Fotballkort

Brukeravatar

Kongen av understatements
4377 innlegg
Medlem siden 2022
Liker gitt: 46439
Liker mottatt: 17143

Re: Fotballkort

#61
Veldig interessant og fin lesing @Pancho P Endelig en doktoravhandling jeg nøt å lese! Har ikke lest så mange altså.😅 -Men ofte har de jo tema som "Molekylær biologi i hekkende mygg på Hardangervidda ". -Er ikke sikkert det er doktoravhandlingen din, altså, men hvis jeg hadde vært sensor hadde den vært forsvart og vel så det! 🤗
Innlegget er likt av: Pink Final, RedTrafford, Rød Pølse, Pwint, Belfastboy, alfen74
Kong Eric Cantona
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #62
Allsorts and Allsports (1953-1977)

Dei meir bevandra innan britisk konfekteri og kartofili vil nok humre godt i skjegget av denne fiffige overskrifta. Neste etappe i odysséen til fotballkorta på øyriket skal nemleg i all hovudsak anta forma av eit veritabelt sukkerrush.

Under den andre verdskrigen vart det innført rasjonering på dei aller fleste matvarer i Storbritannia og sjølv om krigen slutta i mai 1945, heldt rasjoneringa fram i fleire år etterpå. For "luksusvarer" som sukker, måtte ein vente heilt til ut på 1950-talet før frisleppet av varer i butikkane vart ein realitet. Merkeleg nok vart rasjoneringa av godteri oppheva allereie i 1949, men folk var så sveltefora på søtsaker at kioskane vart tomme på null komma niks. Dermed måtte rasjoneringa gjeninnførast og avgrensingane på kjøp av snop blei ikkje fjerna før i 1953.

Etter at tobakksselskapa inngjekk ein avtale om å ikkje starte opp att utgjevinga av sigarettkort etter krigen, hadde det oppstått eit vakuum i kortsamlingskretsar. Dei få korta som blei publiserte var ofte av dårleg kvalitet og langt unna dei forseggjorte sigarettkorta frå 20- og 30-talet. Ettersom den største kundegruppa var unge gutar, blei det også i større grad hevda at koblinga mellom sigarettar og barn var uheldig. Ironisk nok var det såkalla "candy cigarettes" eller "sweet cigarettes" som akkompagnerte fotballkorta på midten av 50-talet. Om det var for å vidareføre ei kobling til sigarettkorta skal vere usagt. Uansett ville marknadsføringa nok ha vore kontroversiell i våre dagar, både med tanke på namnet og faktumet at "sigarettane" slett ikkje var sigarettar, men tyggegummi eller godteri i sigarettform.

På mange måtar var det Barratt's, den største produsenten av godteri i verda tidleg på 1900-talet, som opna slusene for fotballkortet sin renessanse etter krigen. I 1953, det same året som rasjoneringa på søtsaker forsvann, gav dei ut det første settet med "Famous Footballers", ein serie som blei utgitt kvart år fram til 1972. Barratt's blei seinare kjøpt opp av Bassett's (kjende for den erkebritiske og uspiselige "Allsorts liqurice"), og produksjonen av korta heldt fram til 1999. Dette kortet av George Best frå 1964 er rekna som det første kortet ("rookie card") av vår legendariske nordirske trollmann og kan lett gjere deg over 150 000 norske kroner rikare om du har det i nokonlunde bra stand.

Bilde

Det kanskje mest interessante settet med kort blei gitt ut i 1954 av det vesle selskapet A&BC, basert i Nord-London. A&BC Allsports, som innheldt 120 kort av fotballspelarar og andre idrettsutøvarar, var i svart-kvitt og nokså kjedelege. Det var heller ingen informasjon på baksida. I ettertid har settet blitt ettertrakta fordi det var den første utgjevinga til tidenes beste og mest myteomspunne kortprodusent. I 1959 slo dei seg saman med den amerikanske sportskortgiganten Topps og populariteten skaut i vêret. Korta frå 1958 til 1981 er så kjende og talrike at eg vil bruke ein heil post berre til dei ved eit seinare høve.


Chix Bubble Gum og Soccer Bubble Gum, som eg var innom i forrige del, følgde etter og gav ut i alt fem sett med flotte kort med spelarar og klubblag som også kunne plasserast i album.

Bilde
Desse korta vart ein heidundrande suksess. Utover på 50-talet fekk nemleg stadig fleire familiar auka kjøpekraft, noko som også kom dei yngste til gode. Då som no var fotball og snop ein uslåeleg kombo blant kidsa og fleire av dei andre godteriprodusentane kasta seg på bølga med å legge fotballkort i pakkane med søtsaker. Og no går det slag i slag. Det er berre å nyte denne svære godteposen av kort som blei publiserte på øyriket på 50- og 60-talet:

Bilde
Kane Products, "Football Clubs and Colours", 1956. Utan United-kort.

Bilde
Mitcham's Foods, "Footballers", 1956. Tommy Taylor (nr. 9)


Bilde
Chix, "Famous Footballers, series 2", 1956. Duncan Edwards.


Bilde
Kane, "International Football Stars", 1957.


Bilde
Cadet Sweets, "Footballers", 1958. Bobby Charlton.

Bilde
Lamberts, "Football Clubs And Badges", 1958


Bilde
Chix, "Famous Footballers - series 3", 1958. Bill Foulkes.


Bilde
Master Vending, "Cardmaster Football Tips", 1958.


Bilde
Cadet, "Footballers", 1959. Harry Gregg.


Bilde
Master Vending, "Did you Know?", 1959.


Bilde
National Spastics Society (OK, ikkje akkurat godteri...), Famous Footballers, 1959. Roger Byrne (nr. 6)


Bilde
Sweetule , "Football Club Nicknames", 1959.


Bilde
Clevedon, "Famous Footballers", 1960. Albert Quixall.


Bilde
Chix, "Footballers - Portrait and Action", 1960.


Bilde
Dickson Orde, "Footballers", 1960.


Bilde
Primrose, "Famous Footballers", 1961.


Bilde
Clevedon, "Famous Football Clubs", 1964.


Bilde
Reddish Maid, "International Footballers of Today", 1965.


Bilde

Og lista kunne ha vore mykje lengre. Fotballkort blei også publiserte i teikneseriar, fotballblad, tepakkar, esker med frukostblanding og mykje meir. Særleg fram mot VM i England i 1966 nærmast eksploderte interessa for fotballblad, og sjølv magasin som vanlegvis ikkje var fotballrelaterte, la ved bilag med fotballstoff i utgivelsane sine.

Avslutningsvis må vi kikke litt på kva som rørte seg på kontinentet. I Nederland produserte Maple Leaf eit flott sett med lagbilete i 1959, mens berømte og berykta Monty Gum ga ut sine første kort omtrent på same tida.

Bilde
Maple Leaf, "European Teams", 1959.


Monty sitt sett med kort frå 1969 held forbausande høgt nivå og er populært blant samlarar, ikkje minst på grunn av baksidene på korta, som til saman dannar eit lagbilde av Benfica, derav kallenamnet "Benfica backs". Hadde dei venta eitt år, hadde korta sikkert vorte kalla "United backs"...

Bilde
Monty Gum, "International Football Teams", 1969.


Lenke til baksida: https://vintagefootball.cards/196970_mo ... nfica.html


Heilt til slutt må vi ta med eit sett med kort utgitt av danske Dandy Gum i 1969. Dandy er mest kjende for spelkorta frå EM og VM mellom 1986 og 1990, men dei starta "fotballkortkarriera" si med dei kanskje mest absurde korta nokonsinne. Kanskje dei hadde eit lite budsjett, for det var ikkje snakk om å avbilde ekte spelarar. Eller drakter, for den del. Kudos til dei som ser United-kortet her.

Bilde
Innlegget er likt av: RedTrafford, Pwint, Belfastboy, Rød Pølse, Andtho01, King Eric, Spirograf1, alfen74, Pink Final, Can2, Buchan
Brukeravatar

Donor
9030 innlegg
Medlem siden 2021
Liker gitt: 52985
Liker mottatt: 33111

Re: Fotballkort

#63
Herlig @Pancho P! Tusen takk for disse. Veldig interessant.
Innlegget er likt av: alfen74, Pink Final, RedTrafford, Can2, Buchan
You share this jersey with great legends. Honor them now, as they have honored you.
Brukeravatar

Donor
2837 innlegg
Medlem siden 2019
Liker gitt: 29825
Liker mottatt: 8863

Re: Fotballkort

#64
Pancho P skrev: 08 okt 2024, 18:11 Monty sitt sett med kort frå 1969 held forbausande høgt nivå og er populært blant samlarar, ikkje minst på grunn av baksidene på korta, som til saman dannar eit lagbilde av Benfica, derav kallenamnet "Benfica backs". Hadde dei venta eitt år, hadde korta sikkert vorte kalla "United backs"...
Disse kortene husker jeg. Broren min hadde en del av disse (født 1956), og naturlig nok "overtok" jeg disse etter hvert midt på 70-tallet. Hadde ikke alle, men synes det var spennende med baksiden av Benfica.
Jeg aner ikke hvor mange kort det var i denne serien? Vet du det, @Pancho P?

Veldig artig med den kunnskapen som du deler med oss om fotballkort :perf:
Innlegget er likt av: Pwint, Andtho01, alfen74, Pink Final, RedTrafford, Can2, Buchan
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #65
Takk, @Pwint og @Belfastboy. Totalt er det 72 kort i serien, 8 i høgda og 9 i breidda på "Benfica"-bildet.
Innlegget er likt av: Pwint, Belfastboy, alfen74, Pink Final, RedTrafford, Can2, Buchan
Brukeravatar

154 innlegg
Medlem siden 2023
Liker gitt: 196
Liker mottatt: 928

Re: Fotballkort

#66
Herlige bilder, @Pancho P
Hadde selv en haug med fotballkort en gang i tiden. Mest tidlig 80-tall og sikkert en del fra sent 70-tall.
Hadde man bare hatt vett til å ta vare på dem.

Hvis ikke jeg husker feil kom de fleste fra bladet Sport i Bilder?
Innlegget er likt av: Belfastboy, alfen74, Pink Final, Pwint, RedTrafford, Can2, Buchan
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14209 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64189
Liker mottatt: 44145

Re: Fotballkort

#67
Nok engang @Pancho P.
Dette er artikkel kvalitet.
Enormt høyt nivå på det du lager.
Dette forumet må da være Norges beste på ren kvalitet og informasjon?
For å gi forumet generelt og deg spesielt @Pancho P ros.

Apropos sukker rasjonering etter krigen.
Det var rasjonering på klær også.
Og det meste av Uniteds treningstøy brant opp da tyskerne bombet Old Trafford i 1941.
Så noe av det første Matt Busby gjorde som manager var å samle spillerne sine å spørre om de hadde rasjoneringsmerker å avse.
United trengte treningstøy og fotballer.
Liverpool fansen snakker om at Bill Shankly måtte få klippet gresset osv på treningsbanen Melwood da han ble ansatt.
Ja det var jo litt av en utfordring ifht hva Matt Busby hadde som utgangspunkt!

Men tilbake til fotball korta.
Mye ny info her, og herlige bilder 👏👏👏

Edit: Skriveleif.
Sist redigert av Pink Final den 09 okt 2024, 06:00, redigert 1 gang totalt.
Innlegget er likt av: Andtho01, Belfastboy, RedTrafford, Pwint, Can2, Buchan
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #68
Mange takk, @King Eric og @Pink Final. Eg kan ikkje hugse å ha høyrt om Busby og rasjoneringsmerka før, men det viser jo endå tydelegare den veritable jobben han hadde med å bygge opp att klubben etter krigen.

Når det gjeld dei litt større lagbileta frå Sport i bilder, var dei festa i bladet med ei irriterande sterk stripe med lim, noko som gjorde at det var limrestar på baksida av korta som blei fjerna frå bladet. Eg har ikkje komplett sett, men meiner å hugse at det blei utgitt kort av norske, engelske og tyske lag. Uansett er dei flotte kort med høg affeksjonsverdi.
Innlegget er likt av: Andtho01, Pink Final, King Eric, Pwint, RedTrafford, Can2, Buchan
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14209 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64189
Liker mottatt: 44145

Re: Fotballkort

#69
Sporer litt av.
@Pancho P - Busby ble ansatt i 1945.
Treningen og oppkjøringen til den første ligasesongen begynte mandag 24 juli 1946.
Det var da spillerne ble spurt om rasjoneringsmerker til klær.
Det samme spørsmålet gikk ut til fansen fra Busby.
Gjennom kamprogrammet United Review og i avisene Manchester Guardian, Manchester Evening Chronicle og Manchester Evening News.
Det fantes ikke nok treningstøy til klubbens 4 lag.
Innlegget er likt av: Pwint, Belfastboy, RedTrafford, Can2, Buchan
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
Brukeravatar

937 innlegg
Medlem siden 2022
Liker gitt: 3861
Liker mottatt: 4391

Re: Fotballkort

#70
Dette var helt nydelig lesning, @Pancho P . Hvem skulle trodd at fotballkortene hadde en slik rikholdig og spennende historie? De der International Footballers of Today-kortene var spesielt artige, synes jeg. Håper på en renessanse for fotballkortene, snarest! :football:
Innlegget er likt av: Pink Final, Can2, Buchan
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #71
Takk, takk, @alfen74. Fotballkort er faktisk meir populært enn på lang tid og prisane har gått i vêret dei siste 3-4 åra. Eg held på med ein post om alle britiske fotballkort si mor: A&BC/Topps, som eg trur alle som er fødde på 60- og 70-talet har eit forhold til. Eg har litt dårleg samvittigheit fordi eg utelét det heilt superbe settet til Chix frå 1960/61. Difor legg eg ved eit par herlege eksempel på korleis gode fotballkort kan sjå ut :D

Bilde Bilde Bilde Bilde Bilde
Innlegget er likt av: RedTrafford, Belfastboy, Pink Final, Andtho01, Can2, Buchan, alfen74
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14209 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64189
Liker mottatt: 44145

Re: Fotballkort

#72
Chix - fantastisk @Pancho P.
Aldri hørt om før nå.
Helt nydelige kort og motiver 😂.
Han i midten må være Stanley Matthews.
Han som spikrer knotter under støvlene da?
Og han som trener på headinger med ballen i snor?

Du inspirerte meg til å lete på nettet.
Der fant jeg dette.
(Det rimte gitt 😉). Bilde Bilde Bilde Bilde
Innlegget er likt av: Andtho01, Can2, Buchan, alfen74, Belfastboy
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
DE

Trådstarter

Re: Fotballkort

Trådstarter #73
Ja, desse korta er kunst, @Pink Final😁 Korta du fann er frå det første Chix-settet, frå 1953. Elles er det Len Allchurch (Sheffield United) på sykkelen; Jimmy Hill (Norwich) som er fornøgd med skoa; Stanley Matthews som viser at sjølv superstjerner må fikse skoa; Reg Pickett (Ipswich) med hammaren og Brendan McNally (Luton) som driv med forhistorisk headetrening😅
Innlegget er likt av: Pink Final, Can2, Buchan, alfen74, Belfastboy
Brukeravatar

Manchester, football, music, fashion, industry, history
14209 innlegg
Medlem siden 2018
Liker gitt: 64189
Liker mottatt: 44145

Re: Fotballkort

#74
Art(ig) @Pancho P.
Bill Foulkes drev visstnok også å bandt opp ballen for å trene på headinger 😂.
Innlegget er likt av: Can2, Buchan, alfen74, Belfastboy
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
Brukeravatar

Kongen av understatements
4377 innlegg
Medlem siden 2022
Liker gitt: 46439
Liker mottatt: 17143

Re: Fotballkort

#75
Fantastisk fortelling@Pancho P ! Mye historie og fine anekdoter. Engasjerende og flott fortalt. ( Som vanlig!) Lærerikt om både fotball, rasjonering, og selvsagt ikke minst om fotballkort. Sukkerrasjonering som varte så lenge, var også et ukjent kapitel. Forøvrig registrer jeg at jeg er uenig med deg i noe; sannsynligvis for første og siste gang. 😄 Nemlig Allsorts. Jeg liker det godt. Så har jeg også en "hang" mot "gammalmanns" godteri...
Innlegget er likt av: Pink Final, Buchan, alfen74, Belfastboy
Kong Eric Cantona
Flere visningsvalg

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 2 gjester