VILLARREAL vs MANCHESTER UNITED
Champions League
Tirsdag 23.11.2021 kl. 18.45.
Estadio de la Cerámica
Innbyrdes oppgjer:
Manchester United: 1
Uavgjort: 5 (inkl. tapet i europaligafinalen)
Villarreal: 0
Skader United
Paul Pogba: lårskade. Tilbake om 8-10 veker.
Raphäel Varane: tilbake tidleg i desember
Edinson Cavani: usikker
Luke Shaw: ny hovudsmell mot Watford. Usikker.
Tabell, Gruppe F
1. Manchester United: 7 p. (+1 mål)
2. Villarreal: 7 p. (+4)
3. Atalanta: 5 p. (0)
4. Young Boys: 3 p. (-5)
Champions League
Tirsdag 23.11.2021 kl. 18.45.
Estadio de la Cerámica
Innbyrdes oppgjer:
Manchester United: 1
Uavgjort: 5 (inkl. tapet i europaligafinalen)
Villarreal: 0
Skader United
Paul Pogba: lårskade. Tilbake om 8-10 veker.
Raphäel Varane: tilbake tidleg i desember
Edinson Cavani: usikker
Luke Shaw: ny hovudsmell mot Watford. Usikker.
Tabell, Gruppe F
1. Manchester United: 7 p. (+1 mål)
2. Villarreal: 7 p. (+4)
3. Atalanta: 5 p. (0)
4. Young Boys: 3 p. (-5)
Frå Waterloo til Trafalgar - eller frå Watford til Villarreal?
Då var ein liten epoke over og det kjennest ut som om vi igjen står på bar bakke. Vår kjære norske general måtte strekke våpen og vart avskjediga i ære. Det finst nok ein del folk som ville ha sendt deg til Elba eller St. Helena, men dei fleste av oss unner deg ei frihelg eller to på vakre Grip utanfor Kristiansund. Tusen takk for innsatsen, Ole og lukke til med framtida!
Manchester United Football Club må uansett kjempe vidare, no med ein ny hærførar. Troppane er demoraliserte og kampviljen har vore ussel i det siste. Etter slaget utanfor Trafalgar 21. oktober 1805, har engelske lag generelt, og Manchester United spesielt, hatt problem med spansk motstand på iberisk jord. Fram til kvartfinalen i europaligaen mot Granada i april i år, hadde United berre vunne fire(!) av 27 oppgjer i Spania. Få vil hevde at den ustabile Manchester United-skuta, som i øyeblikket tar inn store mengder vatn, er favorittar før tirsdagens møte med Unai Emery sin gule ubåt, men vi får håpe at alle mann spring til pumpene.
Kampen på Estadio de la Cerámica (vi kjenner den alle som El Madrigal) vert truleg heilt avgjerande for kven som avanserer til cupspelet i Champions League. Med uavgjort er United i ein strålande posisjon før møtet med Young Boys, og uavgjort er det klart mest vanlege resultatet mellom tirsdagens motstandarar. Villarreal under Unai Emery er kjende for si defensive organisering og livsfarlege kontringar (namnet 'Danjuma' blir nok sjeldan nemnt i den dalotske heimen). Pau Torres og Raúl Albiol er blant dei beste stopparpara i Europa og den sentrale midtbana jobbar alltid sokkane av seg. Toppscorar Gerard Moreno, som også gjekk glipp av United sin fantastiske snuoperasjon på Old Trafford, er ute med skade. Ligaforma til Villarreal er stigande, men dei ligg berre på ein beskjeden 12. plass i serien etter mange uavgjorte kampar så langt.
Litt om Villarreal
Skrivelysta er ikkje på topp, men vi får for skams skuld få ned nokre ord om tirsdagens vertsby og klubb.
Villarreal (katalansk: Vila-real) er ein relativt anonym liten by med ca. 50 000 innbyggarar like sør for Castellón de la Plana i regionen Valencia. Byen er kjent for tre ting: keramiske fliser, Francisco Tárrega og fotballaget Villarreal CF. For dei av oss som er over middels interessert i Spania og klassisk gitar, er Tárrega blant dei heilt store komponistane. Å meistre "Recuerdos de la Alhambra" eller "Capricho Árabe" på gitar er minst like vanskeleg som å senke "den gule ubåten" i fotball.
El submarino amarillo som klubb blei grunnlagt i 1923, men kom først til overflata i La Primera División i 1998. Blant tidlegare toppspelarar kan vi nemne Diego Godín, Juan Riquelme, Santi Cazorla, Joan Capdevila og den glimrande midtbanemannen Marcos Senna. På topp 3-lista over toppscorarar i klubbens historie kan ein, i tillegg til nemnde Gerard Moreno, også finne to ex-Unitedspelarar: Diego Forlán og Guiseppe Rossi. Eric Bailly har også ei fortid i klubben.
Men no får det vere nok fortid. Framtida begynner allereie på tysdag og vi får håpe at Carrick & co tar ein "Nelson" og knuser den gule ubåtarmadaen til Unai Emery.