Search found 2538 matches

by Pancho P
13 Mar 2022, 14:57
Forum: Klubbtråder
Topic: Ipswich Town
Replies: 52
Views: 7995

Re: Ipswich Town

Norwich har ikkje eigen klubbtråd her, men denne Canaries-sangen har med traktorar å gjere:

'I can't read and I can't write but that don't really matter, cos I'm a Norwich City fan and I can drive a tractor. Oo ah, oo ah, oo to be a farmer'
by Pancho P
13 Mar 2022, 14:31
Forum: Kamptråder
Topic: [CL] Manchester United - Atlético de Madrid
Replies: 234
Views: 15635

Re: [CL] Manchester United - Atlético de Madrid

Takk for det, @Pink Final! Det er ofte sånn med kallenamn, ja. Har forresten høyrt at "Tractor Boys" opprinneleg vart brukt av Ipswich-fansen for å gjere narr av dei meir "bondske" Norwich-supportarane. Om dette stemmer skal eg ikkje seie med 100% sikkerheit.
by Pancho P
13 Mar 2022, 14:01
Forum: Kamptråder
Topic: [CL] Manchester United - Atlético de Madrid
Replies: 234
Views: 15635

[CL] Manchester United - Atlético de Madrid

MANCHESTER UNITED vs ATLÉTICO DE MADRID Champions League, 8-delsfinale Tysdag 15.03.2022 kl. 21.00 Old Trafford Innbyrdes: Manchester United: 0 Uavgjort: 2 Atlético de Madrid: 1 Skader Manchester United Luke Shaw: korona (usikker) Bruno Fernandes: korona (kan nå kampen) Scott Mc Tominay: leggskade ...
by Pancho P
12 Mar 2022, 21:03
Forum: Internasjonal fotball
Topic: Norsk klubbfotball
Replies: 1719
Views: 106422

Re: Norsk klubbfotball

Trur i grunnen det er best for alle partar at Brann er ute av cupen. No må det brukast tid på treningsfeltet slik at ein har ein realistisk sjanse til å unngå eit nytt nedrykk.
by Pancho P
12 Mar 2022, 20:12
Forum: Kamptråder
Topic: [PL] Manchester United-Tottenham (12-03-22)
Replies: 147
Views: 12323

Re: [PL] Manchester United-Tottenham (12-03-22)

Fytti grisen! Class is permanent, som dei gamle seier.
by Pancho P
12 Mar 2022, 19:51
Forum: Kamptråder
Topic: [PL] Manchester United-Tottenham (12-03-22)
Replies: 147
Views: 12323

Re: [PL] Manchester United-Tottenham (12-03-22)

Fred har rett og slett vore grisegod i dag.
by Pancho P
12 Mar 2022, 19:24
Forum: Kamptråder
Topic: [PL] Manchester United-Tottenham (12-03-22)
Replies: 147
Views: 12323

Re: [PL] Manchester United-Tottenham (12-03-22)

Dette ville Gunnar Grimstad ha kalla Hawaii-håndball, ja. Rart at eit Conte-lag er like ustrukturert. Kanskje kan Tom Brady komme innpå i pausen. Han er visst best med hendene, men Jon Moss er ikkje så nøye på det.
by Pancho P
12 Mar 2022, 19:13
Forum: Kamptråder
Topic: [PL] Manchester United-Tottenham (12-03-22)
Replies: 147
Views: 12323

Re: [PL] Manchester United-Tottenham (12-03-22)

Null kontroll, men underhaldande er det.
by Pancho P
12 Mar 2022, 18:43
Forum: Kamptråder
Topic: [PL] Manchester United-Tottenham (12-03-22)
Replies: 147
Views: 12323

Re: [PL] Manchester United-Tottenham (12-03-22)

Den var ferdigscora😉
by Pancho P
12 Mar 2022, 18:26
Forum: Internasjonal fotball
Topic: Norsk klubbfotball
Replies: 1719
Views: 106422

Re: Norsk klubbfotball

Etter eit tappert forsøk mot storfavoritten KFUM Oslo, rauk Brann ut av cupen i ettermiddag. Bergensarane heldt lenge stand mot storklubben frå hovudstaden, men til slutt blei heimelaget sin kvalitet for stor for amatørane frå Kniksens plass. Uansett har årets cupinnsats vore over all forventning fo...
by Pancho P
12 Mar 2022, 18:05
Forum: Engelsk fotball
Topic: Premier League 21/22
Replies: 812
Views: 77213

Re: Premier League 21/22

Eriksen kan fort bli forskjellen på mid-table og nedrykk. Endeleg har også Ivan Toney fått servitøren han treng.
by Pancho P
12 Mar 2022, 00:22
Forum: Generelt United
Topic: Manchester Uniteds neste manager
Replies: 840
Views: 71017

Re: Manchester Uniteds neste manager

Tony O'Neill har sine svin på skogen og eg har ikkje sansen for hooliganfortida hans. Synest 'The Men in Black' var tung, trøttande lesing med mykje skryt og vald. Likevel har eg sansen for folk som lærer av sine feil og blir 'gangs menneske'. Han er både stoverein og nesten 'folkeleg' no og bør abs...
by Pancho P
11 Mar 2022, 21:58
Forum: Generelt United
Topic: Manchester Uniteds neste manager
Replies: 840
Views: 71017

Re: Manchester Uniteds neste manager

@Mcilroy. Dei gamle gode dagane var dei beste 😁
by Pancho P
11 Mar 2022, 21:31
Forum: Generelt United
Topic: Manchester Uniteds neste manager
Replies: 840
Views: 71017

Re: Manchester Uniteds neste manager

Pink Final . Javisst kan det vere artig å sjå på dei og dei er ei fin motvekt til alle taktikk"ekspertane" med dei fancy tavlene og italienske posisjonsbetegnelsane sine. Men for meg er Webby og O'Neill berre lettbeint underhaldning og mimring om dei gamle gode dagane. Og ja. Goldbridge e...
by Pancho P
11 Mar 2022, 21:10
Forum: Generelt United
Topic: Manchester Uniteds neste manager
Replies: 840
Views: 71017

Re: Manchester Uniteds neste manager

Om Webby har ei kjelde med faktisk innsikt som går til han med slik informasjon, har klubben verkeleg eit gigantisk problem. Ikkje noko stygt om Webby og O'Neill. Dei er småunderhaldande og ingen tvilar vel på lojaliteten og kjærleiken deira til klubben. Likevel framstår dei som direkte kunnskapslau...