[EL] Real Betis - Manchester United

Manchester Uniteds kamper diskuteres her.
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2516
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12966
Liker mottatt: 8245

Real Betis - Manchester United

Europa League
Torsdag 16. mars kl. 18.45
Estádio Benito Villamarin, Sevilla

Innbyrdes:
Manchester United: 1
Uavgjort: 0
Real Betis: 0


Skader United:
Van de Beek er langtidsskadd.
Eriksen er framleis ute.
Garnacho og Sabitzer er høgst tvilsomme.
Martial er tilbake i trening.
Edit: Antony er ikkje med i kamptroppen.


Betis borte betyr...

Her er det berre å fylle inn med kva som helst, så lenge alliterasjonens strenge krav vert følgde. Bravur? Bank? Beleiring? Behag? Brudulje? Om ein skal legge oppførselen til eit lite antal Betis-fans på Old Trafford til grunn, kan sistnemnde b-ord kanskje vere det mest nærliggande å tenke på. Tilhengarane til Real Betis er kjende for å vere blant dei mest lojale og høgrøysta på den iberiske halvøya og temperaturen kjem til å vere på kokepunktet, sjølv om heimelaget har eit svært vanskeleg utgangspunkt med 1-4 frå oppgjeret på Old Trafford. Meir om Betis og deira lidenskapelege fans seinare.

For Uniteds del bør avansement vere eit klart mål før returoppgjeret i Andalucía, men ting tyder på at det tette kampprogrammet har begynt å tære på dei fysiske og mentale kreftene til dei raude djevlane. Ikkje minst for oss supportarar. Casemiro må fokusere på å vere midtbanemotor i Europa League framover etter at heimlege konstablar har fylt sertifikatet hans opp med prikkar for det andre ofte berre får ein streng peikefinger for. Garnacho kan vere ute i lang tid etter eit ublidt møte med Walker-Peters si heimelaga revesaks, også kalla ei "perfekt utført takling". Men nok sutring frå underteikna. Klaging har som kjent aldri skaffa bacon på bordet.

Kampen i Sevilla vert som nemnt ingen parademarsj og United må vere påskrudde frå første spark. Torsdagens motstandar er langt frå den mest meritterte klubben i Spania med tanke på titlar og deltaking i Europacupane, men lurvelevenet på Benito Villamarin kan vere ein faktor som kan vippe slitne United-spelarar av pinnen. Særleg med tanke på eit visst stortap for ei god veke sidan.

Real Betis har vunne serien kun éin gong tidlegare, så langt tilbake som i 1935 og har heller ikkje mange andre pokalar i premiesamlinga. Om det hadde blitt delt ut trofé for lojalitet og hengivenheit frå fansen, ville derimot pokalsamlinga til "dei vertikale Celtic-trøyene" vore smekkfull. Heilt sidan 50-talet, då Betis sleit tungt på tredje nivå, har fansen trufast støtta laget i tjukt og tynt og fylt arenaen i Heliópolis til randen. I tillegg har dei tradisjonelt kunne skilte med ein talrik bortesupport, noko som er svært uvanleg i Spania. Bortesupportarane til Betis vart eit nasjonalt fenomen kalla La Marcha Verde (den grøne marsjen), kjende for slagordet sitt "Viva er Beti manqué pierda!" ("Leve Betis, sjølv når dei taper!"). På mange måtar minna Betis-fansen på Old Trafford forrige veke om supportarane til franske Saint Etienne, som også laga enorm stemning på Old Trafford då dei var på besøk for nokre sesongar sidan.

I Spania er det å reise på bortekamp noko berre dei mest hardbarka supportarane kan finne på. Dei fleste store klubbane har sin eigen peña , eller supportaravdeling, i mange av dei større byane, men desse organiserer nesten utan unntak turar til heimekampane. Eg har sjølv vore med ein av Real Madrid sine peñas til Santiago Bernabeu, men då eg spurte om nokon av dei skulle på neste bortematch, lurte dei på om eg var riktig vel bevart.

Men Betis er ikkje heilt som andre klubbar. For det første gjekk dei imot trenden blant dei første spanske klubbane, som, påverka av fotballen sitt engelske opphav, gjerne kalla seg "Foot-ball Club", "Athletic", "Club de fútbol" og andre anglisismar som ikkje fanst i det spanske språket. Slikt fjolleri ville ikkje arbeidarklasseklubben frå Sevilla vere med på og heilt sidan starten har dei kalla seg Sevilla Balompié og seinare Betis Balompié. "Balompié" er ei direkte spansk omsetting av "fotball", men kan verke ganske på provinsielt i moderne spansk. Tenk berre på tendensen blant visse kommentatorar på 80-talet om å omtale "basketball" som "kurvball"...

På torsdag vert det nok meir haraball enn korgball og som fin lektyre før kampen vil eg legge ved ein eldre, men fortsatt relevant artikkel av Andy Mitten om det det mest intense fotballderbiet i Spania - Slaget om Andalucía mellom Real Betis og Sevilla FC. Om halvparten som står der er sant, bleiknar El Clásico i samanlikning...


https://www.fourfourtwo.com/features/co ... ns-hottest
Last edited by Pancho P on 16 Mar 2023, 08:28, edited 1 time in total.
post liked by: Pink Final, Blodfink, red, Belfastboy, Buchan, RedTrafford, Ryder, Can2, Pwint
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7393
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26229
Liker mottatt: 16754

Herlig info om Betis fansen @Pancho P.
Du besitter mye kunnskap om spansk fotball 👏👍.
Her lærte jeg mye om spansk supporter kultur.
Visste at spanske lag ikke har tradisjon for borte support, men visste ingenting om Betis fansen.
De imponerte veldig på Old Trafford, vokalt vel og merke.
Pøbel streker derimot…

Ja laget vårt ser litt kjørt ut nå.
Håper ikke vi kopierer Arsenal anno 1979/80.
Den sesongen spilte de rekordmange 70 matcher.
Brian Talbot spilte alle 70!
De spilte 17 matcher på sesongens siste 48 dager.
De tapte to cupfinaler utmattet som de var.
Talbot kollapset på spillerbussen etter FA cup finalen.
Uefa cup fikk de heller ikke.

Vi har jo alt landet én pokal.
Men jeg vil ha minst èn til, samt topp 4.
Kanskje må spillere som Lindelöf, Maguire (?), McTominay og Pellistri stoles på i større grad?
Selv de Gea kan muligens trenge en pause (Ref den nye podcasten på United.no)?

Satser på at vi leder nok til å gå videre til kvarten.
post liked by: Pancho P, Belfastboy, Buchan, RedTrafford, Can2, Pwint
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2516
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12966
Liker mottatt: 8245

@Pink Final Ja, den manglande bortesupporten i Spania er eit merkeleg fenomen. Som Mitten også skriv, er det meir tradisjon for å møte kompisane på bar for å sjå kamp enn å reise til ein annan by for å støtte laget. I dei fleste byane finst det eigne Barcelona eller Real Madrid-barar og du bør velge desse med omhu om du heiar på éin av desse klubbane😅

Når det gjeld rivaliseringa mellom Sevilla og Betis, overgår den all fornuft. Eg hugsar at Frode Olsen fortalde at han i si tid som Sevilla-keeper opplevde at hans eigne fans peip og bua på han kvar gong han redda eit skot i ein kamp. Grunnen: motstandarlaget kjempa mot Betis for å unngå nedrykk 🤣
post liked by: Pink Final, Belfastboy, Buchan, RedTrafford, red, Can2, Pwint, Blodfink
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7393
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26229
Liker mottatt: 16754

Hadde glemt det du skriver om Frode Olsen, og også om by rivalisering i Sevilla @Pancho P.
Interessant og lærerikt.

Jeg ser for meg at om de tidlig skulle få 1-0 og 2-0 blir det ei gryte og et trøkk som blir tøft å håndtere.
Bra vi har 3 mål å gå på.

Ellers huskes Estádio Benito Villamarín fra 1982 VM.
I den grønne Panini boka med fotball appelsinen på forsiden kunne man klistre inn fotballkort ikke bare av spillerne.
Men også av stadionene.
Den boka var eneste gang jeg klarte å få en komplett samling.
Og blant alle de spennende og morsomme gruppene var gruppa med Brasil, New Zealand, Skottland og Sovjetunionen den mest spennende og severdige.
Der flere av matchene gikk på de to stadionene i Sevilla, og minst 3 av dem ble sendt på nrk, kanskje så mange som 5?
Brasil - Skottland 4-1 ble sendt fra Betis’ stadion.
Med Socrates, Zico, Eder, Junior, Falcao m.fl.
Samt de skotske spillerne godt kjent fra tippekampene, Archibald, Wark, Souness (😩), Robertson, Jordan samt den gang mindre kjente spillere fra den skotske ligaen. Slike som Gordon Strachan.

Beklager avsporing, men relevansen er til Benito Villamarín og gode minner.
Jeg håper torsdag kveld kan bli et nytt godt minne å ta med seg.
Kanskje blir det en av brassene våre, eller vår engelske skotte McTominay som sender oss videre? 🙏
post liked by: Pancho P, Buchan, RedTrafford, Pwint, Blodfink, Belfastboy
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Ryder
Posts: 4548
Joined: 03 Jun 2019, 09:59
Liker gitt: 2471
Liker mottatt: 10100

Herlig lesning, @Pancho P, blir nok ei heksegryte der fansen vil gjøre alt for å vippe oss av pinnen selv om vi har et solid forsprang.

Tenker at det må være lov å ha en... hva skal en si... kontrollert inngang til denne kampen. Det er ikke vi som skal underholde, vi trenger egentlig å bruke så lite krefter som mulig. Rotere litt (mye blir det nesten aldri med ETH), ha fokus på defensiv struktur og holde nullen, så kan vi bytte enda mer dersom vi runder 60 minutter uten å ligge under.
post liked by: Can2, Pancho P, Buchan, Pink Final, Pwint, Blodfink, Belfastboy
User avatar

Can2
Kongen av understatements
Posts: 878
Joined: 29 Jun 2022, 15:39
Liker gitt: 7700
Liker mottatt: 2546

Kjempefin kamptråd @Pancho P ! Alltid artig å lese og bli kjent med spansk fotballkultur, som @Pink Final er inne på. Dere utfyller også hverandre med mye kunnskap, historikk og et og annet skråblikk. Hvis dere lager podcast abbonerer jeg garantert! 👍
post liked by: Buchan, RedTrafford, Pink Final, Pwint, Pancho P, Blodfink, Belfastboy
Kong Eric Cantona
User avatar

Pwint
Donor
Posts: 2596
Joined: 16 Oct 2021, 09:39
Liker gitt: 11869
Liker mottatt: 7626

Nok en gang, veldig bra kamptråd. :) Jeg har vært sur og grinete siden et visst stortap, og gikk glipp av forrige kamp mot Real Betis siden jeg var på jobb i Stockholm. Håper det blir en bra kamp.
post liked by: Pancho P, Can2, Blodfink, RedTrafford, Pink Final, Belfastboy
“I don’t play against a particular team. I play against the idea of losing.”
— Eric Cantona
User avatar

Blodfink
Donor
Posts: 14250
Joined: 11 Aug 2018, 11:57
Liker gitt: 22217
Liker mottatt: 18069

Ingen Garnacho i troppen, da er han i selskap med Eriksen i divisjonen "vi som ikke blir beskyttet av dommerne"...
post liked by: RedTrafford, Pink Final, Pancho P, Belfastboy, Pwint, Can2
LUHG!
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2516
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12966
Liker mottatt: 8245

Takk, takk😊 Eg har vore muggen i lang tid, @Pwint. Mest etter kampen på Anfield, men nesten like mykje p.g.a. det eg oppfattar som konsekvent strengare dømming mot United i lengre tid. Isolert sett kan nok dei fleste avgjerslene forsvarast i forhold til regelboka, men eg synest dommarane og VAR er håplaust inkonsekvente, eller kanskje konsekvent strenge mot oss. Dette gjeld både, straffer, gule kort og utvisningar.

Men for all del, eg ser fram til neste kamp. Eg trur Betis står godt til oss, særleg om vi stiller med mykje fart og kontringsstyrke på topp. Håpar Pellistri får sjansen på bekostning av Antony og at Rashford spelar på venstrekanten. Dette hadde vore ein perfekt kamp for Garnacho, men han er nok ute til etter landslagspausen.

Eg trur, som @Ryder, at det vert lite rullering, men at det kan bli ein del byter i løpet av kampen, om vi kontrollerer oppgjeret.

@Pink Final Eg tenkte faktisk å skrive om Panini-albumet frå VM i 1982, men eg lot det ligge. Namna på alle desse stadionane har ein nesten mytisk klang for meg og dei litt kornete bilda med det mørkegule sollyset på klistremerka er for meg essensen av det ultimate VM. Framleis meiner eg at Sevilla FC sin arena, Sánchez Pizjuán, har den perfekte utsjånaden for eit fotballstadion.

Image

@Can2 Eg kan ikkje svare for Pink Final, men det vert ikkje podcast med underteikna i overskueleg framtid 😅
post liked by: RedTrafford, Pink Final, Belfastboy, Pwint, Can2
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

RedTrafford
Donor
Posts: 3804
Joined: 13 Mar 2021, 16:00
Liker gitt: 16322
Liker mottatt: 10526

Strålende kamptråd @Pancho P

Denne kampen er det underholdingsverdi nok for meg hvert eneste minutt som går uten vi slipper inn mål eller får skader.
Eller rødt kort for den slags skyld :-|

Vi bør kunne kontrollere kampen uten å ta noe særlig risiko.
Støttepasninger har vi jo vært best i klassen på før, greit å dra ned tempoet når vi kan.
Eller i grunnen bare gjør som spanske lag generelt gjør, drøøøøøøøøøøøye tid. :-|
post liked by: Pancho P, Pink Final, Belfastboy, Pwint, Can2
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7393
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26229
Liker mottatt: 16754

Helt enig @Pancho P.
VM 1982 var noe helt eget.
For det første gikk alle matchene om kvelden, helt perfekt for oss tenåringer.
Som var ute på dagtid og brant av krutt og energi.
Også var det hjem til fotball.
I juni var det så kaldt at det snødde her hjemme en dag husker jeg, mens i juli var Oslo Europas varmeste hovedstad.
Alt mens VM pågikk.
Alle gruppene hadde noe eget ved seg.
Fra den rekordjevne - Italia, Kamerun, Peru og Polen til gruppa med Algerie, Chile, Vest-Tyskland og Østerrike.
Der de to sistnevnte leverte en usympatisk parodi av en match og spilte på resultat.
Som sendte begge videre og Algerie ut.
Tross min anglofile tilnærming ble det Brasil som vant mitt hjerte i det VM’et.
For et underholdende og uredd lag de hadde.

Ja det albumet fra Panini var artig.
Selv gikk jeg helt bananas og tok ut sparepenger fra Postens røde i all hemmelighet for opphavet.
Og hamstret Panini klistremerker til boka.
Nydelige stadioner, og det til Sevilla er fantastisk.

Takk for tilliten @Can2.
Vi er nok glade i fotball historie både @Pancho P og meg.
Litt ulik stil, @Pancho P har et glimt og en humor han krydrer dette med jeg liker veldig godt.
Blir nok ingen pod fra meg heller.
Men fortsetter gjerne å ‘plage’ dere skriftlig her med historiske tilbake blikk krydret med facts bare de aller største nerdene av oss går rundt å husker på 😂
post liked by: RedTrafford, Pancho P, Belfastboy, Pwint, Can2
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000

Mr H
Posts: 455
Joined: 16 Mar 2022, 15:18
Liker gitt: 108
Liker mottatt: 1347

Kjenner jeg ten Hag rett blir det nok et ganske sterkt lag i kveld. Mtp. lagkonkurransen virker det som de fleste her tenker det samme. Men det må da være en typisk hvile varane-kamp. Håper også at en av Bruno og Rashy hviles fra start, og at Pellistri får muligheten til å starte sammen med én av disse og Sancho i trioen bak Wout.
post liked by: Pink Final
User avatar

Ryder
Posts: 4548
Joined: 03 Jun 2019, 09:59
Liker gitt: 2471
Liker mottatt: 10100

Tenker også at Varane blir hvilt - samtidig har han sluttet på landslaget og får sånn sett en pause mange av de andre spillerne ikke får de neste par ukene...
post liked by: red, Pink Final
User avatar

red
Posts: 1510
Joined: 29 Jul 2018, 20:36
Liker gitt: 2212
Liker mottatt: 4058

Ai, det med landslaget var en detalj jeg ikke tenkte på.

Angrer også på at jeg ikke endret til Rashford fra start, da han er helt fantastisk på kontringer (vel, på det meste egentlig... :hah: ), men skulle bare i et møte kl 10, og vipps var klokken over 12.
post liked by: Pink Final
User avatar

Ryder
Posts: 4548
Joined: 03 Jun 2019, 09:59
Liker gitt: 2471
Liker mottatt: 10100

Pellistri fra start, spennende!
.
.
.
De Gea

AWB - Maguire - Martinez - Malacia
Casemiro - Fred
Pellistri - Bruno - Rashford
Weghorst

Håper bare Casemiro og Bruno klarer å holde seg unna gult kort. Tør ikke vedde på det…
Post Reply