Fotballkort

Alt som ikke passer andre steder.
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2632
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13857
Liker mottatt: 8948

Vel, teknisk sett handlar ikkje førsteposten i denne tråden om fotballkort. Likevel har det nyleg skjedd store ting i samlarkortkretsane som fortener å bli nemnt her. Eit såkalla rookie-card (første utgitte utgåve) av baseballegenda Mickey Mantle blei seld for 12.6 millionar dollar på auksjon i helga. Eg oppfordrar alle til å gå gjennom kassane på loftet og leite fram dei gamle Topps fotballkorta sine :D

https://www.forbes.com/sites/carlieport ... t-auction/
post liked by: Can2, Pink Final, Buchan
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Can2
Kongen av understatements
Posts: 897
Joined: 29 Jun 2022, 15:39
Liker gitt: 8120
Liker mottatt: 2667

😮 Waow! Imponerende. Det er jo en ny spiss, det! -Eller sikring av den økonomiske framtida for den aktuelle personen og familien hans. 🙃
post liked by: Pink Final, Pancho P, Buchan
Kong Eric Cantona
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7788
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 28293
Liker mottatt: 18797

Pancho P wrote: 29 Aug 2022, 09:37 …..seld for 12.6 millionar dollar på auksjon i helga. Eg oppfordrar alle til å gå gjennom kassane på loftet og leite fram dei gamle Topps fotballkorta sine :D
Så om jeg finner igjen Topps ✨stjernekortet✨ av Kevin Keegan fra 1977 og får 10m kr kan jeg potensielt betale lønna til Mbappé neste helg og leie ham inn til VIF - LSK 😆
post liked by: Pancho P, Can2, Buchan, alfen74
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2632
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13857
Liker mottatt: 8948

@Pink Final Nemnde Topps AllStars kort av Keegan er verdt ca 400 kr i topp kvalitet, så det blir ikkje mange sekunda med Mbappé i Enga-drakt🤣
post liked by: Pink Final, Buchan
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pangaea
Posts: 2879
Joined: 07 Jul 2020, 03:51
Liker gitt: 4211
Liker mottatt: 5611

Can2 wrote: 29 Aug 2022, 11:47 😮 Waow! Imponerende. Det er jo en ny spiss, det! -Eller sikring av den økonomiske framtida for den aktuelle personen og familien hans. 🙃
Eller ett års utbytte.
post liked by: Buchan, Can2, Pancho P
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7788
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 28293
Liker mottatt: 18797

Haha, ingen potensiell gullgruve jeg kanskje sitter på med andre ord @Pancho P 😄
Tviler vel på at jeg har et eneste fotballkort igjen.
En ørliten mulighet for at det ligger noe i en eske på mørkeloftet hos mutter og fatter.
post liked by: Buchan, Can2, Pancho P
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Buchan
Donor
Posts: 2076
Joined: 08 Aug 2018, 21:54
Liker gitt: 7849
Liker mottatt: 4515

Fotball kortene ja de er nok borte, men skulle det være noen igjen så er det i hvert fall ikke Kevin Keegan 😀
post liked by: Pink Final, Pangaea, Can2, Pancho P
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7788
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 28293
Liker mottatt: 18797

Haha @Buchan.
Ser den, upassende eksempel på kort av meg 🥺
post liked by: Buchan, Pancho P
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Buchan
Donor
Posts: 2076
Joined: 08 Aug 2018, 21:54
Liker gitt: 7849
Liker mottatt: 4515

Bare spøk fra min side @Pink Final 😊
post liked by: Pink Final, Pancho P
User avatar

Belfastboy
Donor
Posts: 1932
Joined: 16 Dec 2019, 17:22
Liker gitt: 13970
Liker mottatt: 5244

Det er kanskje noen som husker denne karen?

Han var en habil venstreback i sin tid (1970-77), men en lei skade som gjorde at han var borte i flere måneder var løpet egentlig kjørt for Basil.
Og da Torquay kjøpte ny back så ble det benken et par år, før han i 1980 ga seg helt med fotball og gikk inn i hotellbransjen med vekslende hell.
Attachments
basil fawlty.jpg
basil fawlty.jpg (18.61 KiB) Viewed 1914 times
post liked by: Pancho P, Blodfink, Can2, Buchan, Pink Final, alfen74
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2632
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13857
Liker mottatt: 8948

🤣🤣🤣🤣🤣🤣, @Belfastboy Fantastisk! Skikkeleg samlarobjekt, det der!
post liked by: Belfastboy, Can2, Buchan, RedTrafford, Pink Final, Andtho01
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2632
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13857
Liker mottatt: 8948

Hei og takk for sist godtfolk! Eg kunne jo berre prøve å snike meg ubemerka inn bakvegen, men når eg først er tilbake vil eg dundre inn porten uten tanke på takt og tone. So here goes...

Eg blei sittande å lese gjennom dei mest obskure trådane her og kjende eit sakn etter tant, fjas, skrøner og røvarhistorier. Og ikkje minst utleveringar av monarkar med tvilsom moral og endå meir forderva familietre. Dette er eit sakn som @Pink Final også hjartesukka om for ei lita stund sidan, og som med alle sakn er det er på tide å jage det langt over alle haugar. Framover vil eg prøve å presentere historia til ein av dei store lidenskapane mine, nemleg det magiske fotballkortet. Og eg lovar at fleire kongelege dukkar opp i vekene som kjem...

Det må advarast om at dette kan bli ein føljetong av det langdryge og usamanhengande slaget. Men for dei som orkar å henge på dette skranglete toget, vert det talrike døme på klassiske fotballkort av ulike kategoriar, sjølvsagt med eit sterkt fokus på Manchester United. Først ute er dei tidlegaste samlarkorta frå 1800-talet. Neste gong vert det fokus på sigarettkorta si vidunderlege verd.


1. I begynnelsen var det tørrmat og buljong
Dette kunne ha vore både første notat i ein polfarar si matdagbok på veg til Sydpolen, eller kanskje ein song av Odd Nordstoga. Men faktisk er det den spede byrjinga på det verdsomfattande fenomenet vi kallar samlarkort. Der ein i dag kan finne ein myriade av samlarkort både i leikebutikkar, Narvesen og på eBay, var det for 150 år sidan berre ein nisje av etablissement som kunne tilby dei unnselege, men akk så henrivane og vanedannande papirkorta, som seinare skulle trollbinde ungar og ungdommar i alle aldrar (denne ungdommen nærmar seg stygt 50, men er meir hekta enn nokonsinne…).

Eg går ut frå at linja om tørrmat og buljong treng litt kontekst. Au bon Marché (Le Bon Marché) er eit varemagasin i Paris, som i 1852 revolusjonerte detaljhandel og marknadsføring. Dei var blant dei første til å tilby faste prisar på varene, tilbodsprisar, heimlevering, vareretur og postordre, samt kulturelle innslag som intimkonsertar, leserom og eit kunstgalleri for kundane. Tørrmatavdelinga deira er også rekna som den første butikken i verda som tilbaud små, dekorative kort, som enten vart lagt i vareeskene eller som blei delte ut over disk. Grunnen var like genial som han var enkel: ved å tilby eit billig, men eksklusivt tilleggsprodukt, skapte dei eit tettare forhold til kundane, i tillegg til at korta blei spreidde over heile Paris og fungerte som gratisreklame for varehuset. Au Bon Marché produserte fleire enn 400 sett med kort fram til 1912, men det første fotballkortet kom ikkje før i 1890, og det var ikkje eingong eit ekte fotballkort, men eit rugbykort (med smårollingar!) I 1890 var ikkje skillelinjene mellom dei to sportane så skarpe som dei er i dag, men meir om det seinare.

Image

Opp med handa dei som har høyrt om den tyske kjemikaren Justus Freiherr von Liebig! Tenkte meg det, ja. Sjølv om han var ein respektert organisk fysikar i den første halvdelen av 1800-talet, har populariteten hans gradvis avtatt det siste halvanna sekelet. Men sanninga er at han sto bak fleire banebrytande og særs nyttige oppfinningar som vi fortsatt nyter godt av den dag i dag. Den godaste friherren knekte koden for korleis nitrogen kunne nyttast i kunstig gjødsel, men kanskje endå viktigare for oss hobbykokkar: han fann opp ein metode for å trekke ut kjøttekstrakt frå storfe utan at næringsinnhaldet gjekk tapt i prosessen. Om du ikkje blir imponert av dette, må eg legge til at berre ein liten del av befolkninga på 1800-talet kunne ta seg råd til å ete storfekjøt på ein jamnleg basis, og teknikken med å lage buljongterningar av kjøttkrafta sørga for at ein stor del av folketalet fekk i seg nødvendig protein utan å sprenge portemonéen.

Liebig blei ikkje umiddelbart populær eller rik, men då ein tysk jernbaneingeniør bestemte seg for å bygge ein Fleisch-Extrakt fabrikk i London i 1865 og tilbaud kjemikaren tittelen som direktør, var ikkje buljongmannen sein å be. Liebig opna snart også ein fabrikk i Antwerpen i Belgia, og selskapet blei marknadsleiande på sitt felt i Europa. Dei kopierte også marknadsføringsstrategien til Au Bon Marché, ved å gi kundane fargerike og informative kort, som også gjorde nytten som promoveringsverktøy. I endå større grad enn med dei franske korta, blei Liebig-korta samlarobjekt pga at seriane besto av seks til tolv kort og at det gjekk prestisje i å komplettere setta. I alt blei det produserte over 4000 sett med kort under namnet Liebig, og det seier seg sjølv av variasjonen i tema var enorm. «Strange Feminine Hairstyles» frå 1936 kjem høgt på lista over aparte tema, og denne serien blei etterfulgt av «Processions and Pilgimages in Belgium». Litt av eit tematisk spenn, for å seie det mildt.

For å prøve å halde oss i nærleiken av temaet fotball, kan eg trekke fram det første fotballkortet til Liebig, som blei produsert nettopp i Belgia på 1890-talet.

Image
Vakrare kan det knapt gjerast.
post liked by: Rød Pølse, alfen74, RedTrafford, Pwint, Pink Final, Cola2, Ryder, Belfastboy, Blodfink, red, 10Hag, A.C. Fergie, Buchan
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2632
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13857
Liker mottatt: 8948

2. Frå sigarettrøyk til krutrøyk

To årstal var særs viktige for utbreiinga av fotballkortet. Sjølvsagt etableringa av The Football Association (FA) i 1863 og, kanskje noko meir pussig, det første kommersielle salet av sigarettar to år seinare. 1865 er naturlegvis også året då slaveriet blei avskaffa ved lov i USA og produsentane av tobakk og sigarettar måtte tenke alternativt når det gjaldt å produsere store mengder tobakksprodukt til ei stadig meir røyksugen befolkning. John Broom skriv i boka "A History of Cigarette and Trade Cards - The Magic Inside the Packet" at ein driven arbeidar kunne produsere 250 sigarettar i timen, dvs ein samla dagleg produksjon på 40 000 sigarettar pr dag på verdsbasis. Dette var på langt nær nok til å dekke etterspurnaden og det var først med oppfinninga av sigarettpakkemaskina i 1881 at salet av sigarettar verkeleg tok av. Innan utgangen av 1890 vart det laga 4 millionar (!) sigarettar dagleg av dei etterkvart talrike tobakksprodusentane.

Grunnen til at populariteten til sigarettane har noko med fotballkort å gjere er like enkel som den er genial. Før sigarettproduksjonen blei mekanisert og effektivisert, var både sigarettpakkane og innhaldet av det skjøre slaget. For å gjere pakkane meir robuste og for å beskytte dei delikate sigarettane, fann ein av dei store mogulane, James Buchanan Duke, på å legge inn ei lita papplate med reklame for å stive opp pakken, og vips: sigarettkortet var fødd! Det første sigarettkortet som vart laga hadde naturlegvis eit rojalt motiv og heldiggrisen som fekk pryde det var ingen andre enn Marquis of Lorne, dronning Victoria sin svigerson. Ingen veit om regenten sjølv vart spurd, men truleg hadde ho takka nei, då ho i all hovudsak skydde merksemd, moro og unyttig fjas.

Image
Marquis of Lorne, 1879


Sigarettkonsumet skaut til himmels mot 1890-åra og sigarettkorta skal ha sin del av "æra" for at dei mange tobakkskompania tente pengar som aldri før. Som i tilfella med Au Bon Marché og Liebig hadde korta to funksjonar: å reklamere for produktet, men også i stadig aukande grad å sikre "brand loyalty", dvs å sikre seg at kunden heldt seg trufast mot produsenten. Det var ikkje lenger nok å produsere fine kort. No måte kvart tobakksfirma trykke seriar med kort med interessante og eksotiske tema. I tillegg vart antal kort i seriane auka, slik at det blei attraktivt for kunden å fullføre eit sett. Vi kjenner igjen mekanismane frå då vi sjølve samla Panini-merke. Det er lite som er så stussleg som eit album som ikkje er komplett.

Etterkvart som sport blei ein viktigare del av livet til den veksande (og ikkje minst konsumerande) arbeidarklassen og middelklassen, vart det også naturleg at idrettsmenn pryda sigarettkorta. I dei tidlegaste åra var nok cricket den mest utbreidde sporten, både på kort og i samfunnet elles, men både rugby og fotball fekk snart ein sterk posisjon, særleg blant arbeidarklassen og den lågare middelklassen. Ein skal heller ikkje underslå kor viktig sigarettkorta var som kjelde til informasjon for dei lågare samfunnsklassane. I eit samfunn der dei færraste hadde råd til å kjøpe bøker, og der sigarettar var uforholdsmessig billige, var sigarettkorta med på å spreie informasjon og underhaldning til grupper som elles hadde få måtar til å skaffe seg informasjon. Hugs også på at det gjekk mange tiar før avisene vart allemannseige.

Nuvel, vi må pense over på fotballen igjen. Onde tunger (i dette tilfellet den elles særs etterrettelege Gordon Howsden i boka "Collecting Cigarette & Trade Cards") hevdar at det var den Liverpool-baserte tobakksprodusenten Ogdens som var først ute med å gje ut fotballkort på balløya. Internettpublikasjonen Spartacus International presiserer at det var Marcus Kinnear & Company frå Manchester som trykte opp det første skikkelege settet som utelukkande inneheldt fotballspelarar, så nok ein gong må scousarane sjå seg slegne av mancunians... igjen. Settet frå midten av 1890-talet heitte "Football Clubs and Colours" og viste draktfargane til 12 av klubbane i England. Berre tre av klubbane (Nottingham Forest, Aston Villa og Sunderland) er profesjonelle klubbar i dag, men vi møter på gamle kjenningar som Corinthians og Casuals, to av våre favorittklubbar her på forumet. I rettferdigheita sitt namn må det nemnast at også dette settet blei utgjeve i Liverpool ettersom fabrikken til Marcus Kinnear i Manchester ironisk nok gjekk opp i røyk før korta kom ut i butikkane. Om du skulle snuble over eit enkeltkort frå "Football Clubs and Colours", kan du fort verte 5000 kroner rikare.

I 1900 gav Cope (også frå Liverpool) ut eit gigantisk sett med over 500 kort som heitte "Noted Footballers", men sjølv etter dagar med leiting har eg ikkje funne fram til eitt einaste eksemplar av ein Newton Heath-spelar. I mi tid som samlar har eg faktisk aldri sett eit einaste kort med ein Heathens-spelar, bortsett frå dette meir moderne kortet av Caesar Jenkyns, som blei utgjeve i 1998.

Image
Caesar Jenkyns


Då Newton Heath skifta namn til Manchester United i 1902, og ikkje minst då den eksentriske og geniale Ernest Mangnall overtok sjefsstolen på Bank Street, begynte tidene å lysne for den hittil trofélause klubben. Mangnall utnytta ei enorm kampfiksingsskandale hos naboen Manchester City til å hente fleire av City-spelarane som fekk kontraktene terminerte, blant andre Billy Meredith og Sandy Turnbull. City var også skulda for å overbetale spelarar og manageren til City, Tom Maley, blei utestengt på livstid. Vi får sjå om dei lyseblå slepp billigare unna 120 år seinare.

United vann det første ligagullet sitt i 1908 og følgde opp med sin første triumf i FA-cupen året etter. I 1911 vann klubben ligaen igjen, mykje takka vere den walisiske kapteinen Meredith og den storscorande skotten Turnbull. Dette kortet blei utgjeve av Ogden's i serien "Famous Footballers" i 1908:

Image
Billy Meredith, 1908


Desse korta frå serien "Prominent Footballers", blei utgjevne av londonbaserte Taddy's i 1907. Settet blei trykt opp att av Nostalgia Reprints og inneheld 15 United-spelarar, blant andre Meredith, Sandy Turnbull og den knallharde forsvarsspelaren Charlie Roberts, som bl.a. blei United sin første engelske landslagsspelar.

Image

I 1907 gav Cohen Weenen frå London ut settet "60 Football Club Captains", med nemnde Roberts som representant for United, mens Gallaher frå Belfast verkeleg slo på stortromma med eit sett med 100 kort av britiske spelarar i 1909-10, igjen med hardhausen Roberts i hovudrolla.

Image Image


I 1912 reiste Ernest Mangnall frå Manchester United og tok på kontroversielt vis over naboen City. Sjølv om United hadde flytta inn på det flunkande nye Old Trafford i 1910 og hadde nytt stor suksess dei siste åra, gjekk det raskt nedover. Interessa for sigarettkort heldt seg rett nok stabil og det var ikkje uvanleg å sjå unggutar henge ved tobakkssjappene for å tigge kort frå dei vaksne som berre var ute etter sigarettar. Vidare må det nemnast at sjølv om sirkulasjonen og utbreiinga av avisene hadde auka enormt etter 1900, og omtalen av fotball og anna sport hadde nærmast eksplodert, var det ikkje vanleg med bilete og illustrasjonar i avisene. Fotballkorta dekka dette behovet.

Det var heller ikkje berre på øyriket at fotballkorta blei populære. W.D. & H.O. Wills frå Bristol hadde mange fabrikkar i England, men det vart også produsert sigarettkort på selskapet sine fabrikkar i India, her under namnet "Scissors". Dette kortet er frå settet "Football Team Colours" og var mynta på dei utstasjonerte britiske troppane i India.
Image

1914-15 sesongen var ein grusom sesong for Manchester United. Urokråka og valdsmannen George "Cocky" Hunter (som eg har kalla United sin verste kaptein gjennom tidene) var meir interessert i å bryte reglar og bein enn å spele fotball og den store kampfiksingsskandalen i kampen mot Liverpool, då spelarar frå begge lag seinare blei utestengde på livstid (bl.a. Sandy Turnbull), overskygga en elles elendig innsats i ligaen. Til slutt hamna laget på 18. plass av 20 lag. Denne sesongen var det likevel berre eitt lag som skulle rykke ned (Tottenham), men som vi alle veit vart det nedrykket akademisk. Frå og med sesongen etter blei all ligafotball innstilt i fire år og mange av spelarane måtte byte ut fotballstøvlar med militærboots.

Eitt av dei siste kortsetta før den første verdskrigen braut ut, vart publisert av Churchman's frå Ipswich i 1914. Det heitte enkelt og greitt "Footballers" og er blant dei vakraste som nokon gong er produserte. United sin representant på desse korta er George Wall, goalgetteren som måtte ut i strid saman med bror sin kort tid etter at han vart avbilda på det vakre sigarettkortet. Papir vart rasjonert og all produksjon av "unyttige" sigarettkort vart stansa til fordel for produksjon av patronesker. George overlevde The Great War, men broren Thomas kom aldri tilbake.

Image George Wall, 1914
post liked by: 10Hag, Rød Pølse, RedTrafford, Pink Final, Buchan, Belfastboy, alfen74
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7788
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 28293
Liker mottatt: 18797

Helt fantastisk @Pancho P.
Artikkel kvalitet, høyt nivå 👏
Lettlest og lærerikt, du besitter mye kunnskap.
Gleder meg til fortsettelsen.
post liked by: Buchan, Pancho P, RedTrafford
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2632
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 13857
Liker mottatt: 8948

Tusen takk, @Pink Final! Sigarettkorta blei ofte kalla "the working man's encyclopedia" fordi dei var eit billeg alternativ til bøker og oppslagsverk. I løpet av dei drøye 40 åra dei eksisterte, presenterte sigarettkorta tusenvis av tema. Dei dekorative framsidene og dei informative baksidene appellerte voldsomt til alle samfunnslag og var på ein måte sosialt utjamnande. I neste del skal eg ta for meg gullalderen til desse korta.
post liked by: Pink Final, RedTrafford
It's Squeaky Bum Time!
Post Reply