Rayo Vallecano de Madrid

Diskusjon rundt spesifikke klubber. Engelske og internasjonale.
PS: Alt om United i eget forum
Post Reply
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2516
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12966
Liker mottatt: 8243

RAYO VALLECANO DE MADRID

Image

Grunnlagt: 29. mai 1924
Stadion: Estadio de Vallecas, Madrid (kapasitet: 14 790)
Kallenamn: Rayistas, Franjirrojos (Raudstripene), Rayito (Det vesle lynglimtet), Equipo de la Clase Obrera (Arbeidarklasselaget)

Rayo + Vallecas = sant
Som tidlegare nemnt, vart eg oppriktig glad då Manchester United inviterte sjølvaste Rayo Vallecano til den siste treningskampen før sesongen startar. For det første møter United det desidert mest sjarmerande spanske laget i kamp for første gong og for det andre får eg skrive klubbtråd om arbeidarklasselaget frå Puente de Vallecas, sør-aust for den spanske hovudstaden.

Bortsett frå arbeidarklassebakgrunnen er det lite Manchester United og Rayo Vallecano har til felles, kanskje med unntak av at begge har éin og annan bråkete nabo i andre delar av byen. Rayo har aldri vunne eit einaste større nasjonalt eller internasjonalt trofé, om ein ser bort frå regionale cupturneringar som Copa de Madrid og Copa de Castilla. Dei deltok i Primera División for første gong så seint som i 1977 og har berre spela Europacup éin gong: i 2000-2001, då dei bl.a. møtte Molde i første runde av UEFA-cupen.

Det er alment akseptert at Rayo Vallecano er det tredje største laget i Madrid, men den "tittelen" er ganske misvisande. Rayo er uendeleg mykje mindre enn naboane Real og Atlético, både når det gjeld fanbase, suksess og popularitet, for ikkje å snakke om økonomi. Dessutan vil mange vallecanos hevde at dei slett ikkje er frå Madrid. Bydelen Puente de Vallecas, der Rayo høyrer heime, vart inkorporert i Madrid i 1950 og den er i dag éin av 21 distrikt i den spanske hovudstaden. Likevel fungerer bydelen med nesten 250 000 menneske nesten som ein autonom landsby, med sin heilt særeigne kultur, politiske ideologi, sin eigen slang og med ei mangfoldig befolkning som best kan karakteriserast som arbeidarklasse.

Rayo Vallecano er den stolte sportslege fanebæraren til arbeidarklassebydelen og det er svært sjeldan at ein ser drakter med logoen til Real, Atlético eller Barcelona i gatene i Puente de Vallecas. Det vert ofte sagt at Vallecas=Rayo og Rayo=Vallecas. Det er svært sjeldan at Marca og andre spanske aviser vier mykje plass til los franjirrojos og som den irske forfattaren Robbie Dunne sa då han fortalte spanske kollegaer at han ville skrive ei bok om Rayo: "Dei berre lo av meg". Resultatet vart uansett boka 'Working-Class Heroes: The Story of Rayo Vallecano', som er svært så lesverdig. Sjølv blei eg ein gong behandla som ein kuriositet av eit ungt spansk par då eg flanerte på Fisketorget i Bergen med mi kvite Rayo-drakt med raud tversoverstripe.

El Equipo de la Clase Obrera
Før eg greier meir ut om Rayo og Vallecas og ikkje minst ideologien som gjennomsyrer både bydelen og fotballaget, må ein skru klokka tilbake nærare hundre år for å finne ut kvifor laget Rayo står så sterkt i den vallecaniske identiteten. Klubben blei grunnlagt den 29. mai 1924 i stova til enkefru Prudencia Priego, ei heilt vanleg spansk señora i ei heilt vanleg gate i Vallecas. Mannen hennar hadde døydd fleire år i forvegen og huset til Doña Prudencia fungerte som samlingsplass for sønene i huset og dei mange venene deira, dei fleste mellom 12 og 16 år gamle.

Som dei fleste andre gutane i Spania på den tida, hadde også gutane til Prudencia Priego blitt bitne av fotballbasillen, som hadde breidd om seg i Spania. Problemet for Juan (15), Modesto (13) og dei andre gutane i Calle Carmen var imidlertid at det ikkje fanst noko organisert lag i nærleiken. Trass i sin unge alder, vedtok gutane å danne sin eigen klubb: Agrupación Deportiva El Rayo. Juan blei vald til kaptein, den første i Rayo si historie, og storebror Julia´n, som var ugift og dermed ikkje hadde viktigare ting å tenke på, blei president. Seinare melde fleire ungdommar seg inn i klubben og dei begynte etterkvart å spele kampar, særleg i samband med festar og høgtider, då ein både hadde høve til å stille lag og det var mogleg å samle eit større publikum. I byrjinga spela Rayo med kvite trøyer og shortsar, og mor Prudencia stilte villig opp som draktvaskar, syerske, kokk, husvertinne, oppmann (-kvinne) og generell materialforvaltar.

I 1930-31-sesongen vart La Federación Obrera de Fútbol (Arbeidarane sitt fotballforbund) danna og Rayo deltok i turneringane til dette forbundet fram til den spanske borgarkrigen braut ut i 1936. Sjølv om det framleis vart spela fotball både i Madrid og andre spanske byar, vart meisterskapa sette på vent og kvardagen for både spelarar og klubbar sterkt endra. Få andre stader var dette tydelegare enn i Puente de Vallecas. I slutten av mars 1939 hadde Franco sine soldatar nedkjempa den siste motstanden og dei hadde tatt tusenvis av fangar. Hundrevis av krigsfangar frå Madrid-regionen blei installerte på stadion til Rayo, som fungerte som konsentrasjonsleir i ein månad. Fangane leid grusomt pga kulde, svolt og uhygeniske forhold før dei enten blei førte vidare til eit nytt fangenskap eller forsvann for godt. Då alle fangane var borte, planta ein nytt gras på bana på Estadio de Vallecas og reparerte tribunene og dei andre fasilitetane. Alle spor frå konsentrasjonsleiren skulle slettast og ein vende blikket mot framtida og normaliteten. Fotballen skulle sparkast i gang igjen.

Men folk i Puente de Vallecas gløymde ikkje. Mange av fangane på stadion var lokale menn som aldri kom tilbake. Motstanden mot dei sentrale myndigheitene i Madrid har vore éin av dei viktigaste faktorane som har definert los vallecanos, sjølv etter at El Generalísimo endeleg tok kvelden i 1975 og Juan Carlos tok over makta. Folk i Vallecas er ofte i opposisjon til alle autoritetar og maktpersonar, enten det er snakk om kongehuset, parlamentet eller det spanske fotballforbundet. Både klubben Rayo og bydelen Puente de Vallecas er kjende for sitt sosiale engasjement, antirasisme og kamp mot undertrykking av minoritetar og vald mot kvinner.

I 2017 protesterte supportarane til Rayo så voldsomt mot signeringa av den ukrainske spelaren Roman Zozulya at leiinga bestemte seg for ikkje å kjøpe han. Rayo-fansen hadde sett bilete av Zozulya på nettet med eit symbol på t-skjorta som vart tolka som nynazistisk. Det viste seg å vere det ukrainske riksvåpenet, men los Rayistas sto på sitt. Ukrainsk nasjonalisme var i det heile hakket meir kontroversielt i Vest-Europa for fem år sidan enn det har vorte etter den russiske invasjonen, så kanskje hadde Zozulya fått tommel opp av Rayo-supportarane i dag.

Ei anna hending som viser det sosiale engasjementet til Rayo Vallecano skjedde i 2015, då den 85 år gamle Carmen Martínez Ayudo (ironisk nok betyr Ayudo "eg hjelper" på spansk) blei kasta ut av sitt eige hus av politiet. Sonen til Carmen hadde stilt huset til mora som garanti på eit lån han sjølv hadde tatt opp, men utan å underrette mora om dette. Då sonen ikkje klarte å betjene lånet, krevde långivaren huset til stakkars Doña Martínez, som ikkje visste si arme råd. Historia kom trenaren til Rayo for øyret og klubben organiserte raskt ei pengeinnsamling for å kjøpe nytt hus til Carmen. Grunngjevinga til Rayo var enkel: Carmen Martínez Ayudo var frå arbeidarklassen og var fødd og oppvaksen i Puente de Vallecas. Ergo: ho var éin av dei.

Den raude stripa
Så langt tilbake som eg kan hugse, har eg vore fascinert av drakter med raud tversoverstripe. Tar eg ikkje feil, var det Peru sitt landslag som først fekk meg hekta på la franjarroja. Likevel er det argentinske River Plate som først gjorde denne drakta berømt. Som tidlegare nemnt spela Rayo Vallecano tidlegare kvite drakter og shorts, men i 1949 valde los Rayistas draktdesignet som dei etterkvart har blitt kjende for. Sjølv om draktene nok var inspirerte av dei sagnomsuste River Plate-laget som begeistra heile den spansktalande verda på den tida, er det faktisk Atlético de Madrid som er ansvarlege for at Rayo har stripe på drakta i dag. Atlético og Rayo hadde nemleg inngått ein samarbeidsavtale der sistnemnde skulle fungere som ein farmerklubb for Los Colchoneros. Problemet var berre at sentrale personar i Atlético ikkje var komfortable med at samarbeidsklubben deira spela i same fargar som erkerivalen Real Madrid. Rayo blei pent bedne om å finne eit nytt draktdesign - og vips: så var stripa på plass. Ifølge legenda vart River Plate så begeistra for gesten at dei donerte ein heil kasse med drakter til Rayo, utan at det treng å vere sant for det.

To Bee or not to Bee
Apropos drakter. Dei som er over snittet interessert i drakter, veit at Rayo i ein lang periode hadde ei bie på skjortene sine. Enkle og litt tungnemme sjeler som underteikna trur gjerne at bia er eit symbol på bydelen Puente de Vallecas, slik som den er for Manchester. Sanninga er imidlertid at bia ikkje var å finne på draktene til Rayo Vallecano før i 1994, då Maria Teresa Rivero overtok som president for klubben.

Doña Rivero var ingen kven-som-helst i Spania. Saman med ektemannen José María Ruíz-Mateos og dei tretten(!) borna deira, eigde dei landets største holdingselskap, Rumasa (som hadde ei bie som symbol), som i 1982 rådde over 2% av Spanias BNP. På eitt tidspunkt hadde Rumasa 65 000 tilsette fordelte på 230 bedrifter. Offisielt hadde Rumasa 800 selskap i porteføljen sin, men over 500 av desse var fiktive... For dei av dykk som las kamptrådane mine om Atlético, vil det ikkje komme som noko sjokk at rikdommen til familien i stor grad var eit resultat av kvitvasking, forsikringssvindel, skattefusk og diverse kreative korrupsjonelle C-moment. I 1983 fekk Staten nok og ekspropierte dei fleste av verdiane til Rumasa. José María prøvde å flykte landet, men lovens lange arm fekk tak i buksebaken hans og kasta han i kasjotten. Utruleg nok fekk Rumasa starte opp att under eit nytt namn: Nueva Rumasa (Det Nye Rumasa) og den korrupte snøballen begynte å rulle igjen.

Då Nueva Rumasa kjøpte Rayo Vallecano i 1991 overtok José María presidentskapet i klubben. Tre år seinare overlet han stafettpinnen til kona María Teresa, som dermed blei den første kvinnelege presidenten i La Liga. Ikkje nok med det - ho fekk også kalla opp stadion etter seg sjølv. Etter 20 år under Nueva Rumasa-styre, der klubben opplevde både sportleg suksess og mange kontroversar, sa María Teresa Rivero takk for seg i 2011. Ho kom til heimekampen mot Alcorcón og blei møtt med piping, lommetørkle og t-skjorter som tydeleg viste kva heimefansen meinte om ho. Avskjedsgåva frå Doña Rivero til Rayo Vallecano var heller ikkje snau: nemleg 40 millionar euro i gjeld. Rayo-fansen gjorde alt for å kvitte seg med assosiasjonar til Rumasa. Berre éin ting overlevde: Pica-Pica, biemaskoten som ikkje hadde gjort nokon fortred.

Klovnar, artistar, skodespelarar og ein superdriblar frå garasjetaket
Rayo Vallecano har alltid hatt fokus på å underhalde fansen. Ikkje berre ligg Estadio de Vallecas i Calle de Payaso Fofó, gata som er oppkalla etter éin av Spanias mest folkekjære klovnar (han var fødd og oppvaksen i Vallecas). Klubben har også hatt artistar på fotballbana. Blant dei mest kjende for oss United-fans er Laurie Cunningham, ballvirtuosen og bohemen som tragisk nok mista livet i ei trafikkulukke utanfor Madrid i 1989. Boka om han, "Different Class: Football, Fashion and Funk - The Story of Laurie Cunningham" skal visstnok vere éin av dei beste fotballbiografiane som finst.

To andre spelarar United fansen kjenner på godt og vondt er Bebé og Radamel Falcao." Verdas beste heimlause spelar" har etterkvart fått over 150 kampar for Rayo, mens den colombianske tigeren endeleg har funne tilbake til scoringsformen i eit lag som strengt tatt ikkje heilt passar til statusen hans. Og når vi snakkar om upassande; Falcao har draktnummer 3, heilt hinsides for ein superspiss... Personleg håpar eg å få eit gjensyn med begge på Old Trafford.

Puente de Vallecas er også kjend for sine yrande og alternative musikk-, kunst- og teaterscener. Den mest bisarre koplinga mellom fotball og teater i heile verda må nok vere Alfredo Sánchez Brell, som var forsvarsspelar på Rayo i 1959-60, men som nok er mest kjend som skurk i eit utal spaghettiwesternfilmar på 60- og 70-talet.

Image

Alfredo Sánchez Brell (Aldo Sambrell)

Likevel er det éin spelar eg alltid tenker på når eg høyrer namnet Rayo Vallecano, nemleg Jan Berg. For oss som vaks opp med sportssendingane på NRK på 80-talet, er Rayo Vallecano synonymt med bohemen og superdriblaren frå Molde. Han var den første nordmannen som spela i Spania og han vert framleis heidra som ein kultfigur både i Rayo og i resten av landet. Grunnen til at han gjekk til Spania, var blant anna at han hadde lite til overs for britisk fotball og den meir fysiske spelestilen på balløya. Les gjerne denne flotte artikkelen om Jan Berg som blei publisert i Aftenposten i 2014: https://www.aftenposten.no/sport/fotbal ... rasjetaket

Amasonene frå Vallecas
Avslutningsvis må eg ta med kvinnelaget til Rayo Vallecano, som har vunne tre ligatitlar i Spania, nøyaktig tre fleire enn herrelaget. Dei vert kalla for Las Guerreras eller Las Guerreritas, som betyr dei (vesle) krigerinnene, og dei representerer med det bydelen sin godt.
Image
Last edited by Pancho P on 29 Jul 2022, 20:15, edited 1 time in total.
post liked by: RedTrafford, Pink Final, Blodfink, Can2, Belfastboy, Pangaea
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7391
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26218
Liker mottatt: 16743

Fantastisk presentert @Pancho P.
Må innrømme at jeg visste lite om Rayo Vallecano utenom at Jan Berg spilte der.
Herlig at du fletter inn fra samfunnet i Puente de Vallacas.
Ukjent for meg alt sammen.
Dette var fin morgen lektyre, takk skal du ha 🤝

Edit: Leser gjerne mer om denne klubben.
Bet meg merke i hva Jan Berg sa i Aftenposten artikkelen du lenker til.
Om kvaliteten på engelsk fotball.
Det var nok helt sant.
Samtidig gjorde de engelske det godt i Europacupene.

Uansett, bet meg merke i at vi nordmenn ofte ser vestover (slik har det muligens vært siden viking tiden?).
Vi som vokste opp som anglofile lærte oss ‘alt’ om klubbene i England, Skottland og Wales.
Men nesten ingenting om klubber på kontinentet.
På balløya har vel nesten hver eneste klubb røtter fra arbeiderklassen.
Overklassen ble ‘skippet ut’ på 1880 tallet da kost skole klubbene i syd ville holde på amatør statusen.
Mens klubbene nordover ivret for at fotball ble profesjonell idrett.

Overklassen har tradisjonelt hatt andre idretter.

Det sosiale skillet mellom klubber er mye større i en del land på kontinentet.
Du gir oss fint innblikk i et slikt scenario i denne klubb presentasjonen.
post liked by: Pancho P, Can2, Belfastboy, Pangaea
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2516
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12966
Liker mottatt: 8243

Takk for det, @Pink Final😊 Eg gler meg like mykje til kampen mot Rayo på Old Trafford som til dysten på Ullevaal.

Eg trur du har heilt rett i betraktningane dine om klubbar og klassetilhøyre i England og på kontinentet. Tilfellet Rayo Vallecano, særleg under Rumasa-(van)styret er uansett spesielt. Ein proletarklubb frå utkanten av Madrid som var eigd av konservative hyperkapitalistar frå ein heilt annan del av landet og som eigentleg aldri forsto klubben. Huff, no fekk eg assosiasjonar til eit anna klubbeigarskap vi kjenner så altfor godt til 😔
post liked by: Pink Final, Can2, Belfastboy
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Can2
Kongen av understatements
Posts: 878
Joined: 29 Jun 2022, 15:39
Liker gitt: 7700
Liker mottatt: 2546

Kan bare istemme at dette var fantastisk lesing! -I mitt tilfelle til formiddagskaffen. Utmerket lektyre! :perf: Lærerikt; interessant om både lokalsamfunn, krigshistorie (fascismens åk med Franco), korrupsjon, hjertevarme, glød og engasjement. Historier slik jeg liker dem! Til og med litt tårevått når jeg leste om enken som fikk hjelp og støtte av lokalsamfunnet til å få nytt hus. :heart:

Artig å høre om den lille "byen" i byen som Rayo oppsto i/ut i fra. Et sted rikt på kultur, arbeiderhistorie, lokalhistorie, og fotball - som kunne vært moro å besøke. Historien om Jan Berg var jeg heller ikke klar over.

Artig at du har drakt fra dette laget, og @Pancho P :thumb_up:
post liked by: Pink Final, Pancho P, Belfastboy, Pangaea
Kong Eric Cantona
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2516
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12966
Liker mottatt: 8243

Takk, takk @Can2. Drakta kjøpte eg faktisk på stadion i Vallecas i samband med ein heimekamp. Mannen i billettluka, ein kar på over 70 år, var svært så elskverdig då eg prøvde å kjøpe billett på stotrande spansk. Eg fekk kremplass oppe på den eine langsida, så eg klarte meg sånn nokonlunde😊

Sjølve stadionet er fascinarende. Det er klemt inn mellom mange boligblokker og vegar, og den eine kortsida har ikkje tribuneseksjon. Då eg var der hadde dei mala heile veggen som ein hyllest til laget og supportarane.

Eg vil anbefale alle som skal til Madrid å ta linje 1 sør-austover til Puente de Vallecas😄
post liked by: Belfastboy, Pink Final, Can2
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pink Final
Manchester; football, music, fashion, industry, history
Posts: 7391
Joined: 03 Aug 2018, 21:11
Liker gitt: 26218
Liker mottatt: 16743

Pancho P wrote: 29 Jul 2022, 17:34
Sjølve stadionet er fascinarende. Det er klemt inn mellom mange boligblokker og vegar, og den eine kortsida har ikkje tribuneseksjon. Då eg var der hadde dei mala heile veggen som ein hyllest til laget og supportarane.
Høres fascinerende ut.
Fant noen bilder fra fugleperspektiv, men de bildene lot seg ikke poste her. Image
post liked by: Pancho P, Can2
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2516
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12966
Liker mottatt: 8243

Rayo Vallecano møter eit visst FC Barcelona i første serierunde på lørdag. Skal bli spennande å sjå kva lag Barça stiller med. Martin Braithwaite, kanskje. Mannen som nyleg blei bua på under ein treningskamp på Camp Nou fordi han ikkje har noko interesse av å forlate klubben og den lukrative kontrakta si. Det begynner å haste med å registrere spelarar for culers (rumpene) og vi kan rekne med særs ufin oppførsel mot dei uønskte spelarane fram mot registreringsfristen.

Må innrømme at eg vil heie meir på Rayo enn vanleg og at mafiagjengen i Catalunya får seg eit skot for baugen. 'Més que un club', my culer 🤬 Dei skal vere glade om dei i dei heile tatt er ein klubb om eit par år...
post liked by: Can2, RedTrafford, Pangaea, Pink Final
It's Squeaky Bum Time!
User avatar

Pangaea
Posts: 2676
Joined: 07 Jul 2020, 03:51
Liker gitt: 3806
Liker mottatt: 4789

Pancho P wrote: 29 Jul 2022, 00:12 Bortsett frå arbeidarklassebakgrunnen er det lite Manchester United og Rayo Vallecano har til felles
Avskjedsgåva frå Doña Rivero til Rayo Vallecano var heller ikkje snau: nemleg 40 millionar euro i gjeld
Pancho P wrote: 29 Jul 2022, 08:06 Ein proletarklubb frå utkanten av Madrid som var eigd av konservative hyperkapitalistar frå ein heilt annan del av landet og som eigentleg aldri forsto klubben. Huff, no fekk eg assosiasjonar til eit anna klubbeigarskap vi kjenner så altfor godt til 😔
Ser dessverre ut som vi har litt til felles likevel, vertfall i mer moderne tid :(

Fantastisk tråd og lesning. Høres ut som en sjarmerende klubb og by(del), og med en delvis mørk historie på stadion. En noe sjelsettende opplevelse når jeg var på besøk hos en kamerat i Spania, var et monument opp i en fjellside til ære for motstand mot Franco, og folk som falt. Lett å glemme at dette ikke er fryktelig lenge siden, vertfall om sluttstreken settes ved Francos død, og det bør den jo.

Håper Vallecano knuser Barfalona. Ikke særlig gode sjanser for det, men vi kan håpe. Akkurat som vi håper United kommer tilbake på toppen en dag, og at Glazers drar "dit pepperen gror".
post liked by: Pancho P, Pink Final, Can2
User avatar

Topic author
Pancho P
Donor
Posts: 2516
Joined: 24 Aug 2021, 20:09
Liker gitt: 12966
Liker mottatt: 8243

Takk for det, @Pangaea. Har budd i Spania i korte periodar (ikkje solkysten eller ferieøyene😉), og eg vert slått av kor lite ein vil snakke om borgarkrigen og Franco-perioden. Supportargrupper som Curva sur (Real Madrid) hadde lenge Franco som sin store helt, og fascistiske symbol blei brukt heilt fram til dei seinare åra. Florentino Pérez bannlyste alle ekstremistiske element for eit par år sidan og no er Fondo sur (den sydlege og mest fanatiske tribuneseksjonen) totalt transformert.

Likevel er Franco-dyrkinga på full fart tilbake i Spania, pga korrupsjon, eit sviktande offentleg system og generelt vanskelege tider for folk flest. Eg har ein spansk kompis som har droppa fotballinteressa fordi han ikkje har samvittigheit til å følge med på sitt tidlegare kjære Real Madrid når spelarane tener millionar i veka mens helsevesenet ligg brakk og reallønnene stuper.

Då synest eg Rayo Vallecano er ei fin motvekt, med den lokale forankringa, fokuset på samhald og rettferd og kampen mot hyperkommersialiseringa i fotballen. Likevel er det eit paradoks at proletariatklubben hadde dei mest pengegriske og korrupte eigarane i mange år. Om ein ser bort frå Jesús Gil y Gil, då...
post liked by: Pangaea, Pink Final, Can2
It's Squeaky Bum Time!
Post Reply