[EL] Real Betis - Manchester United
Posted: 13 Mar 2023, 18:48
Real Betis - Manchester United
Europa League
Torsdag 16. mars kl. 18.45
Estádio Benito Villamarin, Sevilla
Innbyrdes:
Manchester United: 1
Uavgjort: 0
Real Betis: 0
Skader United:
Van de Beek er langtidsskadd.
Eriksen er framleis ute.
Garnacho og Sabitzer er høgst tvilsomme.
Martial er tilbake i trening.
Edit: Antony er ikkje med i kamptroppen.
Betis borte betyr...
Her er det berre å fylle inn med kva som helst, så lenge alliterasjonens strenge krav vert følgde. Bravur? Bank? Beleiring? Behag? Brudulje? Om ein skal legge oppførselen til eit lite antal Betis-fans på Old Trafford til grunn, kan sistnemnde b-ord kanskje vere det mest nærliggande å tenke på. Tilhengarane til Real Betis er kjende for å vere blant dei mest lojale og høgrøysta på den iberiske halvøya og temperaturen kjem til å vere på kokepunktet, sjølv om heimelaget har eit svært vanskeleg utgangspunkt med 1-4 frå oppgjeret på Old Trafford. Meir om Betis og deira lidenskapelege fans seinare.
For Uniteds del bør avansement vere eit klart mål før returoppgjeret i Andalucía, men ting tyder på at det tette kampprogrammet har begynt å tære på dei fysiske og mentale kreftene til dei raude djevlane. Ikkje minst for oss supportarar. Casemiro må fokusere på å vere midtbanemotor i Europa League framover etter at heimlege konstablar har fylt sertifikatet hans opp med prikkar for det andre ofte berre får ein streng peikefinger for. Garnacho kan vere ute i lang tid etter eit ublidt møte med Walker-Peters si heimelaga revesaks, også kalla ei "perfekt utført takling". Men nok sutring frå underteikna. Klaging har som kjent aldri skaffa bacon på bordet.
Kampen i Sevilla vert som nemnt ingen parademarsj og United må vere påskrudde frå første spark. Torsdagens motstandar er langt frå den mest meritterte klubben i Spania med tanke på titlar og deltaking i Europacupane, men lurvelevenet på Benito Villamarin kan vere ein faktor som kan vippe slitne United-spelarar av pinnen. Særleg med tanke på eit visst stortap for ei god veke sidan.
Real Betis har vunne serien kun éin gong tidlegare, så langt tilbake som i 1935 og har heller ikkje mange andre pokalar i premiesamlinga. Om det hadde blitt delt ut trofé for lojalitet og hengivenheit frå fansen, ville derimot pokalsamlinga til "dei vertikale Celtic-trøyene" vore smekkfull. Heilt sidan 50-talet, då Betis sleit tungt på tredje nivå, har fansen trufast støtta laget i tjukt og tynt og fylt arenaen i Heliópolis til randen. I tillegg har dei tradisjonelt kunne skilte med ein talrik bortesupport, noko som er svært uvanleg i Spania. Bortesupportarane til Betis vart eit nasjonalt fenomen kalla La Marcha Verde (den grøne marsjen), kjende for slagordet sitt "Viva er Beti manqué pierda!" ("Leve Betis, sjølv når dei taper!"). På mange måtar minna Betis-fansen på Old Trafford forrige veke om supportarane til franske Saint Etienne, som også laga enorm stemning på Old Trafford då dei var på besøk for nokre sesongar sidan.
I Spania er det å reise på bortekamp noko berre dei mest hardbarka supportarane kan finne på. Dei fleste store klubbane har sin eigen peña , eller supportaravdeling, i mange av dei større byane, men desse organiserer nesten utan unntak turar til heimekampane. Eg har sjølv vore med ein av Real Madrid sine peñas til Santiago Bernabeu, men då eg spurte om nokon av dei skulle på neste bortematch, lurte dei på om eg var riktig vel bevart.
Men Betis er ikkje heilt som andre klubbar. For det første gjekk dei imot trenden blant dei første spanske klubbane, som, påverka av fotballen sitt engelske opphav, gjerne kalla seg "Foot-ball Club", "Athletic", "Club de fútbol" og andre anglisismar som ikkje fanst i det spanske språket. Slikt fjolleri ville ikkje arbeidarklasseklubben frå Sevilla vere med på og heilt sidan starten har dei kalla seg Sevilla Balompié og seinare Betis Balompié. "Balompié" er ei direkte spansk omsetting av "fotball", men kan verke ganske på provinsielt i moderne spansk. Tenk berre på tendensen blant visse kommentatorar på 80-talet om å omtale "basketball" som "kurvball"...
På torsdag vert det nok meir haraball enn korgball og som fin lektyre før kampen vil eg legge ved ein eldre, men fortsatt relevant artikkel av Andy Mitten om det det mest intense fotballderbiet i Spania - Slaget om Andalucía mellom Real Betis og Sevilla FC. Om halvparten som står der er sant, bleiknar El Clásico i samanlikning...
https://www.fourfourtwo.com/features/co ... ns-hottest