DE
Re: Cristiano Ronaldo dos Santos Aveiro
Alle fotballspelarar på Manchester United og andre topplag må vere førebudde på å få kritikk, profilerte som dei er. Det er klart at Rashford, Maguire og for så vidt resten av laget bør gå i seg sjølve etter den elendige fjorårssesongen. Sjølv meiner eg det berre er Ronaldo og Gea og kanskje Fred som seie seg nokonlunde tilfredse med prestasjonane sine forrige sesong.
Likevel meiner eg det er noko grunnleggande ulikt, som bl.a. @Ryder nemner, å bue på Maguire på stadion og å kritisere Ronaldo på united.no. Langerød var nok i overkant tabloid i måten han formulerte seg på, men å kalle det hets er i overkant.
Eg meiner også det er stor forskjell på det Rashford/Maguire "har blitt/blir/bør bli" kritiserte for og det Ronaldo "har blitt/blir/bør bli" kritisert for. Dei to førstnemnde har underprestert på bana, mens Ronaldo etter mitt syn har sett klubben i ein vanskeleg situasjon ved å ønske seg bort langt ute i pre-season. Alt "konge"fjaset ser eg på som uskuldig moro.
I mi bok er Ronaldo sitt "brotsverk" langt meir alvorleg enn Maguire og Rashford sine. Det kan godt hende at Rashford burde ha gått glipp av EM for å stille fullt restituert og skadefri til sesongstarten i fjor, men kor ofte får ein oppleve eit stort mesterskap på heimebane? Rooney og Beckham vart vel også lappa saman til mesterskap i si tid, sjølv om det ikkje var optimalt for United.
Det kan også argumenterast for at Rashford burde hatt mindre fokus på det utanomsportslege, men eg meiner samfunnet er på ville veier om vi kritiserer ein ung idrettsmann for å skaffe fattige born eit ekstra måltid om dagen. Særleg når dagens spelarar ofte vert skulda for å vere overfladiske, griske og egoistiske.

Innlegget er likt av: Pink Final, Belfastboy, Ryder, Pangaea, Cola2, Can2, RedTrafford, JørgenT