Real Sociedad - Manchester United
Europa League
Torsdag 3. november kl. 18.45
Estadio Anoeta, San Sebastian
Innbyrdes:
Manchester United: 2
Uavgjort: 2
Real Sociedad: 1
Skader United:
Varane og Tuanzebe er garantert ute. Antony, Lindelöf, Martial, Wan-Bissaka og Williams er alle usikre.
Europa League
Torsdag 3. november kl. 18.45
Estadio Anoeta, San Sebastian
Innbyrdes:
Manchester United: 2
Uavgjort: 2
Real Sociedad: 1
Skader United:
Varane og Tuanzebe er garantert ute. Antony, Lindelöf, Martial, Wan-Bissaka og Williams er alle usikre.
Thrilleravslutning i San Sebastian
Den verdskjende filmfestivalen i San Sebastian gjekk av stabelen i september, men eg vil satse eit gullskjell (hovudpremien på festivalen) eller to på at torsdagens drama på Estadio Anoeta vil overgå sjølv den mest prisbeløna grøssar eller thriller. Våre hovudrolleinnehavarar i raudt må vinne med to mål mot filmskurkane i blåkvitt om ikkje det skal bli ein unødvendig cliffhanger som kan ende med potensiell utslagstragedie i februar. Rollelista vår vert kortare for kvar kamp som går, men vi får håpe at birolleinnehavarane våre kan spele ei hovudrolle i torsdagens dyst.
Å slå spanske lag på bortebane var lenge ei herkulisk oppgåve for Manchester United, men vi har til ein viss grad klart å jage den brysame apekatten vekk av ryggen. 4-0-sigeren mot nettopp Real Sociedad i februar i fjor skjedde rett nok ikkje på spansk jord, men den viser at det ikkje er umogleg å slå los txuri-urdin med dei to nødvendige måla i ein avgjerande kamp. Real Betis vann 2-0 på Anoeta på søndag, så då kan ikkje Manchester United vere noko dårlegare.
Kongelege og fiktive fotballag
Ordspelet er ikkje like morosamt på norsk, men ettersom eg såg at Real Sociedad spela mot Real Betis i helga, tenkte eg at eg skulle skrive litt om dei kongelege, eller ekte spansk laga, om ein vil. Fortsatt ikkje morosamt? Tenkte meg det, ja.
Fotballen fekk fotfeste i Spania tidleg på 1900-talet etter at den hadde blitt innført av britiske arbeidarar rundt århundreskiftet. Spanskekongen Alfonso 8. vart raskt hekta på den nye sporten, og han fekk snart den nasjonale cupturneringa Copa del Rey i Spania oppkalla etter seg. Mange av dei nyoppretta spanske klubbane ville også hylle kongen ved å legge til eit kongeleg "Real" i namnet sitt. Dei oppnemnde i tillegg Alfonso som ærespresident i klubbane sine og fekk dermed også bruke den forjetta krona i klubbemblemet. Real Sociedad frå San Sebastian i Baskarland var éin av dei første klubbane som kalla seg "Real", i 1910, ti år før ein viss madridklubb gjorde det same.
Om nokon lurer på kvifor Sociedad blir kalla "la Real", mens Real Madrid i Spania går under namnet "el Real", har det berre med grammatikk å gjere. "Sociedad", som betyr "samfunn", "foreining" eller "organisasjon", er hokjønnsord og må då også bruke den bestemte hokjønnsartikkelen "la". Artikkelen "el" i Real Madrid refererer til ordet "club", som er hankjønnsord. Og med det var lynkurset i spansk over.
Vi var mange som jubla over det 100. unitedmålet til den tidlegare akademispelaren Marcus Rashford i helga. På søndag var det også 85 år sidan klubben si vanvittige rekke med eigenproduserte spelarar i ein kamptropp begynte. Eg vil også nytte høvet til å skryte over Real Sociedad si ungdomssatsing. Dei har kanskje hamna i skuggen av naboen Athletic Club sin cantera, satsinga på lokale unggutar frå Bilbao og talent frå andre deler av Baskarland. Men der Athletic i stor grad har heldt på sin strenge policy med å berre ha baskiske spelarar i troppen, har Real Sociedad fira på krava. Det var etter sigande John Toshack som braut tradisjonen ved å signere John Aldridge seint på 80-talet. Han passa visstnok svært så godt inn. På 80-talet var Sociedad kjende både for å vinne trofé og å ha ein mildt sagt tvilsam bartestil. Ikkje ulikt scousarane, altså.
No signerer dei blåkvite gjerne unge lovande spelarar frå heile Europa, med Darko Kovacevic, Alexander Isak, Martin Ødegaard som gode døme.
Kjernen i arbeidet til Real Sociedad er likevel den gode talentutviklinga. Både Xabi Alonso, Antoine Griezmann og Mikel Oyarzabal har alle komme gjennom akademiet til klubben frå San Sebastian og har vorte store stjerner på den europeiske fotballhimmelen. For dei av oss som som er på feil side av 47, er også namna José Mari Bakero og "Txiki" Begiristain velkjende. Ikkje som Real Sociedad-spelarar, men som tapande finalistar den vakre vårdagen i Rotterdam i 1991. Sistnemnde har i dag visstnok pølsefingrane sine innblanda i diverse lyssky operasjonar på den forkjærte sida av Manchester. I San Sebastian har ikkje dei to nemnde herremennene like høg stjerne som dei etterkvart fekk i Katalonia. Etter å ha vunne sin første Copa del Rey i 1987, stilte eit seiersvant Sociedad som storfavoritt i finalen året etter mot eit kaotisk FC Barcelona, som var i sportsleg krise. Det få visste var at Bakero, Begiristain og ein annan viktig spelar, Luis López Rekarte, allereie hadde bestemt seg for å spele for motstandaren i finalen den kommande sesongen. Innsatsen til dei tre caballeroane (hark, orsak) var så slett at mange baskarar såg ugler både i mosen og på grasmatta på Santiago Bernabéu i Madrid.
Barcelona vann til slutt 1-0 og lukka til dei to klubbane tok vidt forskjellige vegar. Sociedad vann ikkje eit nytt trofé før dei vann cupen i 2020, mens Barcelona fekk ein viss Johan Cruyff som manager. Med han vart ein ny gylden æra innleia for Blaugrana, men dei møtte veggen på Feijenoord Stadion 15.mai 1991. Når det gjeld Manchester United og spanske lag, kan historien i enkelte tilfelle godt gjenta seg.