MANCHESTER UNITED - NEWCASTLE UNITED
Premier League
Søndag 16.10.2022 kl. 15.00.
Old Trafford, Manchester
Innbyrdes
Manchester United: 90
Uavgjort: 40
Newcastle: 43
Skader Manchester United
Aaron Wan-Bissaka, Harry Maguire, Donny van der Beek, Brandon Williams, Axel Tuanzebe, Phil Jones - alle ute.
Anthony Martial - usikker
Suspensjonar: Scott McTominay
Premier League
Søndag 16.10.2022 kl. 15.00.
Old Trafford, Manchester
Innbyrdes
Manchester United: 90
Uavgjort: 40
Newcastle: 43
Skader Manchester United
Aaron Wan-Bissaka, Harry Maguire, Donny van der Beek, Brandon Williams, Axel Tuanzebe, Phil Jones - alle ute.
Anthony Martial - usikker
Suspensjonar: Scott McTominay
"I will love it if we beat them. Love it!"
Kampane kjem så tett at kamptrådforfattarar og andre knapt får summe seg. Ikkje før har vi fått feira ein svært overbevisande seier mot eit solid topp 6-lag frå Kypros, før eit ambisiøst Newcastle kjem på besøk til Old Trafford.
Mot Omon(o)ia skapte våre raude heltar nok sjansar til å vinne med cricket-siffer, men dessverre er effektiviteten ikkje den beste for tida. Nokre av dei viktigaste spørsmåla er om Anthony Martial er tilbake og om Erik ten Hag torer å rullere på laget. Sannsynlegvis er svaret nei på begge desse spørsmåla.
Det er fristande å legge i veg om menneskerettar, journalistpartering, sharialover og bombing av Jemen når vi snakkar om Newcastle post-PIF. Men slikt passar betre i mindre lystige lag. Derfor vert det litt mimring i denne førsteposten.
Manchester United har hatt (med nokre skrekkelege unntak) eit svært så godt tak på strekkodane frå Tyneside i Premier League-æraen. Dei tjuvaktige skjærene frå nord-aust har faktisk berre klart å stele til seg trepoengarar mot dei raude djevlane sju gongar dei siste 35 åra. Og sjølv om dei var nære ved å naske til seg ligagullet ved eit par høve, vart det berre kråkesølv på flokken frå St. James' Park.
Sitatet til Kevin Keegan er velkjent nok og ligainnspurten våren 1996 vert aldri gløymt av verken Reds eller Geordies. Likevel vil eg rippe opp i ei besynderleg rekke med United-tap som skjedde berre nokre månader etter den sødmefulle ligatriumfen.
Manchester United hadde opna 1996/97-sesongen toleleg bra. Laget var ubeseira på dei ni første kampane og fansen hadde allereie stifta bekjentskap med David Beckham sine vanvittige langskot og Ole Gunnar Solskjær sine eminente avsluttareigenskapar. Etter to sterke heimesigrar mot Tottenham og Liverpool, venta eit revansjesugent Newcastle på St. James' Park.
Eg har sjeldan vore så lamslått som supporter som etter kampen den 20. oktober 1996. Vi blei fillerista på ein måte som var nesten utenkeleg under Sir Alex og toppen på kransekaka, ellerthe humble pie var då den belgiske stopparen og Tom Selleck-imitatoren Philippe Albert chippa 5-0-målet over ein forfjamsa Peter Schmeichel.
Men sjokket var ikkje over med det. Helga etterpå herja Egil Østenstad og Southampton med eit rysta United-lag som denne sesongen spela med synlege bortedrakter på sørkysten. The Saints vann 6-3 etter at Roy Keane hadde vorte utvist tidleg i kampen.
Deretter følgde to nye, sure tap. Fenerbahce påførte Manchester United det første heimetapet i europacupane på 40 år, mens Chelsea stoppa United si ubeseira rekke på Old Trafford som hadde vart i to år. ABUane gnei seg i hendene og media spådde at imperiet til Fergie kom til å falle.
Men den gang ei. United snudde skuta og tapte ingen av dei 16 neste ligakampane. Til slutt vann Fergie sine menn ligaen med heile 7 poeng ned til nettopp Newcastle. Kevin Keegan forlot si skute i januar same sesongen utan å komme nærmare skatten enn då han var i duell med sin skotske nemesis.