EIN UHØGTIDELEG HYLLEST TIL WILLY KAMBWALA
Mi akademioppsummering for desember 2022 på united.no fekk tittelen «Vi bør ikke gi opp denne spilleren ennå». På det tidspunktet hadde eg strengt tatt bortimot gitt opp sjølv, så tittelen var nærmast ein instruks til meg sjølv.
Eg hadde nemleg likt Willy Kambwala godt ei stund. Grunnlaget for det var ikkje stort, for han var skada stort sett heile tida. Dei gongene han kom tilbake, så viste han glimtkvis kva han hadde i seg, før det dukka opp ein ny skade. Sjølvsagt øydela det for utviklinga, og ein kunne sjå det på både tempo og teknikk at han han vart påverka av skadane, og utan dei lange periodane skadefri var det vanskeleg å seia kor mykje han faktisk hadde blitt påverka. Kva slags spelar han hadde vore no utan skadane, er ikkje godt å seia, men Kambwala har uansett imponert meg.
Ikkje berre har han vore på bana seks gonger for United sitt førstelag no – det er naturlegvis imponerande i seg sjølv (sjølv om skadekrisa denne sesongen er grunnen til at han først fekk sjansen), og det er allereie meir enn eg på som sannsynleg då eg skreiv artikkelen – men personen Willy Kambwala har imponert meg over tid, og det er det denne teksten eigentleg handlar om.
Du har kanskje lagt merke til korleis Kambwala dukkar opp glisande i bakgrunnen på mange jubelbilder, som ein litt meir beskjeden David May, og det smilet møter han folk med utanfor bana òg – og ikkje berre når det er store folkemengdar. Han har nemleg vore ein av akademispelarane som lenge har imponert meg med korleis han stiller opp. Han snakkar gjerne med supportarar, er høfleg, blid, gir av seg sjølv, og desse eigenskapane kjem endå meir til sin fulle rett no som A-lagskampane gjer at han er litt meir populær.
På mandag sist veke var eg på The Hawthorns for å sjå Kambwala & co vinna 3-0 borte mot West Bromwich, og etter kampen var det mange som var interesserte i å ta bilder med Kambwala, og han stilte opp for alle saman som var interesserte. Eg vart ståande igjen for å følgja med, sidan eg hadde god tid. På eit tidspunkt begynte han å løfta ein ung søskenflokk opp på ein murkant for å få eit best mogleg gruppebilde med dei, etter at han først hadde stilt opp for kvar og ein av dei, og han ga generelt så mykje av seg sjølv i all kommunikasjonen sin at eg er sikker på at dei kjem til å hugsa det lenge. Det var ikkje noko mekanisk og kaldt over det, slik det gjerne blir når stjerner skal stilla opp for fansen. Slik har eg òg sett han etter andre akademikampar tidlegare.
Under oppvarminga til kampar har eg òg merke til korleis han – utan å vera useriøs på nokon måte – er ein spelar som ser ut til å bidra til å skapa god stemning i gruppa. Han har òg imponert i intervjusituasjon, for intervjuet han gjorde med MUTV i februar var eit uvanleg flott spelarintervju, og han som intervjua Kambwala har snakka varmt i podkasten sin om franskmannen.
Eg veit ikkje kor god Kambwala kan bli, eller kor mange førstelagskampar det eigentleg blir på franskmannen til slutt (det vil framleis overraska meg om det blir veldig mange), men eg trur at det er bra for dynamikken å ha ein slik type i gruppa. Det vil aldri vera nok aleine, og det sportslege bør sjølvsagt stå i sentrum når hans vidare skjebne vert avgjort, men eg veit i alle fall at eg håpar at han kan bli i United nokre år til.
Det er mange fotballspelarar som av ulike grunnar er lite interesserte i å gi av seg sjølve, så då er det fint å sjå ein spelar som Willy Kambwala representera klubben på ein god måte.Statistics: Posted by Ryder — 25 Mar 2024, 21:47
]]>