FC Barcelona - Manchester United
Europa League
Torsdag 16. februar kl. 18.45
Camp Nou, Barcelona
Innbyrdes:
Manchester United: 3
Uavgjort: 4
FC Barcelona: 6
Skader United:
Eriksen og Van de Beek er langtidsskadde. Antony, Martial og McTominay er alle usikre.
Europa League
Torsdag 16. februar kl. 18.45
Camp Nou, Barcelona
Innbyrdes:
Manchester United: 3
Uavgjort: 4
FC Barcelona: 6
Skader United:
Eriksen og Van de Beek er langtidsskadde. Antony, Martial og McTominay er alle usikre.
Suspendert United: Martínez, Sabitzer
Torsdag kveld frå Nyenga
Underteikna har i skrivande stund sett den dramatiske MMA-kampen frå Elland Road i opptak og er dermed fire timar forseinka i ekstaserusen. Vårt kjære United tok tre knallsterke poeng mot ein motstandar som heller ville tevle i rævkrok, ryggtak, taskenspel og andre aparte aktivitetar og ein kan nok rekne med ein heilt annan kamp mot distingverte katalanarar på Nyenga, eller Camp Nou, som det gjerne heiter på det innfødde språket. Eg vil ikkje dvele ved Leeds lenger enn høgst nødvendig, men etter det unødvendige poengtapet på Old Trafford i midtveka, var det sødmefylt å klubbe The Yorkshire Clobbers i deira eigen leikegrind (evt. boksering). United er utvilsomt på rett veg med den kyndige og sindige maestroen frå Haaksbergen og byta i den andre omgangen vart orkestrerte med symfonisk presisjon og eleganse. No er også virtuosen Casemiro klar for kamp etter to kampar ute, mens "Licha" Martínez må finne seg i å sitte på orkesterplass p.g.a. suspensjon.
Barcelona mot Manchester United i Europacupen burde vere synonymt med semifinale eller finale i den gjevaste turneringa på kontinentet. Når dei to laga møtast i play-off til cuprundane i Europaligaen, seier det litt om uføret dei to majestetiske klubbane har hamna i dei seinare åra. Blau-grana har ikkje vunne Primera división sidan 2018/19-sesongen og har ikkje komme til finalen i Champions League sidan 2015, då dei også vann sitt foreløpig siste trofé i Europa.
Likevel har problema på bana vorte bagatellMESSIge samanlikna med rotet i styrerommet og på økonomiavdelinga på Camp Nou. I presidentperioden til Josep María Bartomeu opparbeida Barcelona seg eit budsjettunderskot som land som Hellas berre kunne nikke anerkjennande til. Resultatet vart at presidenten i La Liga, Javier Tebas, etterkvart såg på det som si heilage oppgåve å få dei sløsande katalanarane til å halde seg til dei strenge økonomiske reglane som finst i La Liga. Den nye presidenten i Barca, Joan Laporta, måtte etter megen gråt og tenners gnissel la klubblegenden og lønnsgiganten Lionel Messi gå til PSG, mens dei fleste andre frå klubben si siste storheitstid har slått følge. Men sjølv med alle stjernene borte frå lønningslista er den økonomiske situasjonen på Camp Nou prekær. Den planlagde oppussinga av stadion har blitt sett på vent og ein har seld TV-rettar og rettar til merchandise til utanforståande selskap for i det heile å kunne registrere nye spelarar og tilby nye kontrakter til spelarane som allereie er i klubben. Ein måtte til og med gå bak ryggen på La Liga for å oppgradere kontrakten med Pedri til ei profesjonell kontrakt, noko som har fått Javier Tebas til å rasle med dei juridiske sablane. Utfallet av denne dysten er ikkje avklara, men i verste fall risikerer Barcelona å miste den unge superstjerna gratis.
Økonomisk balanserer Barcelona altså på ein knivsegg, men før denne sesongen har Laporta handla som ein femåring med seriøse godteriabstinensar i verdas største godtebutikk. Kjøpa er som nemnt finansierte av salg av klubben sine framtidige inntekter. Det kan minne om å legge alle strutseegga i ein velbrukt pose frå Kiwi før ein legg ut på ein 14 mils motorsykkeltur over eit humpete jorde.
Heldigvis for Laporta, har Xavi etterkvart fått stell på laget og klubben leiar serien med klar margin. Barcelona stiller vanlegvis i ein 4-3-3- formasjon, der dette har vore det føretrekte laget:
Ter Stegen
Kounde - Araújo - Christensen - Balde
Gavi - De Jong - Pedri
Dembele/Raphinha - Lewandowski - Torres/Fati
Kounde - Araújo - Christensen - Balde
Gavi - De Jong - Pedri
Dembele/Raphinha - Lewandowski - Torres/Fati
Både Dembele og Sergio Busquets er skadde og vil ikkje bli klare til dysten på Camp Nou. United har tapt dei fire siste oppgjera mot katalanarane (blant anna to Champions League-finalar), og Barcelona må nok finne seg i å stille som favorittar på heimebane. Men med Erik ten Hag på sidelinja ville eg aldri ha vedda imot Manchester United. God Camp!