Fotballkort

DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #46
10Hag skrev: 14 jul 2024, 02:24 Hannah's of Johnstone er visstnok en britisk godteriprodusent som distribuerte Monty-kortene i England.

Og selvfølgelig klarte de å feilstave det også. På pakken skulle det stå "Hannah Presents", men det står "Hanna's Present" :D

Skulle likt å vært flue på veggen hos Monty.
Fantastisk, @10Hag. Dette visste eg ikkje😂 @Pink Final Eg har heller aldri tenkt over at Wilkins ikkje var med i Panini-albumet frå VM-82. Resten av det du skriv gir nostalgiske godkjensler i bøtter og spann. Sett gjerne på eit par episodar med "When We Were Kings" frå dette mesterskapet, og det er som om ein er 42 (huff!) år tilbake i tid.

Her er Monty sine Toninho Cerezo-kort frå 1982. Plenty å markere med rettepennen her😅
Bilde Bilde

Heller ikkje Panini var feilfrie, som ein del kanskje hugsar frå Football 83. Der blei Arthur Albiston forveksla med Kevin Moran, og iren fekk biletet i albumet, men under skotten sitt namn.
Innlegget er likt av: Pink Final, RedTrafford, Belfastboy, Rød Pølse, Pangaea, Andtho01, Can2
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #47
Eg har lenge fundert over korleis eg skulle presentere historia om Manchester United og/eller fotballkort frå 1945 til 1970 på ein konsis og oversiktleg måte. Konklusjonen er at eg ikkje er i stand til det, rett og slett fordi perioden er den mest ikoniske i klubben si historie, samtidig som det blei gitt ut over 150 sett med kort i perioden. Dessutan er eg notorisk henfallen til avstikkarar, assosiasjonar og meir eller mindre morofakta, noko som sikkert irriterer den strukturerte lesaren noko aldeles grenselaust. Dermed vil eg skrive etter innfallsmetoden, med brei bamselabb og stemoderleg hensyn til om alle spelarar og hendingar får rettmessig plass og omtale. Om nokon vil fylle ut med fleire detaljar, vil dette bli tatt imot med stor takk.

Då ligaspelet blei tatt opp att den siste augustdagen i 1946, hadde det skjedd enorme endringar i Manchester United, både i spelartroppen, trenarapparatet og på sjølve stadion. Etter at tyske bomberaid i 1940 og 1941 hadde påført Old Trafford store skader, måtte United spele "heimekampane" sin på Maine Road, hos naboen Manchester City. Old Trafford blei gjenopna i 1949, men klubben hadde pådratt seg betydeleg gjeld, både pga gjenoppbygginga av stadion og leigeutgiftene til sine lyseblå venner på den andre sida av byen.

Klubben hadde ein ny mann på managerbenken. Skotten Matt Busby, som hadde vore ein viktig spelar for både City og Liverpool, blei "kapra" framfor nasen til dei raude scousarane, som hadde utpeikt Busby som sin framtidige assistentmanager. Noko av det første Busby gjorde, var å tilsette Jimmy Murphy som sin assistent, og resten er, som dei seier, historie. Til tross for at Busby fekk over 300 ligakampar, finst det ytterst få fotballkort av han. Jimmy Murphy finst på eit par WBA-kort frå 30-talet, for dei som er over snittet interesserte.

Som naturleg er, hadde det også vore store omveltningar i spelartroppen til Manchester United i løpet av dei knappe sju åra som hadde gått sidan krigen sette ein stopp for liga- og cupfotball. Rett nok hadde Wartime League og The War Cup, samt vennskapskampar og uoffisielle landskampar, sørga for at ein viss grad av aktivitiet på dei britiske fotballbanene, men mange av spelarane hadde enten spela for andre lag i krigsåra, eller dei hadde deltatt i strid på kontinentet.

Denne augustdagen på Maine Road i 1946 var det fem spelarar i startoppstillinga som også var i klubben ved utbrotet av den andre verdskrigen. Den irske fullbacken Johhny Carey hadde komme til United som 17-åring i 1936 saman med faren sin for å signere for klubben. Visstnok skal han ha fått auge på plakatar av avisframsider då han ankom togstasjonen i Manchester. På plakatane sto det: "United's big signing". Carey skunda seg bort til aviskiosken og kjøpte eit eksemplar. Ivrig opna han avisa og måtte skuffa konstantere at United samtidig hadde skaffa seg stjernespissen Ernie Thompson frå Blackburn. Som ein liten fotnote sto det også i avisa at klubben også hadde sikra seg ein ung irsk junior frå Dublin med namnet J. Carey. Ironisk nok blei Thompson ein kjempeflopp for United, mens Carey står som ein bauta i klubbens historie. Carey leidde United til seier i FA-cupen i 1948, klubben sitt første trofé etter krigen, samt det første ligagullet på over 40 år i 1951/52. I tillegg vart han kåra til årets spelar i ligaen i 1949.

Bilde
Johnny Carey, Sunnyvale "Football Series" 1948.



Som eit anna lite fun fact kan eg ta med at mannen som på mange måtar fiksa overgangen til Johnny Carey var Louis Rocca, agenten/altmuligmannen som også var hovudpersonen bak "kuppinga" av Matt Busby. Rocca fekk etterkvart fleire ulike roller i United og nettverket hans fekk æra av å ha oppdaga menge av dei store talenta som etterkvart danna stammen i Busby Babes. Det må også nemnast at det er mest truleg Louis Rocca som kom med forslaget til namnet "Manchester United" på krisemøtet i 1902, då klubben bestemte seg for å skifte namn.

Ein annan mann i startellevaren mot Grimsby i den første kampen etter krigen var spissen Stan Pearson. Pearson var ein local lad frå Salford som hadde fått prøve seg allereie i 1937/38-sesongen, men som for alvor slo ut i full blomst etter krigen. Han var så å seie aldri skadd (å, som vi hadde trengt ein mann som han i våre dagar) og han enda til slutt på 345 kampar og 149 mål. Blant høgdepunta i karrieren var eit fenomenalt hat-trick i semifinalen av FA-cupen i 1948, og han fekk mykje av æra for at United tok pokalen heim det året.

Bilde
Stan Pearson, Kiddy's "Popular Footballers", 1948.


Ein kan ikkje gå vidare utan å ta med talismanen sjølv, Jack Rowley. Den hardtskytande spissen frå Dudley utanfor Wolverhampton, som også er heimstaden til Duncan Edwards, blei signert av United allereie i 1937 for £3000, og hadde blitt fast på laget innan krigen braut ut. Som 17-åring scora han hat-trick for United mot Swansea på Old Trafford og i 1951 fann han nettmaskene heile 30 gongar. Denne rekorden sto seg til Dennis Viollet scora 32 mål i 1959/60-sesongen. Rowley var kanskje den aller største stjerna til United i åra før The Busby Babes tok over scena og han var på United sine bøker i nesten 20 år.

Bilde
Jack Rowley, "Torry Gillick's Internationals", 1948


Den siste spelaren eg vil ta med frå "den eldre garden" er Bert Whalley. Han fekk aldri nokon stor karriere som spelar for United, men er betre hugsa som ein viktig del av trenarapparatet til Busby etter at han måtte legge opp som følge av ein skade i auget. Som ein tragisk historisk tvist, blei han med på flyet til borteoppgjeret mot Beograds Raude Stjerne i staden for Jimmy Murphy, som var på landslagsoppdrag med Wales. Bert Whalley kom aldri heim frå München i live.

Bilde
Bert Whalley, Footballers in Action 1919-1939 (moderne utgåve).


Kven var så Busby sine nye signeringar? Teknisk sett var ikkje Allenby Chilton ein Busby-mann. Han hadde blitt signert av United i 1939 då Liverpool terminerte amatørkontrakta hans. Timinga for signeringa av kontrakta var også dårleg for amatørboksaren frå Durham. Han debuterte for klubben dagen før Storbritannia erklærte krig mot Nazi-Tyskland, og førkrigskarrieren hans blei såleis av det korte slaget. Og når vi snakkar om slag; Chilton blei såra to gongar i løpet av krigen. Først i Caen og seinare under D-dagen i Normandie. Allenby Chilton heldt koken i United-forsvaret fram til 1955, då han var 37 år, og yngre krefter sto klare til å ta over.

Bilde
Allenby Chilton, "A&BC All Sports", 1954


Ein annan half back som var i startoppstillinga 31. august 1946 var Henry Cockburn. Han kom til Manchester United i 1943, men var innom Accrington Stanley i krigsligaen før han gjorde debuten for United mot Grimsby. Cockburn var ein hardttacklande back som også var ein glimrande pasningsspelar. Ein tidleg "Licha" Martínez, om ein vil.

Bilde
Henry Cockburn, Carreras "Turf Footballers", second series, 1951.


Vidare hadde Matt Busby henta den rutinerte landsmannen Jimmy Delaney frå Celtic vinteren før ligaen starta opp. Delaney hadde hatt ei strålande karriere hos Celtic og ikkje alle var overtydde om at dei 4000 punda Busby brukte på den aldrande vingen var vel anvende pengar. Men som han kom til å bevise i fleire tiår framover, visste Busby kva han dreiv med og Delaney kom til å spele ei viktig rolle i dei knappe fem sesongane han var i United.

Bilde
Jimmy Delaney, "Clifford Series", 1950.


Til slutt bør vi kjapt presentere John Aston (seinare kjent som John Aston Sr., av ganske naturlege årsaker). Den eldre Aston var i likheit med Stan Pearson ein lokal Mancunian som drøymde om å spele på Old Trafford som ung gut. Han fekk ikkje umiddelbart sjansen på Busby sitt lag i 1946, men spela seg til fast plass i løpet av sesongen. Han begynte som forward, men blei seinare omskolert til halfback og seinare fullback, der han verkeleg fekk ut sitt store potensiale. John Aston Sr. vart rekna som ein av dei beste forsvararane på øyriket på slutten av 40-talet og begynnelsen av 50-talet og han fekk også ei rekke landskampar for England. Dette høyrte til sjeldanheitene for United-spelarar på den tida. Sonen til John Aston, John Jr., er kanskje meir kjend for United-fans pga at han var med på europacupvinnarlaget i 1968, men faren hadde nok ei endå betre United-karriere.

Bilde John Aston Sr, Carreras "Turf Footballers", 1948.

Det er kanskje urettferdig å utelate spelarar som keeperen Jack Crompton, insideforwarden Johnny Morris, halfbacken Jack Warner og ikkje minst Bogota-banditten sjølv, Charlie Mitten (Andy Mitten sin grandonkel). men tida og plassen renn ifrå oss. Dessutan finst det så vidt eg veit ikkje originale fotballkort av denne gjengen, og sidan dette tross alt er ein tråd om fotballkort, må dei vike plassen i denne omgang.

Som dei observante (og dei som ikkje har duppa av) har skjøna, var kvaliteten på fotballkorta relativt mykje dårlegare etter krigen enn i gullåra til sigarettkorta på 20- og 30-talet. Den britiske regjeringa hadde allereie frå midten av 30-talet mana til eit meir edrueleg forbruk av papir og andre varer og papir blei kraftig rasjonert frå og med 1939. Dei store tobakksprodusentane stoppa sporenstreks å produsere sigarettkort og inngjekk ein gentlemen's agreement om å avstå frå å starte opp produksjonen også etter at krigen var slutt. Som vi ser klarte ikkje alle å halde seg til denne avtalen. Carreras trykte opp to sett med "Popular Footballers", men til deira forsvar må vi legge til at korta ikkje var sigarettkort i vanleg forstand. Bileta av spelarane vart trykte direkte på sigarettpakken og det var opp til den enkelte å klippe ut "kortet". Kvaliteten på kortet var dessutan av ussel kvalitet og det var også lagt eit lag med metallfolie mellom biletet og papiret, noko som førte til at svært få eksemplar har heldt seg godt. Mot slutten av 40-talet døydde sigarettkorta ut, og sjølv om det vart gjort spede og sporadiske forsøk på å gjenopplive fenomenet, tok desse nydelege korta sin siste blås då 50-talet overtok stafettpinnen frå det føregåande decenniet.

Og her kunne det ha enda, men som vi veit, er det på 50-talet at historien om både Manchester United og fotballkortet verkeleg tar av. Parallelt med at forbrukarsamfunnet tok seg opp etter krigen og at både produksjon, befolkningsvekst, konsum og populærkultur opplevde ei rivande utvikling, var Matt Busby i ferd med å skape eit ungt, revolusjonerande superlag på Old Trafford. På mange måtar var Busby Babes og 50-talet som ein match made in heaven. Interessa for engelsk fotball generelt, og Manchester United spesielt, eksploderte, godt hjulpen av det raskt framveksande mediesamfunnet. I tillegg prøvde produsentane av mange typar daglegvarer å utnytte denne interessa ved å trykke opp samlarkort, som dei la ved produktet for å booste salg og lojalitet til sitt eige produkt. Ein kunne skaffe seg fotballkort ved å kjøpe sjokolade, te, frukostblanding og ikkje minst tyggegummi. Sistnemnde produkt viste seg å vere den perfekte følgesvennen til det nye fotballkortet og fram til 80-talet var det vanleg å referere til fotballkort, baseballkort, basketballkort, hockeykort og andre sportskort som "gum cards".

Denne trenden kan sjølvsagt sporast tilbake til USA og dei første setta med baseballkort frå starten av 50-talet, der Topps tidleg blei ein nesten einerådande aktør. Men som med det meste anna, kopierte engelskmennene fort trenden og selskap som Chix ga i 1953 ut eit nydeleg sett med 48 kort i tillegg til eit flott album med plass til alle korta.

Bilde
Tommy Taylor, Chix "Famous Footballers, Series one, 1953.


Barratts ville ikkje vere noko dårlegare og same år begynte dei å gje ut eit sett med kort kalla "Famous Footballers", som blei ein årleg utgivelse til langt ut på 90-talet, frå 70-talet under namnet Bassetts.

Bilde Bilde Bilde
Duncan Edwards, Roger Byrne og Tommy Taylor, Barratts "Famous Footballers", A5, 1957.


Det definitive gjennombrotet skulle imidlertid skje då eit selskap frå London, A&BC, allierte seg med den amerikanske giganten Topps for å straumlinjeforme produksjonen og for å lage kvalitetskort med store opplag. Det første settet inneheldt rett nok stjerner frå ei rekke idrettar og av 120 kort var det berre plass til 36 fotballspelarar, to av desse United-spelarar. Frå og med 1958 begynte A&BC å produsere eigne seriar med både engelske og etterkvart også skotske spelarar og populariteten førte til slutt til at desse korta også fann vegen til norske butikkar og kioskar på 70-talet. Men meir om det seinare.

Utover på 50-talet vart det også vanleg at aviser og blad la ved fotballkort som bilag til utgåvene sine. Særleg populære blei dei reine fotballpublikasjonane som DC Thomson, IPC, Fleetway og andre, som både gav ut faktastoff og meir fiktiv fotballitteratur og teikneseriar. Dei fleste engelskmenn over ein viss alder hugsar figurar som "Roy of the Rovers", som imot alle odds vinn dei største trofea på dei mest spektakulære vis.

I den verkelege verda heitte superstjernene Duncan Edwards, Tommy Taylor, Roger Byrne, Johnny Berry, Eddie Colman, Bill Foulkes, David Pegg, Liam Whelan, Ray Wood, Mark Jones, Dennis Viollet og etterkvart Bobby Charlton. Matt Busby sine unge babes hadde trollbunde heile øyriket med den attraktive fotballen som skulle definere klubben i mange tiår etterpå. Ligamesterskapet blei sikra i både 1956 og 1957, noko som opna dørene for deltaking i europacupen. Som vi alle veit, la dette også til rette for den største tragedien i klubben sin historie. Som avslutning på ein lang post vil eg legge ut to bilete frå lagseriane til Soccer Bubble Gum frå henholdsvis 1957 og 1958. Ytterlegare ord er vel eigentleg unødvendige.

Bilde Bilde Bilde Bilde
Innlegget er likt av: alfen74, Rød Pølse, Pwint, Spirograf1, Pink Final, Belfastboy, Can2
Brukeravatar

937 innlegg
Medlem siden 2022
Liker gitt: 3861
Liker mottatt: 4391

Re: Fotballkort

#48
Dette er jo helt fenomenalt, @Pancho P! Utrolig lærerik lesning. Jeg får lyst til å rydde på loftet, i håp om å grave frem gamle fotballkort. :D
Innlegget er likt av: Rød Pølse, Pwint, Pink Final, Belfastboy, Andtho01, Can2
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #49
Takk for det, @alfen74. Det er berre å begynne å leite. Tippar du finn nokre skattar i eskene og kassane 😄
Innlegget er likt av: Pink Final, Belfastboy, Andtho01, Rød Pølse, Can2
Brukeravatar

Donor
9031 innlegg
Medlem siden 2021
Liker gitt: 52993
Liker mottatt: 33117

Re: Fotballkort

#50
Fantastisk @Pancho P! 👏🏼👏🏼👏🏼
Innlegget er likt av: Pink Final, Belfastboy, Andtho01, Rød Pølse, Can2
You share this jersey with great legends. Honor them now, as they have honored you.
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14211 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64204
Liker mottatt: 44151

Re: Fotballkort

#51
Glimrende @Pancho P.
Dette er artikkel kvalitet 👏👏.
Nydelig ferie lektyre for meg.
Lett og ledig penn som alltid.
Og lærerikt om fotballkort.
Men også om Ernie Thompson.
Kan ikke huske å ha hørt om ham.
Visstnok skal han ha fått auge på plakatar av avisframsider då han ankom togstasjonen i Manchester. På plakatane sto det: "United's big signing". Carey skunda seg bort til aviskiosken og kjøpte eit eksemplar. Ivrig opna han avisa og måtte skuffa konstantere at United samtidig hadde skaffa seg stjernespissen Ernie Thompson frå Blackburn. Som ein liten fotnote sto det også i avisa at klubben også hadde sikra seg ein ung irsk junior frå Dublin med namnet J. Carey. Ironisk nok blei Thompson ein kjempeflopp for United,
Takk for postene dine om fotballkort 🤩🤝.
Innlegget er likt av: Pwint, Belfastboy, Andtho01, Rød Pølse, Can2
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #52
Takk, takk @Pwint og @Pink Final. Historien om Carey minner meg litt om sommaren 1996, då Solskjær blei henta frå Molde. Både Jordi Cruyff og ikkje minst EM-stjerna Karel Poborsky kom inn dørene med mykje meir fanfare og oppstyr, men det var den blyge kristiansundaren som blei ståande igjen som ei klubblegende.

Bilde
Innlegget er likt av: Andtho01, Belfastboy, Pink Final, Pwint, Rød Pølse, Can2
Brukeravatar

Donor
2837 innlegg
Medlem siden 2019
Liker gitt: 29825
Liker mottatt: 8863

Re: Fotballkort

#53
Fantastisk og interessant arbeid du har gjort med United-kortene, @Pancho P :clap: :clap:

Nå har jeg funnet igjen den gamle skriveboka mi med fotballkortene fra VM 1974.
Det var egentlig flere enn jeg husket.

Fant også en side på nettet hvor det ble solgt kort.
Jairzinho (i glass og ramme) var heftig i pris, "bare" 450 dollar.
1974 9.jpg

Synd at kortene mine av Jairzinho & co er limt inn og i en ganske annen tilstand enn de prisene de opererer med.

Skal få lagt inn flere av kortene litt senere.
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Innlegget er likt av: alfen74, Pink Final, Pwint, Rød Pølse, Can2
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #54
Hvis du klipper ut kortene (med heftet fortsatt limt på baksiden) og rammer de inn på samme måte, vil de plutselig fremstå rimelig bra. Ikke optimalt, men fort noen tusenlapper for de rette kortene.

Om ikke affeksjonsverdien trumfer, noe som er forståelig!
Innlegget er likt av: Belfastboy, Pink Final, Pwint, Rød Pølse, alfen74, Blodfink, Can2
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14211 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64204
Liker mottatt: 44151

Re: Fotballkort

#55
Gøy @Belfastboy.
Med den tradisjonelle gulfargen på draktene fra de dager og ikke minst hårfrisyrene 😁.
Gleder meg til du legger ut flere.
Innlegget er likt av: Pwint, Belfastboy, Rød Pølse, alfen74, Can2
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #56
Tusen takk, @Belfastboy. Kortet av Jairzinho er eit smykke reint estetisk, men det er dessverre ikkje så mykje verdt i innlimt tilstand. Som @10Hag nemner, er det fullt mogleg å gjere litt med presentasjonen, men det vil ikkje svare seg økonomisk.

Kortet du viser til er dessutan gradert, noko som automatisk doblar prisen. Buy it now-prisane er forresten alltid kunstig høge og gjenspeiler ikkje den verkelege verdien. Eg kjøpte eit komplett album med Monty 74 for eit par månedar sidan for 2000 kroner, noko som er ein nokonlunde korrekt pris.

Elles er det ein liten kuriositet at Leivinha (eller Vesle-Leif, som han nok hadde heitt på norsk😉) er onkelen til tidlegare Liverpool-spelar Lucas Leiva.
Innlegget er likt av: Belfastboy, Pwint, Rød Pølse, alfen74, Pink Final, Can2
Brukeravatar

Donor
2837 innlegg
Medlem siden 2019
Liker gitt: 29825
Liker mottatt: 8863

Re: Fotballkort

#57
Pancho P skrev: 02 aug 2024, 14:32 Kortet av Jairzinho er eit smykke reint estetisk, men det er dessverre ikkje så mykje verdt i innlimt tilstand.
Nei, det er klart. Synes egentlig prisene på de andre kortene på den siden var veldig høye i seg selv.
https://www.comc.com/Cards/Soccer/1974/ ... ers_-_Base

Morsomt med Leivinha (Vesle-Leif) og at han er onkel til Luca Sleiva(!) som noen kalte han.
Har f.eks. kort av Klaus Sammer (DDR) som er faren til Mathias Sammer. Og det er sikkert mange andre slektskap der.
Innlegget er likt av: Pwint, Rød Pølse, alfen74, Pink Final, Blodfink, Can2
BE

439 innlegg
Medlem siden 2023
Liker gitt: 114
Liker mottatt: 1075

Re: Fotballkort

#58
Ett eller annet sted har jeg et limited edition Bobby Charlton-kort i ekstra tykk papp i ‘Legend’-serien de ga ut sammen med de standard PL-kortene rundt årtusenskiftet. Ett av noe sånt som 1250 eksemplarer. Neppe verdt så mye, men kult å ha. Har også ett av Duncan Edwards, men i vanlig papp.
Innlegget er likt av: Pwint, Rød Pølse, alfen74, Pink Final, Belfastboy, Blodfink, Can2
Brukeravatar

Donor
9031 innlegg
Medlem siden 2021
Liker gitt: 52993
Liker mottatt: 33117

Re: Fotballkort

#59
Ser de nå har begynt å pushe digitale fotballkort. (NFTs) Det syns jeg ærlig talt bare er triste greier. Men jeg er vel bare gammel.
Innlegget er likt av: Pink Final, alfen74, Spirograf1, Blodfink, Can2, RedTrafford, Rød Pølse
You share this jersey with great legends. Honor them now, as they have honored you.
BE

439 innlegg
Medlem siden 2023
Liker gitt: 114
Liker mottatt: 1075

Re: Fotballkort

#60
Det å mislike NFTer er rimelig ungdommelig egentlig. Ikke akkurat tenåringer som prøver å dytte dem på folk.
Innlegget er likt av: Pwint, Spirograf1, Blodfink, Can2, Rød Pølse, alfen74
Flere visningsvalg

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Batman og 0 gjester