MANCHESTER UNITED vs YOUNG BOYS
Champions League
Onsdag 08.12.2021 kl. 21.00
Old Trafford
Innbyrdes:
Manchester United: 2
Uavgjort: 0
Young Boys: 1
Skader United
Paul Pogba (tilbake i januar)
Rapaël Varane (tilbake i trening)
Edinson Cavani (usikker)
Luke Shaw (usikker)
Champions League
Onsdag 08.12.2021 kl. 21.00
Old Trafford
Innbyrdes:
Manchester United: 2
Uavgjort: 0
Young Boys: 1
Skader United
Paul Pogba (tilbake i januar)
Rapaël Varane (tilbake i trening)
Edinson Cavani (usikker)
Luke Shaw (usikker)
Kamp 2 i Rangnick-æraen. Om nokon hadde fortalt meg etter det forsmedelege tapet på Wankdorf Stadion at vi før siste kamp i gruppe F ikkje hadde noko å spele for og at Solskjær hadde fått sparken, ville eg ha trudd at Champions League-eventyret allereie hadde vore over før jul. Slik er det heldigvis ikkje. Vi er gruppevinnarar og vi har lite å spele for, bortsett frå det viktigaste: ære (og pengar!!!).
Spørsmålet er om Røde-Ralf vil bruke kampen til å drille førstelaget eller om han vil prioritere å gi speletid til spelarar med få kampar i beina. Ting kan tyde på det siste, då han gjerne ville ha gitt vår alles favoritt Phil Jones sårt tiltrengte minutt på Old Trafford. Personleg kunne eg ha tenkt meg å sjå våre eigne 'young boys', Anthony Elanga og Amad Diallo utfalde seg på onsdag, men Professor Rangnick har nok ein klar idé om korleis han vil matche talenta våre.
Kva med dei unge gutane frå den sveitsiske hovudstaden? Avansement i CL er utelukka, men dei har eit ørlite håp om å verte med i Emery Cup etter jul. "There is hope in hanging snore", som lektor Eggen så poetisk sa det.
Apropos Eggen, "sjæmpions liig" og Young Boys. Her kjem ei lita førjulsgåve som nok vil framkalle varme kjensler både blant trøndarar og sveitsiske unge menn.