MANCHESTER UNITED - Charlton Athletic
League Cup
Tysdag 10.01.2023 kl. 21.00.
Old Trafford, Manchester
Innbyrdes
Manchester United: 38
Uavgjort: 11
Charlton Athletic: 10
Skader United
Jadon Sancho
Donny van der Beek - truleg ute i lang tid
Suspendert United:League Cup
Tysdag 10.01.2023 kl. 21.00.
Old Trafford, Manchester
Innbyrdes
Manchester United: 38
Uavgjort: 11
Charlton Athletic: 10
Skader United
Jadon Sancho
Donny van der Beek - truleg ute i lang tid
Bruno Fernandes
Toget til Ten Hag tøffar fortare enn toget til Den Haag, og sistnemnde er av den kjappe sorten. Everton gjorde god motstand i FA-cupen, men måtte til slutt kapitulere mot eit Manchester United på det jamne. Spelet til dei raude djevlane var ikkje på topp nivå, men det er noko robust og sjølvsikkert over United for tida, og ein har inntrykk av at laget har nok verktøy i skuffa til å få jobben gjort sjølv på middels dagar. Vi står no med sju strake sigrar i alle turneringar og det vil vere ein skrell av dei sjeldne om Charlton skulle øydelegge den statistikken. Det ville vere som om Sheffield Wednesday skulle slå Newcastle eller at Wrexham skulle vinne mot Coventry, og dét kan som kjent ikkje skje...
No kjem Ten Hag nok til å rullere på laget, men uansett bør ein kunne nedkjempe dei modige "Valiants" frå SE7, eit lag som tross alt ligg på 17.plass i League One. Charlton har gjennomgått 15 turbulente år etter nedrykket i 2007 og kontrasten mellom strevarane til Dean Holden og det sjarmerande Premier League-laget til Alan Curbishley er enorm. Under Curbishley var "The Addicks" kjent for å vere ein strukturert og veldriven familieklubb som satsa på unggutar frå eigne rekker eller talent frå lågare divisjonar. Blant landslagsspelarane Charlton fostra fram eller vidareutvikla kan ein nemne Lee Bowyer, Darren Bent, Paul Konchesky, Scott Parker, Dean Kiely, Luke Young, Jason Euell og Mark Kinsella. I 2004-sesongen var laget med å kjempe om ein Champions League-plass, men dårleg form frå slutten av januar (ikkje minst pga salet av Scott Parker til Chelsea), gjorde at gjengen frå The Valley hamna på 7.plass.
Nedturen til Charlton begynte i 2006, då Curbishley vende tilbake til Upton Park for å ta over barndomsklubben West Ham. Ein annan ex-Hammer, Iain Dowie, tok over jobben på The Valley, men han fekk sparken etter berre 12 kampar. Under Les Reed, Alan Pardew og Phil Parkinson (som vi no kjenner best som kjedebannande skrikemanager i serien Welcome to Wrexham) fortsatte nedturen til Charlton og i 2007 var nedrykket til Championship eit faktum.
Åra etter nedrykket var prega av meir eller mindre gode forsøk på opprykk til Premier League, men som mange lag har erfart, kan dørene til Premier League vere stengde i lang tid etter eit nedrykk. I 2014 kjøpte den belgiske forretningsmannen Roland Duchatelet Chalton, noko som innleia dei verste åra i klubbens historie. Fansen var lite imponerte over Duchatelet sitt eigarskap og det vart organiserte protestar og aksjonsgrupper som åpenlyst kritiserte belgiaren og klubbleiinga. Duchatelet på si side gjekk ut og slakta supportarane og hevda at dei ikkje ville klubben sitt beste.
Til slutt, i 2019, gjekk den upopulære eigaren med på å selje Charlton til ESI, eit selskap frå Emiratane, men dramaet var ikkje ferdig med det. The Football League nekta å godkjenne overtakinga etter at det vart avdekka at ESI ikkje hadde så mykje pengar som dei hevda. Inn kom den dansk-amerikanske businessmannen Thomas Sandgaard, som kjøpte Charlton med lovnader om Premier League-spel og å finne tilbake til klubben sine røter. Med sin rockete stil og folkelege appell, vart Sandgaard tatt imot som ein frelsar blant Charlton-fansen, men pipa fekk snart ein annan lyd. Den nye eigaren bestemte seg fort for at sjølvgjort er velgjort, og sette seg sjølv og andre familiemedlemmer til å utføre oppgåver dei strengt tatt ikkje hadde greie på. Då Sandgaard bestemte seg for å skifte namnet på Charlton sitt kvinnelag og i tillegg vedtok å selje fleire billettar på The Valley enn det kapasiteten tilsa (for å sikre seg at flest mogleg kom), begynte dei kritiske supportargruppene å rasle med sablane på nytt.
I skrivande stund prøver fansen å presse Sandgaard til å kvitte seg med klubben, mens klubben styrer mot botnen av League One. Vi håpar alle på United-seier på tysdag, men samtidig bør vi ha all sympati med Charlton-fansen som kjempar ein tapper kamp mot (nok) ein elendig eigar. Vi veit tross alt kva dei har å stri med.