Re: Manchester United WFC
Første gang på sikkert flere måneder jeg skrollet ned til kommentarene, men gjorde det her for å se hva som utspilte seg der borte. Relativt fredelig faktisk hittil. Ettersom det kom et slags offisielt svar fra journalisten på saken, Håkon Aaberge, siterer jeg det under her. Han er kort sagt innom flere av elementene vi har diskutert over.
Håkon Aaberge skrev:Hei Schmeichel! Sjølvsagt lov til å stilla spørsmåla du stiller.
Det er ingen som prøver å tvinga fram kunstig interesse. Saken handlar om Manchester United, og me skriv om ting som handlar om Manchester United. At ikkje alle er interesserte i alle delar av Manchester United (mange er ikkje interesserte i akademisaker heller – eller kommentarar om Paul Pogba, for den saks skuld) betyr jo ikkje at det ikkje kan skrivast om.
At eksponering er viktig for interesse seier seg sjølv, og lesartala våre på saker om kvinnelaget har gått betydeleg opp òg, men det betyr uansett aldri at nokon av oss i redaksjonen forventar at du MÅ følgja med på dette. Du følgjer, som før, med på akkurat det du vil følgja med på (og les dei artiklane som interesserer deg). Dei som har lyst til å lesa artikkelen, klikker seg innpå. Dei som ikkje har lyst, klikker seg heller inn på andre artiklar.
Eg kan ikkje seia at eg har høyrd om mange nyheitssider som deler opp sidene sine i herre- og kvinneseksjonar, for å vera heilt ærleg, og eg ser ikkje heilt at verken me eller supportarane ville tent noko på det, altså! Det ville vore å motarbeida både oss sjølv og kvinnelaget.
(PS. Eg trur ikkje nokon meiner at det er galt at du er mest interessert i kvinnehandball heller. Det er det samma prinsippet som gjeld der: sjå på det du har lyst til å sjå på. At fleire har blitt interessert i herrehandball her i Norge dei siste åra, er heldigvis ikkje fordi nokon har tvinga folk til å følgja med. Personleg er eg ikkje spesielt interessert i verken herrehandball eller kvinnehandball.)
Innlegget er likt av: Pink Final, Cola2