Premier League
Søndag 30.04.2023 kl. 15.00.
Old Trafford, Manchester
Innbyrdes
United: 103
Uavgjort: 41
Aston Villa: 51
Skader United
Martínez, Varane, Van de Beek, Garnacho og McTominay er definitivt ute. Maguire og Heaton er usikre.
Squeaky bum time - part 1
Nedtellinga har begynt. Det er berre å førebu gluteus maximus og tilstøytande område på mykje gnikking, gnissing, piping, rugging og andre meir eller mindre sømmelege lydar og aktivitetar i månaden som kjem. Vi treng 12 poeng på dei siste sju kampane (eg går ut frå at Brighton ikkje kjem til å vinne alle sine kampar i avslutninga) for å sikre oss Sjæmpion Liigs til hausten, noko dei fleste av oss hadde som mål før sesongen starta. Slitasjen i spelartroppen er tydeleg, og spørsmåla rundt den mentale styrken til laget har begynt å melde seg etter tidvis svake prestasjonar og resultat i det siste.
Heimeformen til Ten Hags menn har imidlertid vore stabilt god gjennom heile sesongen og den bør helst halde fram mot ein Villa-lag som seglar i medvind for fulle segl under fotball-professoren Unai Emery. Laget frå Birmingham har ei rekke med ti kampar utan tap i serien og 3-0 sigeren mot Newcastle var særleg imponerande. The Villans har klatra til ein sterk sjetteplass på tabellen, noko som ikkje var særleg sannsynleg då Emery overtok sjefsstolen på Villa Park i oktober i fjor.
Spelartroppen er så godt som identisk med den som Steven Gerrard etterlot seg nær botnen av tabellen sist haust. VM-helt Emiliano Martínez, som forklarte Villa si forvandling med følgande gullkorn: " Vi har ein god manager no", ser ut til å ha funne tilbake til sitt vanlege toppnivå. Konsa og Mings er blant Premier Leagues beste og mest stabile stopparpar, mens gode, gamle Ashley Young har briljert i Matty Cash sitt skadefråvær på høgrebacken. På venstrebacken har Emerys eige kjøp Alex Moreno etterkvart spelt seg varm i trøya og vert nemnt som éin av sesongens beste signeringar.
På midtbana har Douglas Luiz vore stabiliteten sjølv, mens Dendoncker har komme inn og gjort saknet etter Boubacar Kamara minimalt. Ramsey, McGinn og Buendía utgjer den offensive, men hardarbeidande trioen på midtbana, mens Ollie Watkins plutseleg ser ut som den komplette Premier League-spissen enkelte aldri trudde han kom til å bli. Etter VM har han vore i fyr og flamme, blant anna p.g.a. at han har studert avslutningsteknikken til Edinson Cavani, som Emery jobba med i PSG.
Det er ikkje ofte eg gruar meg til kamp, men bataljen mot Villa på søndag kjem til å bli knallhard. Både for nervane og rumpemuskulaturen.