Tja, treng vel ikkje å reise så langt. Personleg har eg blitt nyförtjust i norsk fotball generelt og Brann spesielt. Eg går fast på Brann stadion,"føler freden og blir glad i min ånd", som det heiter i den bergenske nasjonalsangen. Det neste blir vel at eg kjøper ein cithar...
Men heilt seriøst har eg funne litt tilbake til litt av gleda med den "ekte" fotballen som eg hadde tidlegare, langt borte frå hyperkommersialiseringa og dei fleire og fleire tvilsomme forholda i toppfotballen. For meg har det også vore ein nødvendig medisin for å halde tankane om Longbow 115 FC sitt såkalla "treble" og eit eventuelt qatarsk oppkjøp av United på avstand. Om det sistnemnde scenarioet blir ein realitet, vil nok fokuset på Brann bli altoppslukande.