Fotballkort

Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14211 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64204
Liker mottatt: 44152

Re: Fotballkort

#91
Fantastiske bilder @alfen74.
De Topps korta er fra samlerhøyden min, da jeg var som aller ivrigst.
De må være fra 1977/78 sesongen.
Kjenner jeg gleder meg veldig til den posten din @Pancho P.
Intet press 😂.

I EM 84 og VM 86 var jeg for gammel 😱 blitt for fotballkort.
Antar at det var Panini klistremerker som til 1982 VM.
Tror ikke de kom i stjerneposen @alfen74.
Det var mer artister og skuespillere som Johnny Rotten, John Travolta, Olivia Newton John og den generasjonen der som lå i stjerneposen ✨💫.
Panini kom i egne innpakninger, med en tilhørende bok å lime inn i.
Sånn var det i hvert fall under Spania VM 1982.
Innlegget er likt av: alfen74, Andtho01, Can2, Belfastboy
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #92
Nokre klassiske og andre meir kuriøse kort der, @alfen74. Dei største er, som @Pink Final korrekt nemner, frå Topps sitt red backs-sett frå 1977 (sesongen 1977/78). Desse kjem eg sterkt tilbake til seinare. Dei andre korta blei utgitt av våre nederlandske "venner" i Monty Gum til EM i 1984 og VM i 1986. Dei er ikkje klistremerker, men vanlege kort med grå baksider. Dessutan må eg arrestere @Pink Final på det grovaste her. Du kan aldri bli for gammal til å samle på fotballkort😉
Innlegget er likt av: Pink Final, Can2, Belfastboy, alfen74
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14211 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64204
Liker mottatt: 44152

Re: Fotballkort

#93
Haha @Pancho P sant nok.

Red backs ja - det hadde jeg glemt.
De med blå og orange baksider hadde kanskje egne navn de også?
Mulig du belyser det når du får tid og anledning til å lage neste artikkel (for det er artikkel kvalitet 👏) her inne.
Innlegget er likt av: Can2, Belfastboy, alfen74
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #94
PS. Monty Gum-korta kom i godteposar, akkurat som korta i seriane dei gav ut av Elvis, Kiss, popstjerner, punk, heavy metal m.m.
Innlegget er likt av: Pink Final, Can2, Belfastboy, alfen74
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14211 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64204
Liker mottatt: 44152

Re: Fotballkort

#95
1982 VM de var klistremerker.
Så feil kan jeg ikke huske 🤔😅.
Husker jeg gikk amok på Narvesen og handla inn de korta.
Tok ut penger fra Postens lille røde for å kjøpe enda mer.
Det albuet skulle fylles, og det lyktes 😁.

Så 1984 EM og 1986 VM var en annen type kort enn 1982 VM?
Innlegget er likt av: Can2, Belfastboy, alfen74
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #96
Takk for det, @Pink Final. Alle Topps-seriane fekk uoffisielle namn ut frå fargen på baksida. 1975: red/grey backs, 1976: blue/grey backs, 1977: red backs, 1978: orange backs 1979: light blue backs, 1980: pink backs (panel cards), 1981: blue backs (panel cards).

Du tenker kanskje på Panini-merka frå VM 1982? Dei var definitivt klistremerke og eg kjem til å skrive eit langt innlegg berre om Panini på eit seinare tidspunkt.
Innlegget er likt av: Can2, Pink Final, Belfastboy, alfen74
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14211 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64204
Liker mottatt: 44152

Re: Fotballkort

#97
Ja tenkte på Panini.
Trodde de @alfen74 la ut fra EM84 og VM86 var Panini.
Så se bort fra det jeg skrev @alfen74 😁.
Innlegget er likt av: Belfastboy, Can2, alfen74, Pwint
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #98
A&BC 1958-1974, del 2

Vi har ved mange høve mimra om den herlege kjensla av å springe til nærmaste Narvesen-kiosk eller bokhandel for å kjøpe VM-merke frå Panini, og der vi i nesten manisk tilstand prøver å fylle tilhøyrande album før mesterskapet er over. Slik var det for meg i 1982, 1986 og 1990. I våre dagar blir det gitt ut album, klistremerke og (virtuelle) kort frå Topps, Match Attax, Upper Deck, Donruss og mange fleire i månader og til og med år før mesterskapa. Marknaden er på mange måtar metta og magien er, iallefall for ein gammal grinebitar som meg, heilt borte.

Situasjonen var heilt ulik i VM-nasjonen England før VM på heimebane i 1966. Ein skulle tru at VM-feberen hadde ført til eit folkekrav om alle typar fotballrelaterte produkt, ikkje minst fotballkort, men bortsett frå kort som blei utgitt i bilaga til dei mest populære fotballblada for ungdommar, glimra VM-korta med sitt fråvær. Både Panini og FKS debuterte med VM-album fire år seinare, og desse albuma blei ein kjempesuksess. Kvifor hadde ein relativt stor kortprodusent som A&BC gjort seg skuldige i ei såpass stor tenesteforsømming?

Det er vanskeleg å finne konkrete svar på dette spørsmålet, men det er nærliggande å tenke at økonomi var éin av hovudgrunnane. Det svære settet på 149 kort frå 1964/65 var ein kunstnarisk, om ikkje kommersiell suksess. Produksjonskostnadane var éin ting, men etterkvart begynte spelarane også å kreve pengesummar for å stille opp på korta. A&BC betalte på 60-talet £10 til kvar av spelarane som blei avbilda, uansett om du heitte Jimmy Greaves eller Jim McCalliog. Men med den aukande populariteten til spelarar som George Best og VM-vinnarane frå '66, måtte denne modellen til slutt sprekke. George Best "forsvann" frå fotballkorta mellom 1970 og 1977 (då han dukka opp att i Fulham-drakt) fordi agenten til The Belfast Boy kravde £1000 (!) i image rights. Dette tilsvarer ca. 200 000 kr i dag, og var ein enorm sum for ein britisk tyggegummiprodusent på den tida.

Vidare hadde A&BC vore aktive og ambisiøse på andre område enn fotballkort sidan dei første setta blei gitt ut i 1953. I tillegg til dei sedvanlege kjendis- og filmstjernekorta, hadde A&BC gitt ut kort med fly, tog og cricketstjerner, før dei i 1964 verkeleg slo på stortromma med det første Beatles-settet i 1964. Det kom eit nytt sett med Fab Four i 1965, i tillegg til eit sett med The Rolling Stones. Ein kan tenke seg at A&BC måtte grave djupt i lommene for å betale for bilderettane til særleg Beatles-korta, midt i Beatlemaniaen.

Samarbeidet med amerikanske Topps gjorde også at A&BC var forplikta til å gi ut Topps-sett, som tidlegare hadde vorte gitt ut i statane, under namnet til A&BC. Blant dei flottaste setta som blei gitt ut i denne perioden var "Space" og "Countries of the World".

Bilde Bilde

Samarbeidet mellom A&BC og Topps var ikkje knirkefritt, men framleis var det eit funksjonelt ekteskap, før den bitre skilsmissa i 1974.


A&BC 1967/68 (Star Players/ "Black backs")
I den forrige posten levna eg ikke A&BC sitt svart/kvitt-sett med doble kort frå hausten 1966 og utover til våren 1967 mykje ære. Korta var små, av nokså dårleg kvalitet og mangla dei levande fargane frå tidlegare sett. Hausten 1967 var dei tilbake i tilnærma gammal form med eit lite sett med 55 kort kalla "Star Players". Og det var akkurat stjernespelarane i ligaen A&BC hadde fokusert på. I tillegg til den engelske bruttotroppen til VM, hadde dei funne plass til "internasjonale" superstjerner som George Best, Denis Law, Terry Hennessey og Billy Bremner.

Settet er sjarmerande og fint, men personleg likar eg betre dei 12 miniplakatane som blei lagt ved fotballkorta. Dei såkalla pin-up-posterane av 12 av England sine VM-heltar har ein herleg nostalgisk feel over seg, men er relativt vanskeleg å finne i god stand pga at dei blei bretta før dei blei lagt i pakkane.

Bilde Bilde Bilde Bilde Bilde
Elles står som kjent 1967/68-sesongen igjen som éin av dei store i United-historien, med klubben sin første triumf i Europacupen. Men heretter skulle det gå nedover med United. For fotballkorta skulle derimot suksessen overgå dei villaste forventningane, både kreativt, kunstnarisk og kommersielt.




A&BC 1968/69 (Footballer/ "Yellow backs")
Om settet frå 1967 var sjarmerande, sprengde A&BC kvalitetsskalaen for pene fotballkort med det enormt flotte settet med gul bakside frå 1968/69. Borte var dei litt kjedelege baksidene med sparsom info og tilbake var quiz-spørsmåla som A&BC hadde brukt tidlegare på 50- og 60-talet. Det er også verdt å merke seg at A&BC gjekk tilbake til ein tidlegare strategi med yellow backs-korta. Vanlegvis kom korta for salg i august for å dra nytte av den store interessa rundt fotballen rett før oppstart av ein ny sesong. For å sikre seg salg i ein lengre periode, blei det også utgitt nye kort på eit seinare tidspunkt i sesongen, då ofte med dei største stjernene. Sidan "Series 2" og "Series 3"-korta blei utgitt i mindre opplag, er dei ofte meir verdifulle enn "Series 1"-korta som blei utgitt før seriestart. I pakkane med kort frå "Series 1" i 1968/69 blei dei lagt vimplar med klubbmerke og klubbnamn, mens i "Series 2" var "rosinen i pølsa" nokre vakre klubbemblem med glinsande overflate. Desse er like sjeldne som dei er utsøkte og få har tålt tida si tann.


Bilde Bilde Bilde Bilde Bilde Bilde


A&BC 1969/70 (Footballer/ "Green backs")
Eg kjem til å gjenta meg her, men rundt 1970 er fotballkorta på sitt vakraste. I 1969 slo A&BC til med sitt hittil største sett med enkeltkort (174 kort) og for første gang er dei seinare så kjende fotballkarikaturteikningane med. Korta blei gitt ut i tre "series" og pakkane var spekka med tilleggsgåver som VM-plakatar, eit VM-sett med 37 nydelege kort av engelske spelarar, samt eit litt mindre flott sett med 36 fotokort med påtrykte autografar. VM gjekk ikkje like bra for England som fire år tidlegare, men A&BC hadde prestert tidenes kanskje flottaste sett med fotballkort. Eit lite minus er at det finst to kort med nummer 117, men det er for bagatellar å rekne, når ein tenker på kva t.d. Monty Gum rota med seinare på 70-talet. Hausten 1969 begynte NRK å overføre kampar frå England, og sjølv om eg ikkje finn belegg for det, trur eg engelske fotballkort også begynte å finne vegen til Norge omtrent på denne tida.

Bilde
Lenke til baksider: https://cardhawkuk.com/product/abc-manc ... reen-1969/

Bilde

A&BC 1970/71 (Footballer/ "Orange backs")
Ein ny sesong og eit nytt dekorativt og kvalitetsmessig utsøkt sett frå tyggegummimakarane i Essex. Antall kort vart stadig større (255 kort fordelt på tre "series") og tilleggsgåvene var også av det flotte slaget. I tillegg til 14 miniplakatar, kunne ein ogå få "action transfer"-merke av 72 kort frå det ordinære settet. Desse merka kunne ein "overføre" til kladdebøker eller anna papirmateriale ved å gni t.d. blyantar over merka. På grunn av dette har svært få "action transfers" overlevd og dei er no ettertrakta samlarobjekt. A&BC var kjende for å vere demokratiske og dei gav stort sett ut kort av like mange spelarar frå kvart lag. Unntaket i 1970/71 var definitivt nyopprykka Huddersfield Town, som er den einaste av dei 22 klubbane i Division 1 som ikkje er representerte i det heile.


Bilde Bilde Bilde Bilde Bilde


A&BC 1971/72 (Footballer/ "Purple backs")
Personleg elskar eg dette settet mest på grunn av den svært så 70-talsaktige fargen på baksida og "Did you know?-delen nederst på baksida av korta. Setta blir stadig større (290 kort fordelt på tre "series") og særleg Series 3 er verdifull. Tilleggs"stashet" er meir trasig denne sesongen, med 23 tynne klubbemblem i papir og 23 litt kjedelege klistremerke som behaldninga.

Bilde Bilde Bilde


A&BC 1972/73 (Footballer/ "Red backs")
Igjen produserer A&BC eit kvalitetssett, denne gongen med færre kort (219), men med noko større variasjon i motiv. Kinnskjegga vert større, håret lengre og tanngardane mindre regulerte. Steve James, Carlo Sartori, John Fitzpatrick, Ian Storey-Moore, Francis Burns, Paul Edwards, Alan Gowling, Ian Ure, Mick Martin, Tony Young og alle dei andre som representerte United etter den store kvelden på Wembley den 29.mai 1968 har i større eller mindre grad forsvunne frå det kollektive medvitet. Men for meg representerer t.d. Steve James det ujålete og upolerte som i stor grad har blitt fjerna frå den moderne fotballen. Steve James er i mi bok blant dei vakraste spelarane som har eksistert!

Bilde Bilde

A&BC 1973/74 (Footballer/ "Blue backs")
For fans av fotballkort og Manchester United var sesongen 1973/74 ei katastrofe. Nedrykket kjenner vi til, men i produksjonslokala til A&BC i Harold Hill var det også ei dyster stemning. Ein stor brann hadde øydelagt mykje av lokala og i tillegg hadde dei amerikanske partnarane til A&BC, Topps, gått til sak mot sine britiske kompanjongar over ueinigheiter rundt lisensiering. Rettssaka blei gjennomført sommaren 1974 og til mange si forundring vann Topps ein knusande siger. A&BC blei påførte enorme kostnader, og måtte gi frå seg lisensen til å produsere fotballkort og Topps overtok med det heile marknaden. A&BC var bankerott og historie.

I 1973 blei det gitt ut eit knakande flott sett med 262 kort, som truleg hadde blitt trykte før brannen. I tillegg vart det gitt ut 32 nokså uinteressante autografkort i svart/kvitt.


Bilde Bilde Bilde

A&BC 1974/75 (Footballer/ "Red/pink backs")
Manchester United slo tilbake på første forsøk og rykte opp med stil, men for A&BC var det som nemnt kroken på døra. Det er usikkert kva som gjorde at dei fekk produsere endå eit sett etter konkursen sommaren 1974, men det blei uansett gitt ut eit "halvt" sett på 132 kort seinsommaren 1974. Korta "osar" 70-talssjarm og er eit fullverdig sett, men det er vanskeleg å ikkje føle vemod når ein tenker på korleis A&BC enda dagane sine. Frå no av var det Topps som skulle dominere fotballkortmarknaden på balløya. Sjølv om eg personleg har eit sterkt forhold til Topps-korta, har eg lært meg å sette endå meir pris på dei fantastiske setta til den vesle tyggisprodusenten i Essex.
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Innlegget er likt av: Andtho01, alfen74, Pink Final, Pwint, Can2
Brukeravatar

937 innlegg
Medlem siden 2022
Liker gitt: 3861
Liker mottatt: 4391

Re: Fotballkort

#99
Glimrende levert, @Pancho P ! Det er et utrolig mangfold i fotballkort-jungelen, som du her har formidlet. Jeg hadde aldri trodd at det skulle finnes så mange typer fotballkort, og til og med noen med utbrettbare vedlegg og "skrapelodd-quiz". Her burde jo Norsk Tipping sette i gang sporenstreks med fotballkort/flaxlodd i ett. Det er ellers utrolig at A&BC gikk konkurs med slike flotte produkter.
Innlegget er likt av: Pink Final, Andtho01, Belfastboy, Pwint, Can2
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14211 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64204
Liker mottatt: 44152

Re: Fotballkort

#100
Tusen tusen takk @Pancho P. 🤝
Så lærerikt og interessant å lese hva du formidler.
Og alle bildene! 👏
Lærte noe nytt i hvert eneste avsnitt.
Visste ikke at Georgie boy Best glimret med sitt fravær på fotballkort mellom 1970-1977.
Visste heller ikke at det ble gitt ut kort om andre tema som musikk, astronomi og geografi.
Det kortet av Saturn er jo bare helt fantastisk.
Tenk å være 10-12 år gammel og kunne samle på den type kort.
Jeg vet jeg hadde blitt hekta.
Også enig med deg hva de upretensiøse spillerne fra tidlig 1970 tall angår.
Steve James! 😂.
Herlig bilde.
Husker du brukte det bilde av det fotball kortet på junaitid dott enno.
Lærte litt om James ved å lese redback’en du la ut.
Ante ikke at han hadde slitt med skade.
Og purpleback’sa om Burns, Edwards og Sadler 👌.
David Sadler var vår nødssituasjon keeper, ante jeg ikke.

Også interessant det du antar om når fotballkort begynte å finne veien til Norge.
Ved å lese A&BC 1958-1974, del 2 er jeg nå 99% sikker på at jeg ikke ble United fan i 1974.
Har prøvd å finne ut om jeg ble fan i 1974 eller i 1975 i mange år.
Mutter og fatter husker heller ikke.
Men jeg er temmelig sikker på at jeg kjøpte TOPPS kort like etter at jeg hørte om Manchester United første gang.
Det må ha vært i 1975.
Så takk for at du indirekte hjalp meg til å finne ut at jeg var en glory hunter 😂.
Ble fan da vi vant 2 divisjon.

Synd med A&BC, trist avslutning på deres virke.

Gleder meg til å lære mer om TOPPS.
1975-1982 var min tid som fotball kort samler.
Kan legge til at jeg rett som det er kjøper noen pakker Match Attax kort.
Som gaver til familie og venner på 10-12 år.
Liker å se gleden i øya når de åpner pakkene.
Mye er galt med moderne fotball.
Ikke minst det du og vi har skrevet om at det aldri er noen pauser lenger.
Det er fotball hele tiden, så mye av magien er borte.
Men gleden i å åpne noen pakker med fotball kort er gjenkjennbart fra 50 år tilbake.
Innlegget er likt av: alfen74, Andtho01, Belfastboy, Pwint, Can2
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
Brukeravatar

Donor
2837 innlegg
Medlem siden 2019
Liker gitt: 29825
Liker mottatt: 8863

Re: Fotballkort

#101
Fantastisk lærerikt om fotballkortene, @Pancho P.
Det er en stor glede å lese historien om de forskjellige sesongene med kort.

Jeg kan huske kortene fra 72/73, men det må ha vært min eldre bror som hadde de.
Fra 73/74 er da jeg begynte så smått med min kortsamling.
Og fra 74/75 var jeg i full gang, i hvert fall fram til 78/79 tenker jeg.

Jeg kan ikke huske hvordan jeg hadde penger til å kjøpe pakkene, for hjemme hos oss fikk vi ikke noe ukelønn.
Men jeg husker at jeg som 8-9-åring jeg begynte å "jobbe" annenhver lørdag på Domus hvor jeg samlet sammen handlevogner. For de 5 timene fikk jeg utbetalt 15 kroner "cash" i hånda etter endt jobb. Da gikk det ofte 2 kroner bort til barnefilmen på kino på søndager.

Kan også huske jeg var tidlig oppe på spesielt søndagsmorgener og trålet nabolaget/sentrum etter tomflasker. Det kom nok godt med i jakten på nye pakker med fotballkort. Ellers var det jo harde forhandlinger med bytte av kort med de andre som samlet.
Innlegget er likt av: Andtho01, Pink Final, alfen74, Pwint, Can2
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #102
Tusen takk, alle saman! @alfen74, eg trur avtalen med Topps var eit tveegga sverd. Javisst tilførte dei mykje erfaring, kunnskap og sikkert også kapital, men det gjekk ut over sjølvstendet til A&BC. Topps hadde sikkert gode grunnar til å gå til sak mot A&BC, men det verkar hjarterått å effektivt drive selskapet konkurs.

@Pink Final Det finst ekstremt mange artige og interessane "fun facts" på baksida av desse korta. Då A&BC blei det også i amerikansk stil lagt til statistikk som antal kampar og mål. Dessutan vart teikningane på baksida nesten eit fast innslag. Skal prøve å få lagt ut alle "United"-baksidene både frå A&BC og Topps.

Elles kjenner eg meg godt igjen i @Belfastboy si herlege historie. I ein periode brukte eg som tidlegare nemnt nesten alle sparepengane mine på Panini klistremerke😅
:down: Dette ble for automatisk redigert inn i posten for å hindre dobbel post.
Eg prøvde å laste opp alle korta frå 1967 til 1974, "but the computer said NO". Sjekk gjerne denne sida:

https://cardhawkuk.com/product-category ... oducer=abc

https://vintagefootball.cards/index_abc.html

Legg merke til at det også finst skotske kort her, blant andre dei med grøn bakside frå 1970. A&BC begynte å produsere kort frå den skotske ligaen og med skotske spelarar i England i 1962/63, og for å ikkje blande dei engelske og skotske korta i produksjonen, trykte dei opp dei to setta med ulik farge på baksida. Elles tok A&BC av og til nokre snarvegar. Sjekk framsida av David Sadler frå 1968, 1969 og 1970. Det er i grunnen det same biletet, men eitt er speilvendt, og eit anna er zooma inn.
Innlegget er likt av: Belfastboy, Pink Final, Pwint, alfen74, Can2
Brukeravatar

Donor
9031 innlegg
Medlem siden 2021
Liker gitt: 52994
Liker mottatt: 33117

Re: Fotballkort

#103
Fantastisk jobbet @Pancho P. Dette var veldig moro!
Innlegget er likt av: Belfastboy, Pink Final, alfen74, Can2
You share this jersey with great legends. Honor them now, as they have honored you.
Brukeravatar

Kongen av understatements
4377 innlegg
Medlem siden 2022
Liker gitt: 46439
Liker mottatt: 17146

Re: Fotballkort

#104
Kan bare istemme; morsomt, lærerikt og opplysende. Liker veldig godt å se og lese dette! God og grundig jobb 😀
Innlegget er likt av: alfen74, Belfastboy, Pink Final
Kong Eric Cantona
Brukeravatar

937 innlegg
Medlem siden 2022
Liker gitt: 3861
Liker mottatt: 4391

Re: Fotballkort

#105
Min datter har begynt å samle på fotballkort, og kom fornøyd hjem med en ny pakke fra Panini i går. Det viste seg at den var fra forrige PL-sesong, men greitt nok. Gleden var stor da hun så at pakken inneholdt en United-spiller, for det har vært mye Burnley- og Luton-spillere nå i starten. Jeg klarte å holde masken etter hvert som de nye kortene kom fram, men jeg tenkte i mitt stille sinn at dette må være “fotballkortpakken fra helvete”. Se bildet nedenunder.
IMG_0176 (2).jpeg
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Innlegget er likt av: Pink Final, Andtho01, Can2
Flere visningsvalg

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Vidar Dale Fjeld og 0 gjester