DE
Re: Dean Henderson
Personleg er eg nok meir einig med @GBailey enn @Pink Final når det gjeld vurderinga av Henderson sine kvalitetar. Eg synest han var grisegod i Sheffield United og eg meiner også han var betre enn De Gea då han endeleg fekk sjansen mellom stengene. Om eg for 2-3 år sidan skulle ha tippa kven som ville stå fast i mål på eit topplag av Henderson og Ramsdale, hadde eg sett alle sparepengane mine på førstnemnde.
Men fotball handlar mykje om (u)flaks og timing. Det er langt frå usannsynleg at Henderson hadde starta forrige sesong om han ikkje hadde fått korona. Samtidig hadde det vore "kriminelt" å sette Spanske Dave ut av laget når han presterte som han gjorde.
Problemet for Henderson er, i tillegg til at han gjekk ut i media med frustrasjonen sin, at han forlet klubben utan å konsultere med Ten Hag. Han sa i intervjuet at den nye manageren truleg ville ha prøvd å halde han i klubben, men han hadde allereie bestemt seg for å gå. Som tidlegare nemnt, er det lett å forstå at han er frustrert på grunn av manglande speletid, men eg tvilar på om Ten Hag er imponert over at Henderson reiste utan å få ein sjanse til å vurdere han opp mot De Gea eller i det minste ta ein samtale med han. Om Henderson er så trygg på eigne kvalitetar, burde han ha stolt på at Ten Hag ville ha satsa på han, særleg sidan Henderson i utgangspunktet er ein keeper som passar betre til Ten Hag sin spelestil enn det De Gea er. Eller insinuerer Henderson at det ikkje er manageren som tar ut laget?
Uansett kan det verke som om Henderson blir styrt av følelsane her. Og då må ein spørre seg korleis han ville ha reagert om han hadde vore førstekeeper i United og om det hadde vorte henta inn ein reell utfordrar.
Eg er spent på korleis Henderson greier seg i Forest. I Sheffield United sto han i mål bak eit kompakt og strengt organisert forsvar. Forest spelar ein opnare og meir offensiv fotball og dermed vert nok Henderson stilt på andre prøver enn det han blei i Sheffield. Eg ser ikkje bort frå at han klarer det med bravur.

Innlegget er likt av: Mr H, Pink Final, Buchan, Belfastboy, Can2, Pangaea, Cola2, RedTrafford