Fotballkort

DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #16
3. Gullåra

Tittelen er mynta på den enorme populariteten til sigarettkorta etter den første verdskrigen og definitivt ikkje på Manchester United sin suksess på fotballbana, Då ligafotballen starta opp att i 1919 skulle det snart vise seg at den bekymringsfulle nedgangen og nesten-nedrykket i 1915 ikkje var eit blaff for laget frå Old Trafford. Stjernespissen Sandy Turnbull, som blei utestengt frå all fotball etter kampfiksingsskandalen mot Liverpool, døydde på slagmarka i Frankrike i mai 1917. Levningane hans blei aldri identifiserte og Turnbull er berre éin av nesten 36 000 falne soldatar som vert heidra på Arras-gravlunden i Nord-Frankrike. Turnbull blei frikjend for kampfiksinga i 1919 og ryktet hans blei på mange måtar reinvaska.

Den gamle hærføraren på bana, Billy Meredith, fylte 40 år to dagar etter at den første verdskrigen braut ut. Han var framleis i United i 1919, men rolla hans skulle bli stadig meir perifer. I 1921, då Meredith var 47 år, innvilga United han ein free transfer til Manchester City og den walisiske magikaren heldt det gåande til sommaren 1924, eit par månader før han fylte 50. Faktisk var det berre to av spelarane som spela i den siste kampen mot Aston Villa i 1915 som også var oppførte i lagoppstillinga mot Derby fire år seinare.

I 1922 måtte United ta den tunge vegen ned i Second Division etter ein katastrofal sesong der laget berre vann åtte kampar og der ein hamna på jumboplassen i toppdivisjonen. Dette var den første gongen på 16 år at ein ikkje fekk måle krefter mot dei beste laga i England og i 1924 nådde klubben det foreløpige botnpunktet med ein elendig 14.plass på nest øverste nivå.

Interessa for United og fotball var likevel på topp på øyriket etter krigen. Publikumstala var høge (40 000 tilskodarar på ligakampar var ikkje uvanleg) og optimismen rådde, trass i at nesten ein heil generasjon hadde blitt utradert i krigen sitt meiningslause vanvidd.

Sigarettkorta, som under krigen måtte vike for produsjonen av meir presserande artiklar som patronesker og propagandamateriale, gjorde comeback i 1922, men dei møtte for første gong konkurranse frå anna hald. Om det var p.g.a. mangelen på mannlege sigarettkundar etter nedslaktinga under krigen, skal vere usagt, men på begynnelsen av 20-talet begynte også godteriprodusentar og utgivarar av boys' magazines å legge ved bilete av fotballspelarar for å stimulere salget av produkta sine. Korta var i mange tilfelle fotografi av spelarar, av og til i fargar, med noko informasjon på baksida.

Bilde
Manchester United, frå magasinet "Pluck", januar 1923.

Desse magasina, som kosta to pence og vart kalla "tuppenny bloods", inneheldt korte illustrerte historier og vart gitt ut i rimeleg svære opplag. Setta med fotballkort var derimot små (ofte i underkant av 20 kort) og desse oppnådde aldri den store populariteten.

Det gjorde derimot dei første seriane med sigarettkort etter krigen og om guteblada hadde vore sparsame med antal kort, slo selskap som londonbaserte Godfrey Phillips verkeleg på stortromma. Fram til 1923 produserte dei ikkje mindre enn 2462 kort av spelarar frå heile ligasystemet. Korta, som går under namnet Pinnace, var nummererte og er den dag i dag ganske ettertrakta, særleg dei høgste nummera. Å komplettere dette settet har blitt noko liknande den heilage gralen innanfor samling av sigarettkort. Eg stoppa å samle då eg hadde 500 kort, for ikkje å fullstendig pulverisere familieøkonomien.

Bilde
Biletet viser den vesle og spinkle Teddy Partridge, som trass i sin beskjedne kroppsstørrelse var eit aktivum på venstrekansten med si innsatsvilje og raske akselerasjon. Han signerte for United for £10 i 1920 og hadde ei vekeløn på pene £7 pluss bonusar. Teddy stoppa på 160 kampar og 18 mål for klubben vår.

Ein annan spelar som fortener å bli presentert litt nøyare er den elegante og finspelande halfbacken Clarence 'Lal' Hilditch, som representerte United frå 1919 til 1932. Sjølv om han fekk 332 kampar for United, skal 'Lal' ha vore ein eksepsjonelt fairspelande type. Alf Clarke i Manchester Evening News hevda å aldri ha sett at Hilditich fekk eit frispark mot seg, noko ein ikkje akkurat kan seie om nokon av dei andre spelarane vi kjem til om litt. 'Lal' var også kjent for å vere ein gentleman utanfor bana og han fungerte attpåtil som manager for United i 1926/27-sesongen, då manager John Chapman var suspendert av FA.

Bilde
Eit anna sett med fotografiliknande kort kom ut i 1925 og blei utgjeve av Lacey's tobacco company. Settet inneheldt to kort med United-spelarar: den knallharde fullbacken Jack Silcock og kapteinen Frank Barson.

Bilde

Silcock, som voks opp i ein gruvelandsby nær Wigan, skal etter sigande ha fått eit lass med kol i hovudet då han arbeidde i ei gruve under krigen. Han trena samtidig med United og stilte opp på trening allereie laurdagen etter, trass i sterke advarslar. Det vert også sagt at han ikkje unngjekk ein einaste hovudduell denne laurdagen... Silcock er rekna som éin av dei viktigaste United-spelarane i mellomkrigstida, og han enda til slutt opp med 449 kampar for United og tre landskampar for England.

Bilde
Frank Barson dukka også opp i Ogden sitt flotte sett med kort frå 1926, kalla "Captains of Association Football Clubs and Colours" frå 1926. Barson, som var smed av yrke, er kanskje det næraste ein kjem Nemanja Vidic i United-historien. Han var ein svær stoppar med knekt nase og som ikkje gjekk av vegen for å måke ned motstandarane i kampen om ballen. Han var ein strålande kaptein og inspirator, men samtidig blei han utvist eit dusin gonger i løpet av karrieren, noko som var relativt uvanleg på den tida. I semifinalen i FA-cupen mot City i 1926 skal den godaste Barson ha gått så hardt inn i ein duell mot City-stoppar Sam Cowan at sistnemnde blei svimeslått. Barson hjelpte United tilbake til førstedivisjonen i 1925 og forlot portane på Old Trafford i 1928, 37 år gammal. Svært sjeldan hadde ein United-kaptein fått liknande hyllest som Barson då han forlet klubben.

Eg må også stoppe litt opp ved den nemnde semifinalen mot City, fordi Gallaher's gav ut to eksepsjonelt vakre kort frå akkurat denne kampen i serien "Footballers in Action" frå 1928.
Bilde Bilde United tapte kampen 3-0 på Bramall Lane, men dei vidunderlege korta lever evig.

På midten av 20-talet gjorde ein ny trend seg gjeldande: karikaturkorta. Tobakksprodusenten John Player and Sons gav ut to sett, eitt i 1926 teikna av R.P. Hill ("RIP") og eitt i 1927 teikna av Douglas Machin ("MAC"). Dei to setta inneheldt både fotballspelarar og rugbyspelarar, noko som ikkje var uvanleg ettersom dei to sportane var mykje tettare samanknytte før enn det dei er no. Dette kortet er frå "MAC"-settet og viser storscoraren og publikumsfavoritten Joe Spence, som stoppa på 510 kampar og 168 mål for United.
Bilde
John Player's låg ikkje på latsida og i 1928 publiserte dei eit nytt teikna sett, denne gongen utan karikaturar. United-spelaren i dette settet var Frank Mann, halfbacken som blei signert som 32-åring frå det kommande topplaget Huddersfield for den ublu prisen £1750! Mann viste seg likevel som ein solid investering og la ikkje støvlane på hylla før han var i 40-åra.
Bilde
Den første verdsmeisterskapen i fotball blei arrangert i Uruguay i 1930, men England deltok ikkje før i Brasil i 1950, truleg fordi dei ikkje ville nedverdige seg til å måle krefter mot "mindreverdige nasjonar". Dermed vart det heller ikkje produserte VM-kort på øyriket på 1930-talet. Tobakksprodusentane fokuserte heller på heimlege spelarar og turneringar og dette settet, igjen utgjeve av John Player, frå 1930, viser eit utval av tidlegare vinnarar av FA-cupen. Det berømte United-laget til Ernest Mangnall er sjølvsagt med i settet.
Bilde
Som vi ser, var det mange karakterar og glimrande spelarar på United på 20-talet. Likevel gjekk det nedover med laget kort etter det berømte opprykket i 1925, som kaptein Barson visstnok fekk ein pub i gåve for å ha leia klubben til. I 1931 måtte Manchester United på nytt ta turen ned éin divisjon med den smått vanvittige målforskjellen 53-115! Som om ikkje det var nok, var klubben i store økonomiske vanskar. Om ikkje James Gibson hadde komme inn og redda klubben økonomisk, kan ein berre tenke med gru på kva resultatet kunna ha blitt.

På 1930-talet blei det produsert enorme mengder sigarettkort, noko som gjer at det er lett å skaffe seg originalkort for ein billeg penge sjølv den dag i dag. På grunn av United sine beskjedne bedrifter på bana, vart det ikkje trykte altfor mange kort av våre menn, men dei som finst er flotte. Carreras gav ut eit par dekorative sett midt på 30-talet, med blant andre Ernie Hine og William McKay.

Bilde Bilde
Det finaste kortet frå denne perioden er likevel kortet av George Mutch, frå serien til Wills frå 1935.

Bilde
Mot slutten av 30-talet var det Churchman's som sto for dei mest populære sigarettkorta, gjennom ulike seriar av typen "Association Footballers". Korta var i svart-kvitt og hadde kanskje ikkje den same appellen som dei tidlegare fargerike utgivelsane. Det mest fascinerande med korta var nok den store mengden informasjon som blei pressa inn på baksida og sigarettkorta kan på mange måtar sjåast på som små oppslagsverk like mykje som samlarobjekt.
Bilde Bilde
Utbrotet av den andre verdskrigen i 1939 markerte også slutten for sigarettkorta. Akkurat som 25 år tidlegare måtte det etterkvart verdifulle papiret brukast på langt meir prosaisk og "nyttig" vis enn på "verdilause" bilete av fotballspelarar og andre motiv. Men til forskjell frå ved forrige krigsavbrot, klarte ikkje sigarettkorta å finne tilbake til populariteten blant befolkninga. I staden vart ein vitne til framveksten av eit nytt fenomen: det moderne fotballkortet. Og dét vert tema for neste avsnitt.
Innlegget er likt av: Pink Final, Belfastboy, Rød Pølse, alfen74, Can2, Pwint, RedTrafford, Buchan, Andtho01, Pangaea
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14211 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64204
Liker mottatt: 44151

Re: Fotballkort

#17
Tusen takk @Pancho P.
Dette er høy kvalitet 👏.
Lærerikt om fotballkort fra en svunnen tid.
Helt nytt for meg det meste av dette.
Fantastiske de korta fra semifinalen 1926 v Man City.

Frank Barson er en legende, har lest at han var en mester i å heade med bakhodet.
Ca 5 mål per sesong med bakhodet.
Innlegget er likt av: Belfastboy, Rød Pølse, Can2, Pwint, RedTrafford, Buchan, Pangaea
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
Brukeravatar

Kongen av understatements
4377 innlegg
Medlem siden 2022
Liker gitt: 46439
Liker mottatt: 17146

Re: Fotballkort

#18
Fantastisk lesing @Pancho P ! Tar meg bare et halvt års tid, så er jeg oppdatert. :-| Nå først kom jeg til de mer obscure trådene jeg også. Visste ikke at lå sånne perler av en lesefest nedover i arkivet! Dette var både interessant og lærerikt om et område jeg har svært begrenset kunnskap om. Ispedd flotte historier, anekdoter og kunnskap om tidlig United år og mye annet fint lesestoff!
Innlegget er likt av: Pink Final, Pwint, Buchan, Rød Pølse, Pangaea
Kong Eric Cantona
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #19
Tusen takk for fine ord, @Can2. Eg har også gått glipp av mange perler når eg har vore avlogga i periodar, så det er ikkje berre deg😅 Vurderer å ta for meg 50- og 60-talet når eg får tid, men det er så mykje informasjon å ta med/sile ut at eg nesten blir andpusten berre av tanken 😬
Innlegget er likt av: Can2, Pink Final, Pwint, Buchan, Rød Pølse, Pangaea
Brukeravatar

Kongen av understatements
4377 innlegg
Medlem siden 2022
Liker gitt: 46439
Liker mottatt: 17146

Re: Fotballkort

#20
Det er mycket bra @Pancho P ! 🤗
Du kan jo bare søke om permisjon fra jobben et års tid da! 😎
Innlegget er likt av: Pink Final, Pwint, Buchan, Rød Pølse, Pangaea
Kong Eric Cantona
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14211 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64204
Liker mottatt: 44151

Re: Fotballkort

#21
Kan forestille meg at det er mye jobb @Pancho P.
Så blir det artikkel kvalitet på det du presenterer her, jeg er imponert 👏👏.
Om du får tid til 50 og 60 tallet gleder jeg meg til det.
Og kanskje enda litt mer om du engang forteller om Topps korta fra 1970 tallet.
Og Panini España 82.
Det er mange og gode minner til de fotballkorta.
Innlegget er likt av: Buchan, Pwint, Andtho01, Can2, Rød Pølse
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #23
Vi snakkar ein del timar med research, @Pink Final, men det kjenner du nok godt til, med tanke på kvalitet og mengde informasjon som du sjølv leverer👏👏👏 Topps (og forløparen A&BC) fortener sine eigne avsnitt, både pga antall sesongar og ikkje minst minna mange av oss har av desse korta. Når det gjeld Panini, skal eg prøve å ta for meg både UK Football-seriane og VM-seriane frå 1970-1990. Eg har gått over i ei meir administrativ stilling i arbeidslivet, så då har eg vel tid til slikt. Om ikkje Norge rundt masar for mykje, då😅
Innlegget er likt av: Pink Final, Can2, Rød Pølse, Pangaea
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14211 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64204
Liker mottatt: 44151

Re: Fotballkort

#24
Ikke mye dybdeinfo jeg har om fotballkort.
Men husker buzz’n ved å kjøpe og åpne pakkene.
Topps korta var hardback og dem spilte vi med.
Samma regler Norge rundt (apropos @Buchan og @Pancho P 😉😂) - bilde opp = seier, baksiden med facts opp = tap, høykant = kaste på nytt.
VM korta var klistremerker.
I hvert fall 78 og 82, da jeg samla.
1982 er eneste gang jeg klarte en komplett samling med fotballkort.
Gikk helt bananas og tok ut penger fra Postsparebanken’s lille røde sparebok.
Og ga meg ikke før albumet var komplett 😂.
I Topps korta på 1970 tallet lå det en flat tyggegummi i samme format som korta.
Korta lukta søtt, og jeg kan fremdeles kjenne smaken av tyggis’n når dette skrives.
Innlegget er likt av: Can2, Rød Pølse, Pangaea
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #25
Flotte minner, @Pink Final! Ikkje minst Postsparebankboka🤩. Eg er for ung til å hugse Topps-korta i kioskane, bortsett frå dei uglesette trippelkorta, som ein kunne kjøpe i godteposar tidleg på 80-talet. Likevel hadde eg store mengder av dei klassiske korta liggande pga venner og slektningar som donerte dei til meg.

Også for min del var det Panini som gjorde størst innhogg i ein smårolling sin beskjedne privatøkonomi. Foreldra mine prøvde meir enn éin gong å stille spørsmål ved prioriteringa mi av lommepengane, men eg var ikkje til å rokke. Det var dessverre ikkje alltid at midla strakk til. Eg hugsar spesielt då ei tante skulle på ferie i 1986 og ville ta med ein suvenir til meg. Eg insisterte på 30 pakkar med Mexico 86-stickers, sjølv om eg allereie hadde fylt albumet. Her snakkar vi tung addiction😬
Innlegget er likt av: Pink Final, Can2, Belfastboy, Rød Pølse, Pangaea
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14211 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64204
Liker mottatt: 44151

Re: Fotballkort

#26
Haha @Pancho P - avhengighet er rette ordet.
Artig den med 86 VM 😂.
Jeg hadde slutta å samle da.
Nøyde meg med å se matcher på tv.
Med Mexico VM var det stor tidsforskjell, og flere av matchene gikk tidlig på natta.
Ikke sjelden man sovna fra matchen, og våkna noen timer senere med fullt snøvær på skjermen 😁.
Men det er en annen historie.

Innkjøp av fotballkort og uttak av postsparebankboka var ikke noe man informerte foreldrene om hver gang 😂.
Ellers var det kreative måter å skaffe penger til fotballkort på.
Kroneautomater feks.
Det var før det var hull i kronestykkene, og de var store og tunge.
Men med fiskesnøre tapet til kronestykket prøvde vi å fiske/lirke kronestykket bort i 7’rn.
Det lykkes en sjelden gang.
Bilde
Innlegget er likt av: Can2, RedTrafford, Rød Pølse, Pangaea
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #27
Pink Final skrev: 12 jul 2024, 10:11 Ellers var det kreative måter å skaffe penger til fotballkort på.
Kroneautomater feks.
Det var før det var hull i kronestykkene, og de var store og tunge.
Men med fiskesnøre tapet til kronestykket prøvde vi å fiske/lirke kronestykket bort i 7’rn.
Det lykkes en sjelden gang.
Fantastisk, @Pink Final. Det kunne lett ha blitt starten på ei kriminell løpebane😂
Innlegget er likt av: Can2, Pink Final, Rød Pølse, Pangaea
Brukeravatar

Donor
2837 innlegg
Medlem siden 2019
Liker gitt: 29825
Liker mottatt: 8863

Re: Fotballkort

#29
Pink Final skrev: 12 jul 2024, 10:11 Men med fiskesnøre tapet til kronestykket prøvde vi å fiske/lirke kronestykket bort i 7’rn.
Vi hadde en annen måte å "tømme" kronespillene på.

Vi kjøpte en cola, tømte litt av det ned i skåla der gevinstene kom. Så la vi de dyrebare kronestykkene våre oppi skåla, før vi puttet de på automaten.
Pga seigheten i colaen så stoppet de etterhvert opp foran og over hullene, dermed bygde vi nærmest en barrikade med kronestykker. Da ble det enklere å få nærmest tømt kronespillene. Og så var vi avhengig av at spilene sto litt bortgjemt i lokalene slik at folk ikke la merke til hva vi gjorde.

Skal legge til at vi trengte kanskje så mye som 25-30 kronestykker for få til dette.

Og for å ikke falle helt ut av hva temaet egentlig er i denne tråden så legger jeg til fotballkort av en kjent herremann her.
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Innlegget er likt av: Pink Final, Rød Pølse, Can2
Brukeravatar

Donor
9894 innlegg
Medlem siden 2021
Liker gitt: 39978
Liker mottatt: 33780

Re: Fotballkort

#30
Belfastboy skrev: 12 jul 2024, 21:24
Pink Final skrev: 12 jul 2024, 10:11 Men med fiskesnøre tapet til kronestykket prøvde vi å fiske/lirke kronestykket bort i 7’rn.
Vi hadde en annen måte å "tømme" kronespillene på.
Det er bra at alle ranene deres er foreldet 😀
Innlegget er likt av: Pink Final, Belfastboy, Rød Pølse, Can2
Flere visningsvalg

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 3 gjester