DE
Re: Norsk klubbfotball
Nei, nedrykk blir det ikkje, @Blodfink, men det kan bli ein tung haust. Brann sitt spel er svært avhengig av høg intensitet og av mange ulike grunnar er denne nesten fråverande no. Viking blir totalt overkøyrt i nesten eit kvarter i dag, men "rutinerte" Tripic (det var ikkje det adjektivet eg brukte på han i løpet av kampen) sette seg ned tilsynelatande skada for å gi lagkameratane ein pustepause. Dette var nok til å lette på presset og etterpå var det 75 med tut og køyr og drøying av tid, noko Brann er svært dårlege på å takle.
Horneland kan kanskje skuldast for ein del av det Ten Hag fekk ein del kritikk for i fjor. Han stolar lite på spelarane på benken og er ikkje glad i å rotere. Dette fører til overbelastning og skader på mange av spelarane, særleg når kampane kjem så tett som hagl.

Innlegget er likt av: Belfastboy, Pink Final, RedTrafford, Blodfink, Buchan, Can2