FOTBALL CLUB SHERIFF - MANCHESTER UNITED
Europa League
Torsdag 15.09.2022 kl. 18.45.
Sheriff Stadium, Tiraspol, Moldova
Innbyrdes
Njet
Skader United
Luke Shaw, Anthony Martial, Luke Shaw, Aaron Wan-Bissaka - alle usikre.
Brandon Williams, Axel Tuanzebe og Phil Jones - endå meir usikre.
Facundo Pellistri - tilbake i løpet av månaden(?).
Europa League
Torsdag 15.09.2022 kl. 18.45.
Sheriff Stadium, Tiraspol, Moldova
Innbyrdes
Njet
Skader United
Luke Shaw, Anthony Martial, Luke Shaw, Aaron Wan-Bissaka - alle usikre.
Brandon Williams, Axel Tuanzebe og Phil Jones - endå meir usikre.
Facundo Pellistri - tilbake i løpet av månaden(?).
Intet nytt fra østfronten
Og takk og lov for det. Manchester United skal for første gong til Moldova og omstendene kunne knapt nok ha vore meir spesielle enn det dei er akkurat no. Tiraspol ligg i den omstridde og ikkje-anerkjende utbrytarrepublikken Transnistria, som har nære band til Moskva. Heldigvis har ikkje kamphandlingane i Ukraina spreidd seg til Transnistria og UEFA har rekna det som trygt å spele kampar i Tiraspol. Eg vil ikkje begi meg inn på ei politisk analyse av konflikten mellom Moldova og Transnistria, men eg kjenner at United kunne ha vore heldigare med trekninga si. Det hadde ikkje vore underteikna imot å sleppe å måtte reise til denne delen av Europa akkurat no.
Kva kan vi forvente av United i denne tøffe bortekampen?
Det er vel ikkje heilt usannsynleg at Erik Ten Hag har endra litt på planane etter tapet mot Real Sociedad i forrige veke. Få av erstattarane tok vare på sjansane sine og behovet for tre poeng er overhengande. Ettersom det vart ein uventa pause i programmet etter at Elizabeth II sin inning tok slutt "four short of a century" (for å bruke ein metafor frå cricketen), vil det vere overraskande om ikkje United stiller med eit tilnærma førstelag i duellen mot "den nyaste sheriffen i byen".
Good sheriff, bad sheriff
Kven er så denne klubben med det fengslande namnet? Klubben blei danna så seint som i 1997 og har vunne den moldoviske toppserien 20(!) gongar dei siste 22 åra. Dei slo for alvor igjennom i Europa i forrige sesong, då dei vann dei to første kampane sine i gruppespelet av Champions League. Særleg 2-1 triumfen mot sjølvaste Real Madrid på Santiago Bernabéu sende sjokkbølger gjennom fotball-Europa. Tidlegare har dei møtt både Rosenborg, Tromsø og Odd i ulike europacupar. Troppen til Sheriff består stort sett av spelarar frå andre land og andre verdsdelar. Klubben har ein relativt sterk økonomi, noko kritikarane hevdar er p.g.a. korrupsjon, smugling og andre lyssky verksemder. Uansett har pengane tillete klubben å hente gode spelarar frå t.d. Brasil, Afrika og ulike land i Aust-Europa.
For dei som likar shady business, legg eg ved litt lesverdig lesning om korleis Sheriff har komme seg til toppen av moldovisk fotball og korleis dei også har oppnådd suksess i Europa. Noko seier meg at namnet deira er meir enn ein smule ironisk...
https://www.rferl.org/a/moldova-sheriff ... 16518.html