DE
Re: TV-serier
Artige betraktningar, @alfen74
Eg trur du kan utvide "raring"-området både sørover og nordover! Likevel er det noko spesielt med industribygder som Høyanger, Årdal, Odda og mange andre eg ikkje kjenner så godt til. Felles for mange av desse bygdene er at dei utviklar ein særeigen identitet og kjærleik til det lokale, der fotball har spela ei viktig rolle. Folk der har/hadde dessutan eit nesten religiøst til engelske lag, noko som kjem tydeleg fram i dokumentaren "Fotballens disipler".
Jamt over vil eg seie at fotballinteressa var nesten altoppslukande i den vesle bygda eg vaks opp i på 80-talet. Kanskje var vi snevre i interessefeltet, men alt utenom fotball og heavy metal var for særingar
Når det gjeld Sogndal er det imponerande korleis dei har heldt det gåande i 40 år på dei to øverste nivåa. Dei må vere Norges beste til å utvikle talent på spareblussbudsjett, men slit etterkvart med å halde oppe entusiasmen blant supportarane. Der ein tidlegare fekk halde på talenta lenge nok til at ein enten klarte å halde seg i toppdivisjonen eller kunne selge for relativt store summar, forsvinn spelarane no tidleg i utviklinga (til større norske klubbar) og ein slit med å erstatte dei internt. Den nye store superstjerna heiter Edmund Baidoo og han kjem til å bli enorm. Håpet er at ikkje Glimt eller Molde kjem og snappar han opp, men at Sogndal får selge han direkte til utlandet med saftig vidaresalgsklausul.
2000 tilskodarar kan verke imponerande, men talet var over det dobbelte då dei spela på øverste nivå. Det bur ca 10 000 menneske innanfor grei (etter veststlandsk målestokk) køyredistanse til Fosshaugane, men heile Sogn frå Årdal til Gulen er i utgangspunktet "Sogndal-territorium". Det finst nokre hardbarka "galningar" som brukar 5-6 timar tur-retur i bil/ferje for å sjå karadn frao saftbygdi, og det må jo sjølvsagt applauderast

Innlegget er likt av: Rød Pølse, Vidar Dale Fjeld, Pangaea, Can2