MANCHESTER UNITED - West Ham United
FA Cup - 8-delsfinale
Onsdag 1. mars, kl. 20.45
Old Trafford, Manchester
Innbyrdes
Manchester United: 72
Uavgjort: 32
West Ham United: 46
Skader United
Anthony Martial
Christian Eriksen og Donny van der Beek - ute i lang tid
FA Cup - 8-delsfinale
Onsdag 1. mars, kl. 20.45
Old Trafford, Manchester
Innbyrdes
Manchester United: 72
Uavgjort: 32
West Ham United: 46
Skader United
Anthony Martial
Christian Eriksen og Donny van der Beek - ute i lang tid
It's Hammer Time!
Berre for å ta det med ein gong - dette blir ein relativt kort kamptråd. Akkurat no er eg mest opptatt av å feire Manchester Unied sitt første trofé sidan 2017 og for ei kjensle det er! Det Erik ten Hag har gjort med denne gjengen overgår alt av fantasidraumar før denne sesongen og alt framover er eigentleg ein bonus. Likevel kjennest det ut som om vi flyt på ei medgangsbølge som ikkje kan stoppast no og dét er det lenge sidan vi kan seie at vi hugsar kjensla av.
Kampane kjem no like hyppig som parkeringsbøtene til enkelte Tesla-kokkar i hovudstaden, og no er det West Ham United som står på menyen på Old Trafford. For dei Formel 1-interesserte i salen kan vel overskrifta gi eit hint om kven eg håpar kjøper Manchester United, men det var uansett litt "søtt" å sjå Avram Glazer late som om han interesserte seg for klubben han har vore med å vanskjøte i løpet av alle desse åra. Vi får håpe at klubben sin opptur ikkje fører til at Glazers ombestemmer seg for å selge. Om dette skjer, må vi berre be til høgare makter om å gi amerikanarane ei openberring om kva godt klubbeigarskap inneber.
West Ham har også opplevd ein viss turbulens på eigarsida den siste tida. Den dynamiske duoen Sullivan & Gold har blitt halvert, då David Sullivan mista sin gyldne halvdel like etter nyttår. På bana har David Moyes sine menn trøbla voldsomt etter den overmåte gode fjorårssesongen, men The Chosen One fekk litt pusterom med den sterke 4-0 sigeren mot Nottingham Forest i går. Hovudfokuset til The Hammers vil bli å overleve i Premier League, så det spørs kor sterkt lag den sindige skotten vél å stille med i FA-cupen, særleg med tanke på at klubben også skal delta i Conference League om ikkje så lenge.
Vi kan nok også rekne med at Erik ten Hag vil rotere på laget for å halde beina til spelarane nokonlunde friske. Vi kan vel ikkje håpe på ein reprise av 6-0 triumfen i FA-cupen i 2003 (den største United-sigeren eg har opplevd live på Old Trafford), men stemninga rundt klubben er litt som i Fergie sine velmaktsdagar. Endeleg har Sir Alex fått ein verdig etterfølgar og vi gler oss til fortsettelsen.
Gratulerer med dagen og nyt cupgullet!