DE
Trådstarter
Re: [PL] Arsenal - Manchester United
Ja, ta 2-1-målet til City, for eksempel, som einkvar med fotballforståelse ser burde ha vore annullert. Kan vi ikkje berre godta at det er marginar i fotball og at av og til går det for og av og til imot utanat vi skal måle på centimeteren om det er offside eller ikkje eller om ballen har toucha handa i eit nanosekund?Pink Final skrev: 04 sep 2023, 18:31 Han var offside, dessverre.
Bare så utrolig irriterende at VAR skal brukes til sånt pirk, mens mye alvorligere forseelser bare får passere.
Dommarane gjer flust av feil både med tanke på frispark, innkast og cornerar i løpet av ein kamp, utan at nokon skrik over seg om rettferd for den del. Det som er totaldrepande for mi fotballinteresse er å juble hemningslaust for Garnacho sitt mål for så å slukøyra sekke ned i sofaen eitt minutt seinare pga ein marginal offside. VAR er gift for fotballen og der bør avskaffast snarast.
Likevel synest eg det blir det feil av Ten Hag å klage over dommaren akkurat i denne kampen, som på langt nær er det verste eksempelet på dårleg (VAR-)dømming. Håpet mitt er at spelarar og trenarar på prinsipielt grunnlag står opp mot VAR-driten, og ikkje berre når resultata går imot laget deira. Men eg held ikkje pusten i påvente av det.
Når det gjeld Antony, Greenwood etc er det ingenting å seie. Brennmanet på pungen er tydelegvis einaste medisin. Eg trudde nachspielskandalen i Brann var det mest graverande som kunne skje i ein fotballklubb, men eg tok tydelegvis feil.
Innlegget er likt av: Pink Final, RedTrafford, Blodfink, Belfastboy