ATALANTA vs MANCHESTER UNITED
Champions League
Tirsdag 02.11.2021 kl. 21.00
Gewiss stadion, Bergamo, Italia
Innbyrdes oppgjer
Manchester United: 1
Uavgjort: 0
Atalanta: 0
Skader United
Suspensjoner United
Champions League, gruppe F
1. Manchester United: 6 p
2. Atalanta: 4p
3. Villareal: 4p
4. Young Boys: 3p
Champions League
Tirsdag 02.11.2021 kl. 21.00
Gewiss stadion, Bergamo, Italia
Innbyrdes oppgjer
Manchester United: 1
Uavgjort: 0
Atalanta: 0
Skader United
Suspensjoner United
Champions League, gruppe F
1. Manchester United: 6 p
2. Atalanta: 4p
3. Villareal: 4p
4. Young Boys: 3p
Eit blaff eller begynnelsen på ein snuoperasjon?
Vi har akkurat vore vitne til ein sterk 3-0 seier mot Tottenham på bortebane. "Det var berre Tottenham", vil mange seie. Likevel har den verste kritikken mot laget stilna og Solskjær har fått litt pusterom før svært viktige oppgjer i ligaen og i Champions League. Vil han halde fram med tre stopparar eller vil han gå tilbake til det velkjende firemannsforsvaret? Var resultatet mot Spurs berre eit blaff eller er det begynnelsen på ein god periode for Manchester United? Heldigvis er vi ferdige med oktober, som tradisjonelt har vore ein tung månad for Solskjær & co. Sannsynlegvis vil seier i éin av dei resterande bortekampane i gruppa føre til at United kvalifiserer seg for cupspelet i Champions League.
Atalanta
Først ute er altså Atalanta, som vi slo på dramatisk vis i snuoperasjonen på Old Trafford for knappe to veker sidan. Å seie at vi hadde kontroll i den kampen ville vere ei aldri så lita løgn, men det er ikkje ulovleg å ha litt flyt (og ein Champions League-spesialist på laget).
Sidan sist har Atalanta spela tre kampar i Serie A. I kampen mot Udinese kasta dei bort tre poeng fire minutt på overtid, men borte mot Sampdoria og Morten Thorsby vann dei til slutt komfortabelt 3-1. Søndag ettermiddag redda dei eitt poeng heime mot Lazio langt inne i overtida. Desse tre kampane illustrerer på mange måtar sesongen til laget frå Bergamo til no. Laget er meir ustabilt enn i dei tre siste sesongane, sjølv om det berre er tre poeng opp til tredjeplassen.
Ein av hovudgrunnane til den variable forma har vore alle skadene til Nerazzurri, særleg i forsvaret. Både Gosens, Hateboer, Djimsiti og Tolói er fortsatt ute, i tillegg til EM-stjerna Matteo Pessina. Tyrkiske Merih Demiral, som både scora og måtte gå ut på Old Trafford, er tilbake. Han hadde forøvrig den målgivande pasningen til 2-2-målet mot Lazio.
Bergamo - Perle, pandemi og pøbelskap
Den vesle byen Bergamo ligg nokre steinkast frå metropolen Milano, iallefall om du kastar grådig langt. Byen er ei relativt skjult perle i regionen Lombardia og er plassert på ulike høgder. Arkitekturen er storslått og i det fjerne kan ein sjå Alpane. Dessutan er Bergamo kjent for å vere Europas ostehovudstad.
Det siste halvanna året har derimot byen og regionen vorte kjent for noko langt mindre hyggeleg. Lombardia (og Bergamo spesielt) var episenteret for den første covid-bølga i Italia. Dødstala i byen var skyhøge og all sosial aktivitet vart sett under kraftige restriksjonar. Regionen Lombardia har begynt å komme til hektene igjen, men turistlivet, økonomien og samfunnet elles fekk seg ein kraftig knekk som følge av pandemien.
Fotballaget Atalanta Bergamasca Calcio er eit relativt lite lag i italiensk målestokk. Likevel vert dei rekna som det viktigaste regionale laget i støvellandet, dvs. det største laget som ikkje kjem frå ein provinshovudstad. Folk i Bergamo er svært patriotiske og støttar lojalt og høglydt opp om laget sitt. Det vert sagt at dei ikkje har nokre spesielle rivalar og fiendar, men at dei hatar alle andre. På italiensk er det nesten poetisk: "Ci stanno sul cazzo tutti". Kanskje er Mourinho sitt Roma den største fienden til Atalanta, både pga Roma-fansen sine ulike voldsturnéar på 80-talet, i tillegg til at tre Atalanta-fans blei knivstukke i 2006 av Giallorossi-hooligans.
Stadion til Atalanta, Stadio Atleti Azzurri d'Italia, eller Gewiss stadion (av sponsorgrunnar), tar knappe 25000 tilskodarar, men er kjent for å vere høglydt og fiendtleg. Som alle andre italienske klubbar, har også Atalanta sine ultras, som samlar seg i Curva Nord og Curva Sud. Fansen har tradisjonelt vore plassert langt til venstre på den politiske skalaen, men den politiske ideologien har etterkvart vorte både utvatna og utviska. Dei siste åra har Atalanta-ultras fått eit negativt rykte for å huse ein del rasistiske element etter at fleire stygge tilrop og banner har blitt observert på tribunene.
Som alltid får vi håpe at det er fotballen som kjem i fokus og at United kan ta opp tråden etter borteseieren i Nord-London.