DE
Re: Norsk klubbfotball
Kampen i Skien kunne ha vippa begge vegar. Ein tabbe av Holmen Johansen i Brann-målet førte til 0-1 og raudtrøyene hadde både sjansar og press mot eit undervurdert Odd-lag. Kampens høgdepunkt var då Bård Finne -på stillinga 0-0- jaga ein ball på Odd sin halvdel. Heimelaget sin forsvarar fekk ein strekk og Finne hadde fri bane mot mål, men i staden for å sette fart, spela han ballen utover sidelinja. Med tanke på Odd sin historie med mangel på fair play mot nettopp Brann, var Finne sin gest både beundringsverdig og flott. Hadde ein viss herr Fagermo vore Brann-trenar, hadde nok Finne fått så hatten passa i garderoben i pausen...
Innlegget er likt av: Blodfink, Ryder, RedTrafford, Pink Final, Can2, Belfastboy