[CL] Atalanta - Manchester United

DE

Trådstarter

[CL] Atalanta - Manchester United

Trådstarter #1
ATALANTA vs MANCHESTER UNITED
Champions League
Tirsdag 02.11.2021 kl. 21.00
Gewiss stadion, Bergamo, Italia


Innbyrdes oppgjer
Manchester United: 1
Uavgjort: 0
Atalanta: 0

Skader United

Suspensjoner United


Champions League, gruppe F

1. Manchester United: 6 p
2. Atalanta: 4p
3. Villareal: 4p
4. Young Boys: 3p


Eit blaff eller begynnelsen på ein snuoperasjon?

Vi har akkurat vore vitne til ein sterk 3-0 seier mot Tottenham på bortebane. "Det var berre Tottenham", vil mange seie. Likevel har den verste kritikken mot laget stilna og Solskjær har fått litt pusterom før svært viktige oppgjer i ligaen og i Champions League. Vil han halde fram med tre stopparar eller vil han gå tilbake til det velkjende firemannsforsvaret? Var resultatet mot Spurs berre eit blaff eller er det begynnelsen på ein god periode for Manchester United? Heldigvis er vi ferdige med oktober, som tradisjonelt har vore ein tung månad for Solskjær & co. Sannsynlegvis vil seier i éin av dei resterande bortekampane i gruppa føre til at United kvalifiserer seg for cupspelet i Champions League.


Atalanta

Først ute er altså Atalanta, som vi slo på dramatisk vis i snuoperasjonen på Old Trafford for knappe to veker sidan. Å seie at vi hadde kontroll i den kampen ville vere ei aldri så lita løgn, men det er ikkje ulovleg å ha litt flyt (og ein Champions League-spesialist på laget).

Sidan sist har Atalanta spela tre kampar i Serie A. I kampen mot Udinese kasta dei bort tre poeng fire minutt på overtid, men borte mot Sampdoria og Morten Thorsby vann dei til slutt komfortabelt 3-1. Søndag ettermiddag redda dei eitt poeng heime mot Lazio langt inne i overtida. Desse tre kampane illustrerer på mange måtar sesongen til laget frå Bergamo til no. Laget er meir ustabilt enn i dei tre siste sesongane, sjølv om det berre er tre poeng opp til tredjeplassen.

Ein av hovudgrunnane til den variable forma har vore alle skadene til Nerazzurri, særleg i forsvaret. Både Gosens, Hateboer, Djimsiti og Tolói er fortsatt ute, i tillegg til EM-stjerna Matteo Pessina. Tyrkiske Merih Demiral, som både scora og måtte gå ut på Old Trafford, er tilbake. Han hadde forøvrig den målgivande pasningen til 2-2-målet mot Lazio.


Bergamo - Perle, pandemi og pøbelskap

Den vesle byen Bergamo ligg nokre steinkast frå metropolen Milano, iallefall om du kastar grådig langt. Byen er ei relativt skjult perle i regionen Lombardia og er plassert på ulike høgder. Arkitekturen er storslått og i det fjerne kan ein sjå Alpane. Dessutan er Bergamo kjent for å vere Europas ostehovudstad.
Det siste halvanna året har derimot byen og regionen vorte kjent for noko langt mindre hyggeleg. Lombardia (og Bergamo spesielt) var episenteret for den første covid-bølga i Italia. Dødstala i byen var skyhøge og all sosial aktivitet vart sett under kraftige restriksjonar. Regionen Lombardia har begynt å komme til hektene igjen, men turistlivet, økonomien og samfunnet elles fekk seg ein kraftig knekk som følge av pandemien.

Fotballaget Atalanta Bergamasca Calcio er eit relativt lite lag i italiensk målestokk. Likevel vert dei rekna som det viktigaste regionale laget i støvellandet, dvs. det største laget som ikkje kjem frå ein provinshovudstad. Folk i Bergamo er svært patriotiske og støttar lojalt og høglydt opp om laget sitt. Det vert sagt at dei ikkje har nokre spesielle rivalar og fiendar, men at dei hatar alle andre. På italiensk er det nesten poetisk: "Ci stanno sul cazzo tutti". Kanskje er Mourinho sitt Roma den største fienden til Atalanta, både pga Roma-fansen sine ulike voldsturnéar på 80-talet, i tillegg til at tre Atalanta-fans blei knivstukke i 2006 av Giallorossi-hooligans.

Stadion til Atalanta, Stadio Atleti Azzurri d'Italia, eller Gewiss stadion (av sponsorgrunnar), tar knappe 25000 tilskodarar, men er kjent for å vere høglydt og fiendtleg. Som alle andre italienske klubbar, har også Atalanta sine ultras, som samlar seg i Curva Nord og Curva Sud. Fansen har tradisjonelt vore plassert langt til venstre på den politiske skalaen, men den politiske ideologien har etterkvart vorte både utvatna og utviska. Dei siste åra har Atalanta-ultras fått eit negativt rykte for å huse ein del rasistiske element etter at fleire stygge tilrop og banner har blitt observert på tribunene.

Som alltid får vi håpe at det er fotballen som kjem i fokus og at United kan ta opp tråden etter borteseieren i Nord-London.
Sist redigert av Deleted User 465 den 31 okt 2021, 00:39, redigert 1 gang totalt.
Innlegget er likt av: Buchan, Pink Final, RaoulDuke, Blodfink, PAK, Pwint, RedTrafford, Belfastboy
DE

Trådstarter

Re: [CL] Atalanta - Manchester United

Trådstarter #2
Herlig tråd @Pancho P
Diallo er skadefri igjen. Spilte vel U-23 kamp i dag.
Kjenner jeg gleder meg ekstra til denne kampen etter de tre poengene i dag. Viktig kamp for å gå videre fra gruppespillet.
Innlegget er likt av: Pink Final, Buchan, Belfastboy
DE

Trådstarter

Re: [CL] Atalanta - Manchester United

Trådstarter #3
Mcilroy skrev: 31 okt 2021, 00:31 Herlig tråd @Pancho P
Diallo er skadefri igjen. Spilte vel U-23 kamp i dag.
Kjenner jeg gleder meg ekstra til denne kampen etter de tre poengene i dag. Viktig kamp for å gå videre fra gruppespillet.
Takk for det! Då har eg tatt Amad ut av sjukestova!
Innlegget er likt av: Pink Final, Buchan, Belfastboy
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14212 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64221
Liker mottatt: 44162

Re: [CL] Atalanta - Manchester United

#4
Kamptråd til terningkast 6 @Pancho P.
Liker miksen av info om lagenes nåværende form og historie du serverer oss med din gode penn ✍️

Håper United fortsetter med samme innsats som mot Spurs.
Så får the fluid football vente til vi er mer klar for det,
Innlegget er likt av: Buchan, Belfastboy
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
DE

Trådstarter

Re: [CL] Atalanta - Manchester United

Trådstarter #5
Pink Final skrev: 31 okt 2021, 08:02 Kamptråd til terningkast 6 @Pancho P.
Liker miksen av info om lagenes nåværende form og historie du serverer oss med din gode penn ✍️
Takk for fine ord😊 Det er ikkje lett å hoppe etter Pink Wirkola, men eg prøver etter beste evne😁
Innlegget er likt av: Pink Final, Buchan, Pwint, Belfastboy
Brukeravatar

Donor
82 innlegg
Medlem siden 2021
Liker gitt: 239
Liker mottatt: 135

Re: [CL] Atalanta - Manchester United

#9
Spent på om det blir 3 bak nå som Lindeløf rapporteres skadd.
I så fall;
Går Bailly inn?
Setter Solskjær Shaw ned som midtstopper og Telles på vingback?
Eller; AWB som stopper og Dallot som vingback?
(Tviler på det siste)
Å utelate Bailly i en evt 3er vil være en klar statement hvert fall.
DE

Trådstarter

Re: [CL] Atalanta - Manchester United

Trådstarter #10
Med 5 bak tror jeg Telles kommer inn og Shaw som midtstopper. Shaw har jo spilt med bravur der før. Nå er han ikke i sin beste form heller så kanskje han ville ha hatt godt av å prøve seg som stopper igjen.
Hva med Cavani? Vil han bli hvilt til City-kampen?
DE

Trådstarter

Re: [CL] Atalanta - Manchester United

Trådstarter #11
I konkurransen tippa eg at McTominay kjem inn for Vigge og at Pogba tar plass på midten. Synest det har vore mykje rot mellom Shaw og Maguire så langt, så eg tippar at dei ikkje blir plassert ved sida av kvarandre heilt bakerst. Dessutan tvilar eg på at Solskjær vil omrokkere på stopparane, så eg tenker at det kjem inn ein direkte erstattar for svensken.

Vidare trur eg at Fred er heilt avgjerande for det "nye" systemet, så han spelar nok. Pogba er eg faktisk usikker på, men det er mindre risiko å la han spele sentralt på midten med meir sikring bak. Elles trur eg Cavani blir spart til City og at Rashford startar mot Atalanta. Vi såg kor enorme rom italienarane etterlet seg i forsvaret då dei gjekk i angrep på Old Trafford, og dette er noko særleg Rashy kan utnytte. Kunne også ha tenkt meg å sjå Greenwood i dette systemet, men han startar nok på benken.
Innlegget er likt av: Belfastboy, Blodfink
Brukeravatar

Moderator & Donor
9315 innlegg
Medlem siden 2019
Liker gitt: 6649
Liker mottatt: 28248

Re: [CL] Atalanta - Manchester United

#12
Regner også med at vi kjører videre med 3-5-2, viktig å ikke la Atalanta få lukte blod tidlig i kampen.

Naturlig at Bailly kommer inn for Lindelöf, samtidig virker det som han er ute i kulda. Litt nå eller aldri for ham.
Eller trekkes Shaw ned i trebackslinja og Telles lenger fram? Dårlig kjemi mellom Maguire og Shaw til nå taler litt mot det, men det har jo vært løsningen sist vi spilte med den formasjonen.

Eller dras McTominay ned og Pogba inn på midten? Om Pogba skal inn og Shaw ned, heller jeg mot at Fred blir ofret (pga Solskjærs skryt av McT etter Spurs). Vet ikke hvor lurt det er, Fred var veldig viktig i presset mot Spurs, samtidig tok McTominay ankerrollen i den kampen og det passer Pogba bedre.
Tror også Rashford starter denne, farta blir viktig i kveld.

Har en ok følelse før kampen, men føler meg ikke rolig. Laget må nå bevise at de er til å stole på.
Innlegget er likt av: Blodfink, PAK
Brukeravatar

Donor
21578 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 55255
Liker mottatt: 41572

Re: [CL] Atalanta - Manchester United

#13
Spiller ikke Bailly i dag er det vel kroken på døra for ham. Kan jo være noe i at han har brutt mot OGS` ønske om at du støtter laget om du spiller eller ei. Var vel noe om at han hadde uttrykt misnøye i plenum på møtet de hadde forrige uke.
LUHG!
Flere visningsvalg

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Pwint og 2 gjester